DEBATT
Illustrasjonsfoto: Getty Images
Ope brev til styret i FUS barnehagane ved styreleiar Eystein Sævareid Aase
I starten av mars fekk tilsette i FUS-barnehagane melding frå eigar om at styret vurderer eit tariffbytte frå tariffområde FUS til NHO Geneo Barnehageavtale (overeinskomst 590 for barnehagar). Styret i FUS skal gjere sitt vedtak i slutten av april.
- Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.
Utdanningsforbundet, der vi er tillitsvalde, er per i dag ikkje part i denne Barnehageavtalen – og det er det gode grunnar til. Barnehageavtalen i NHO Geneo held ein heilt annan standard enn den bransjestandard vi kjenner i sektoren i dag. Barnehagar med NHO Geneo har gjennomgåande innskotspensjon, medan bransjestandarden i den private delen av barnehagesektoren er livsvarig hybridpensjon med barnepensjon og uførepensjon som sentrale kollektive ordningar. Dette er ordningar vi ikkje vil risikere å miste. I FUS-avtalen er det sentrale forhandlingar som gjeld, det er balanse i maktforholdet, og ein har verkemiddel tilgjengeleg ved usemje. Dette er vi som tillitsvalde svært nøgde med.
Frå sentrale forhandlingar til lokale avtalar
I NHO Geneo Barnehageavtale er pensjon og andre viktige ordningar overlate til partane i den enkelte verksemda. Pensjonsordningar er komplekse produkt som krev høg spesialistkompetanse. Sentrale forhandlarar har tilgang til aktuarar, juristar og økonomar – noko lokale tillitsvalde manglar. Ein dårleg lokal avtale kan få alvorlege konsekvensar for dei tilsette sin økonomi i tiåra framover, og feilen vert oppdaga først når det er for seint.
Maktforholdet lokalt vil dessutan vere i arbeidsgjevar sin favør, med større styringsrett og svakare verkemiddel ved usemje enn ved tariffesta ordningar. FUS-barnehagane er rett og slett ikkje rigga for eit så stort lokalt forhandlingsansvar, verken på arbeidsgjevar- eller arbeidstakarsida.
Har FUS råd til å byte tariffavtale?
Pensjon er ikkje det einaste som står på spel. Andre ordningar som vil endre seg er sjukelønn og foreldrepengar, feriepengar, ansiennitetsberekning, lønn for vidareutdanning og sentrale versus lokale lønnsforhandlingar.
Nasjonalt manglar vi i dag 2 600 barnehagelærarar. Skal barnehagane tiltrekkje seg naudsynt kompetanse, må dei vere konkurransedyktige på lønn og arbeidsvilkår. Eit tariffbytte som svekker desse vilkåra vil truleg føre til ein enno større kompetanseflukt enn det vi allereie har sett. Det er korkje FUS som arbeidsgjevar eller barna tent med.
Oppmoding til styret i FUS
Når de i FUS-styret skal avgjere dette i slutten av april, hugs at den viktigaste ressursen for å drive barnehage er nøgde tilsette og deira kompetanse. Utan barnehagelæraren, med sin lovpålagde kompetanse, driv vi ikkje barnehagar. Tariffavtalen FUS har i dag har tent begge partar godt og følgjer bransjestandarden. La den også gjere det i morgondagens FUS-barnehage.
Med ynskje om å følgje dagens bransjestandard i sektoren, gjennom FUS sin eigen tariffavtale.
Tillitsvalde i FUS barnehage:
Linn Hege Salbu,
Gjermundshaugen FUS barnehage
Laila Haugland Melheim,
Rosendal FUS barnehage
Rita Yasmin Moen,
Skorvane FUS barnehage
Randi Dalen Halvorsen,
Sandven FUS barnehage
Vilde Maria Sørås,
Hjellemarka FUS barnehage
Ann Kristin Terøy,
Sørstrand maritime FUS barnehage
Anette Løklingholm,
Olderdalen FUS barnehage
Astrid Ana Vatle Felix Arenas,
Storebø FUS barnehage
Ingvild Tvedt,
Kåreviksmarka FUS barnehage
Kristin Amundsen,
Sauafjellet FUS barnehage
Tonje Wallem Sivertsen,
Håkonshella FUS barnehage
Inger Marie Hausberg,
Sjøliv FUS barnehage
Jeanette Marcussen,
Lykketrollet FUS barnehage