DEBATT

Solfrid Furre i Utdanningsforbundet svarar FUS.

Svar til FUS

Eg vil oppmode styret i FUS, som er dei som skal ta avgjerda 30. april, om å lytte til dei tillitsvalde i denne saka.

Publisert Sist oppdatert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

Den 17. april hadde tillitsvalde frå FUS barnehagar i Vestland på trykk eit ope brev til styret i FUS som NK i FUS AS, Monica Johnsen, svara på same dag.

Heldigvis er FUS einige med tillitsvalde i at dei tilsette og deira kompetanse er den viktigaste ressursen for å drive kvalitativt gode barnehagar. Samde er ein også om viktigheita av gode lønns- og arbeidsvilkår, som dei tillitsvalde no fryktar at er i spel.

Det er godt å lese at heller ikkje FUS ynskjer individuelle lønnsforhandlingar eller lokale forhandlingar i den enkelte barnehage. Johnsen skriv at FUS ynskjer vidareføring av forhandlingar på same nivå som i dag, som altså er sentralt nivå. FUS ser at lokale forhandlingar i kvar barnehage vil krevje for mykje ressursar som igjen går utover barna. Det er bra. Monica Johnsen kan vere trygg på at den beskjeden også er sendt oppover systemet i Utdanningsforbundet frå tillitsvalde. Det gjeld alle element som det tidlegare har vore sentrale forhandlingar på i FUS avtalen.

Er uroen over?

Er så uroen over for tillitsvalde sin del? Nei, det er den ikkje. På trykk i Utdanningsnytt 17.4 svarar nemleg NHO Geneo stikk i strid med det som FUS sjølv ytrar ynskje om:

– I NHO har vi lang tradisjon for å først forhandle sentralt på vegne av bedriftene. Der blir vi enige med fagforeningene om hva som blir rammen for de lokale forhandlingene. Når partene er blitt enige om rammen, skal hver enkelt virksomhet forhandle lokalt. Denne modellen blir også gjeldende for FUS hvis de blir medlemmer, slik det også er for majoriteten av bedrifter som er en del av et organisert arbeidsliv.

NHO Geneo uttalar at dersom FUS inngår deira tariffmodell så vil det vere lokale forhandlingar som gjeld. Det er berre ramma for forhandlingane som vert forhandla sentralt. Dette gjeld sjølv om det lokale nivået er flytta til konsernnivå. NHO sitt tariffsystem er rigga slik at desse lokale forhandlingane, enten dei er lokalt i den enkelte barnehage eller på konsernnivå, vil gå føre seg utan moglegheit for streikerett ved usemje. Det er sjølvsagt ikkje i arbeidstakarane si interesse.

I tillegg er det også vesentlege forskjellar mellom dagens FUS-avtale og NHO Geneo Barnehageavtalen når det gjeld pensjonsordning, sjukelønn, feriepengar og arbeidstid som dei tillitsvalde også peika på i sitt brev til styret i FUS. Vi er uroa for at tariffpolitikken i NHO-systemet kan vere til hinder for å regulere slike arbeidsvilkår i den sentrale tariffavtalen

Lytt til dei tillitsvalde

Som kontaktperson barnehage i Utdanningsforbundet Vestland vil eg oppmode styret i FUS, som er dei som skal ta avgjerda 30. april, om å lytte til dei tillitsvalde i denne saka. Det ser ikkje ut til at FUS og NHO Geneo har same ambisjonar for innhaldet i ein tariffavtale, så her kan FUS sette seg sjølv i ein situasjon som i utgangspunktet ikkje er ynskjeleg.

Powered by Labrador CMS