DEBATT
Solfrid Furre.
Foto: Getty Images / Privat
Rett og plikt til å seie ifrå
Monica Jonsen og eg har same mål; Fornøgde og motiverte tilsette i FUS barnehagane.
- Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.
Derfor ser eg det som min rett og plikt å
melde frå til FUS når tillitsvalde og tilsette er uroa over at eit mogleg
tariffbyte kan få negative konsekvensar for deira lønns- og arbeidsvilkår. Det
tenkjer eg at Monica Johnsen og styret i FUS skal vere svært glade for. At tillitsvalde også seier ifrå viser at dei ynskjer medverknad
på slike store og viktige spørsmål, noko dei også etter hovudavtalen har rett til.
At Monica
Johnsen synes det er bra at NHOs barnehageovereinskomt ikkje inneheld
bestemmelse om pensjon, sjukelønn, feriepengar og arbeidstid er jo sjølve kjernen i bekymringa
til dei tilsette. Dette betyr at dersom våre krav om å behalde dei gode
ordningane vi har i FUS avtalen i dag ikkje godtas, har vi heller ikkje
streikerett for å få dei på plass når ordningane vert flytta til ulike lokale
særavtalar. Dette gjeld sjølv om den lokale særavtalen er på konsernnivå. At
det bekymrar dei tilsette, meiner eg Johnsen bør ha stor respekt for.
Sjølvsagt
står FUS fritt til å organisere seg i den arbeidsgjevarforeininga styret
ynskjer. Det er heldigvis organisasjonsfridom i dette landet, men kvifor FUS no
vurderer å byte tariffavtale tenkjer eg at det er Monica Johnsen og FUS som må forklare,
ikkje eg, slik eg vert oppmoda om i tilsvaret til Johnsen.
Vi har meldt vår uro, både eg som kontaktperson
barnehagar i Utdanningsforbundet Vestland og tillitsvalde i FUS. - Uro for om
tilsette kan få svekka lønns- og arbeidsvilkår, uro for å miste streikerett og
ikkje minst uro for kva dette vil gjere med å rekruttere og behalde tilsette
med den naudsynte kompetansen som trengs for å drive gode barnehagar.
Kva FUS vil
gjere med vår ytring og bekymring er heilt opp til styret i FUS den 30. april. Det vil dog vere dumt om ein i ettertid vil
tenke; «kvifor lytta vi ikkje til dei tillitsvalde».