DEBATT

Som profesjonsutøvar skal ein vere lojal mot samfunnsmandatet men den største lojaliteten skal vere til barna, skriv Evelyn Eggum.

Kvalitet i barnehagen kostar

Dersom effektivitet er den rådande diskursen, vil me til slutt sjå barnet som eit objekt og ikkje eit autonomt individ. Då vil me oppleve ein regresjon innan den nordiske barnehagetradisjonen, skriv barnehagelærer og masterstudent Evelyn Eggum.

Publisert Sist oppdatert

Eit kompetanseløft blant tilsette skal betre kvaliteten i barnehagen, men politikarane har sove i spørjetimen dersom dei meiner det er alt som skal til. Dei må og løyva midlar til å betra andre rammevilkår, der kompetansen skal utøvast.

Kvifor treng barnehagen eit kompetanseløft?

Barnehagen som samfunnsarena er blitt eit stadig større politisk interessefelt. Både utifrå samfunnsøkonomiske perspektiv og kva barnehagen skal tilby av læringsutbytte. I dette ligg noko av bakgrunnen til behovet for eit kompetanseløft. Kompetanseløftet skal sikre at kunnskapen om barns utvikling er i tråd med samfunnsutviklinga, blant anna ved å tilby tilsette etterutdanning og kurs. Dette vil bidra til auka kvalitet i barnehagen.

Det er utfordrande å definere kva kvalitet i barnehagen er då omgrepet er til dels subjektivt, men det er fleire rammevilkår enn kun kompetanse som pregar kvalitetsbiletet av barnehagen. Kvalitet må byggjast rundt fleire faktorar som pedagogisk tettleik, nok bemanning, funksjonelle areal og rett kompetanse. Me bør og ha som mål om å jamne ut skilnadar i norske barnehagar, men det skal ikkje gå på kompromiss av kurs og etterutdanning for dei tilsette.  

Kompetanseløftet er berre eitt av rammevilkåra knytt opp mot kvalitet

Eit arbeidsmiljø utan eit stabilt team og gode rammevilkår er utfordrande sjølv for den mest kunnskapsrike og motiverte barnehagelæraren. Realiteten for mange barnehagar er ein garderobe som er bygd for tjue barn, men som må romme det dobbelte. Eit bygg som har store utfordringar med støy som igjen påverkar læringsmiljøet og helse. Å ha mange barn og få faste tilsette fører ofte til eit auka sjukefråvær og igjen, bruk av for mange ufaglærte vikarar. Kan det ha noko med rammevilkåra å gjere? Ja. Resultatet blir eit stort arbeidspress på dei som er igjen og eit dårleg læringsmiljø for barna.

Forsking visar at bemanning heng nært saman med små barns positive og negative temperamentsutvikling (Sommer, 2015a). Dette har igjen konsekvensar for barns vidare utvikling. Sjølvsagt er dårleg bemanning negativt for kompetanseutøving og kvalitet.

Det er derimot ikkje sagt at ingen barnehagar fungerer godt.

Nokre fungerer mens andre ikkje gjer det og ofte er det betinga av økonomi og politikk. Meir kvalitetsoppfølging er vesentleg for å sikre at arbeidet blir tilfredstillande utført i tråd med lovverket. Kven som får oppfølging og i kor stor grad variera frå kommune til kommune. Det er stor skilnad på barnehagar og kva dei tilbyr. I lang tid har det vore fokus på å auke kapasiteten på barnehageplassar. Det var naudsynt og viktig, men no er tida for å sjå kva tilbod me faktisk gir barna.

Kan kvantitet ha gått på kostnad av kvalitet? Det kan nok hende, det er utfordrande å heve begge tilboda samstundes. Men kvart barn i Noreg fortenar og har krav på ein barnehage som har det same gode tilbodet. Ved å auke pedagogisk tettleik, vedta bemanningsnorm og skape funksjonelle areal samstundes som ein aukar kompetansen til tilsette, vil ein betre kunne jobbe utifrå rammeplanens føringar.  

Er det samsvar mellom krav og vilkår for barnehagelærarens arbeid?

Eg er samd med Sommer (2015b) om at framtida er usikker, men denne usikkerheita må være med oss som drivkraft i arbeidet med barna, samstundes som barnehagen arbeidar utifrå tydelege pedagogiske retningslinjer som samspelar med barnehagelova, rammeplan og øvrige styringsdokument. Men eg er kritisk til om det alltid er samsvar mellom krava i rammeplanen og vilkår barnehagen har å jobbe utifrå.

Barn som veks opp i dag møter stadig nye utfordringar i eit samfunn som er i kontinuerleg endring, og barnehagen skal reflektere dette. Dette krev bevisstheit rundt kva slags arbeid som blir gjort i barnehagen. Her har barnehagelæraren samt styrar eit ansvar for å få denne informasjonen ut slik at nødvendige forbetringar kan komme på plass. For å få innflytelse må ein engasjere seg i debatten om barnehageutviklinga og korleis retning den tek. Det er me som veit kor skoen trykker og det er me som skal heve kvaliteten, saman med utøvande myndigheit.

Dette innebera at me må løfta blikket og i større grad ta innover oss det som skjer utanfor porten i barnehagen. Rollene i barnehagane har ikkje endra seg i takt med nye oppgåver og utfordringar. Me treng at pedagogar byggjer vidare på utdanninga si for å møte dei nye behova som samfunnet har gitt den moderne barnehagen. Dette må me gjere for å få større fokus på det pedagogiske innhaldet. Det må ikkje vere verdiar som økonomi og effektivitet som formar framtidas barnehage.

Dersom effektivitet er den rådande diskursen, vil me til slutt sjå barnet som eit objekt og ikkje eit autonomt individ. Då vil me oppleve ein regresjon innan den nordiske barnehagetradisjonen. Sentralt for denne tradisjonen er at barndommens eigenverdi blir anerkjent (Fredriksen, 2013).

Barndommens eigenverdi skal me ta med oss sjølv om den nye rammeplanen stiller større krav til barnehagen. Me skal gi eit tilbod som fyljer samfunnsutviklinga og mellom anna fremje demokrati, mangfald og gjensidig respekt, likestilling, berekraftig utvikling, livsmeistring og helse. Samfunnsmandatet til barnehagen er, i samarbeid og forståing med heimen, å vareta barna sitt behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for ei allsidig utvikling, der leik, omsorg, læring og danning skal sjåast i samanheng (Kunnskapsdepartementet, 2017). Dette er eit stort arbeid som heilt klart krev pedagogisk tettleik, nok bemanning, funksjonelle areal og rett kompetanse.

Alle rammevilkår som pregar barnehagekvaliteten lyt hevast

Kompetanseløftet er eit felles løft for alle tilsette i barnehagen, frå assistenten, fagarbeidar til pedagogen. Det er pedagogisk leiar som leiar avdelinga og har ansvaret for det pedagogiske innhaldet, men pedagogen kan ikkje vere tilstade over alt heile tida. Difor har alle tilsette eit grunnleggande ansvar for at kvaliteten på arbeidet som blir gjort er i tråd med mandatet.

Særs viktig for at ein får ei forståing for faget og arbeidet er eit godt felles pedagogisk grunnsyn. Nettopp dette kan kompetanseløftet gi. Men barnehagelivet er komplekst. Det er mange behov som skal møtast og ein kan komme i situasjonar der krysspress oppstår. Det er ikkje alltid att pedagogikken og politikken er einige om vegen til framtidas barnehage. Eg trur og håpar me har same mål, ein barnehage som har dei beste utvikling- og læringsvilkåra for barn.

Som profesjonsutøvar skal ein vere lojal mot samfunnsmandatet men den største lojaliteten skal vere til barna. Det er avgjerande å kvalitetssikre at alle barn blir sett og høyrt for den dei er, ha eit godt samarbeid med foreldre om barnas rolle i barnehagen og samstundes kunne arbeide systematisk utifrå rammeplanens innhald og intensjon.

Å skape trygge barn med gode relasjonar til andre, er ein av dei viktige grunnpilarane i eit livslangt utviklingsløp. Når dei tilsette i barnehagen praktiserer tydelege verdiar og felles haldningar, har ein danna fundamentet for eit godt psykososialt læringsmiljø. Dette arbeidet krev gode rammevilkår, og samstundes kompetente barnehagelærarar og øvrige tilsette. Å løfte kunnskapen er viktig men for å auke kvaliteten i barnehagen lyt me løfte fleire vilkår.

Tida i barnehagen er det fyrste og viktigaste leddet i barnas utdanningsløp. Det er langt meir på spel her enn misfornøgde barnehagetilsette. Ser politikarane samanhengen og er dei villige til å bevilga dei midlane som trengst?

  • Kronikkforfattar Evelyn Eggum var ferdigutdanna førskulelærar i 2011 og har sidan jobba som pedagogisk leiar i barnehage. No tek ho ein master i barnehagekunnskap ved HVL (Høgskulen på Vestlandet) i Bergen. 

Bibliografi

Fredriksen , B. C.   (2013). Begripe med kroppen. Barns erfaringer som grunnag for all læring.   Oslo: Universitetsforlaget.

Kunnskapsdepartementet. (2017). Rammeplan   for barnehagens innhold og oppgaver. Oslo: Kunnskapsdepartementet.

Sommer, D. (2015a). Tidlig skole   eller lekende læring? Evidensen for langtidsholdbar læring og utvikling i   barnehagen. I J. Klitmøller, & D. Sommer (Red.), Læring, dannelse og   utvikling. Kvalifisering for fremtiden i barnehage og skole (J. Seim,   Overs., ss. 65-85). Oslo: Pedagogisk Forum.

Sommer, D. (2015b). Læring og   grunnsyn i et samfunn. pedagogisk profesjonalisering for fremtiden. I J.   Klitmøller, & D. Sommer (Red.), Læring, dannelse og utvikling.   Kvalifisering for fremtiden i barnehagen og skole (J. Seim, Overs., ss.   203-224). Oslo: Pedagogisk forum.

Powered by Labrador CMS