Fra venstre: Anne Grethe Sønsthagen ved HVL, Nina Steindal i Storevatn barnehage og Hilde Aardal ved Torvmyrane skule og barnehage.Foto: Privat
Samskaping og utforsking i personalgruppa ved bruk av verkstadsmetodologi
Korleis kan ein få personalet til å tenke nye tankar om eigne arbeidsoppgåver i uteleiken? Dette var utgangspunktet for ein felles verkstad for to barnehagar i Kinn kommune.
Anne Grethe SønsthagenAnne GretheSønsthagenAnne Grethe Sønsthagenførsteamanuensis ved Høgskulen på VestLandet
Nina SteindalNinaSteindalNina Steindalstyrar i Storevatn barnehage
Hilde AardalHildeAardalHilde Aardalavdelingsleiar ved Torvmyrane skule og barnehage
PublisertSist oppdatert
Annonse
Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.
Torvmyrane
og Storevatn barnehage i Kinn kommune har delteke i prosjektet EX-PED-LAB (Exploration and Pedagogical
Innovation Laboratory) leia av BARNkunne ved Høgskulen på Vestlandet. Som ei
avslutning på prosjektet arrangerte vi eit felles verkstad der formålet var at
personalet skulle sjå på sin eigen praksis med nye briller og tenke nye tankar
om eigne arbeidsoppgåver i uteleiken.
I denne teksten presenterer vi frå denne
verkstaden, etter at vi har gitt ei kort innføring i omgrepa
verkstadsmetodologi, samskaping og utforsking.
EX-PED-LAB-prosjektet
og verkstadsmetodologi
EX-PED-LAB-prosjektet
har vore finansiert av Norges forskningsråd. Prosjektet har fokusert på berekraftig
innovasjon og samarbeid mellom forskarar, barnehageeigarar, barnehagelærarar,
designarar og kunstnarar (Ødegaard et al., 2025).
Åtte barnehagar i Vestland fylke har delteke i prosjektet og arbeida med eigne
utviklingsarbeid knytt til tematikkane (1) Familiesamarbeid og (2) Leike- og
læringsmiljø.
Torvmyrane
og Storevatn barnehager har arbeida med tematikken leike- og læringsmiljø.
Verkstadsmetodologi
er sentral i prosjektet og vert skildra som ein planlagd, leikande aktivitet
som skal bidra til å styrke samarbeidet mellom deltakarane. Det finst ulike typar
verkstadar, men eit felles mål er å starte kreative prosessar og skape konkrete
resultat med fokus på felles engasjement og prosess.
Samskaping
og utforsking
Samskaping
og utforsking er sentrale element i verkstadar (Ødegaard et al., 2025).
Samskaping inneber samarbeid mellom ulike aktørar for å utvikle og dele
kunnskap og erfaringar. Ei dialogisk tilnærming sikrar refleksjonar og
endringar i fellesskap. I samskapingsprosessar er deltakarane aktive, med fokus
på gjensidig nytte og konstruktiv utveksling av kunnskap og idear for å løyse
felles utfordringar.
Ei
utforskande tilnærming til verkstadar er nødvendig. Felles utforsking er ei
profesjonell arbeidsform med fleire kjenneteikn (Ødegaard
et al., 2023). Utforsking handlar om å finne balansen mellom å støtte
deltakarane sine initiativ og å utfordre deira forståingar når det er passande.
Dette vekselsamspelet fremjar deltakarinitiativ og bidreg til auka forståing,
noko som kan bidra til ein kultur for pedagogisk utforsking.
Annonse
Barnehagane
Torvmyrane
og Storevatn er fem-avdelings barnehagar i Florø, omgjevne av eit rikt
naturområde, noko som inspirerte deira deltaking i prosjektet. Begge er
organisert med to småbarnsavdelingar, to mellom-avdelingar og ei friluftsgruppe
for dei eldste. Torvmyrane barnehage er i tillegg del av eit oppvekstsenter. Som
ei avslutning på deltakinga i prosjektet, hadde barnehagane ein felles
planleggingsdag for å dele erfaringar og reflektere over vegen vidare.
Utforsking
av arbeidsoppgåver i uteleiken på tvers av barnehagar
Vi
gjennomførte personalverkstaden på eit nøytralt, eksternt område utanfor
barnehagane og organiserte grupper med barnehagelærarar, fagarbeidarar og
assistentar i blanding på tvers. Vi la vekt på at personalet skulle kjenne på
tryggleik i gruppa – samtidig som dei vart ekstra skjerpa ved å vere blanda. Som
ei hjelp til planlegginga av verkstaden, sende vi ut ei spørjeundersøking
(Tabell 1) for å få oversikt over kva personalet tenkte kring eigne
arbeidsoppgåver ute. Det var fleire overlappande svar på tvers av dei to
barnehagane.
Tabell 1 - Oppsummering av nokre av resultata frå spørjeundersøking.
Med
utgangspunkt i resultat frå spørjeundersøkinga, verkstadsmetodologien og styrar/avdelingsleiar
sine erfaringar, planlagde vi eit førebuingsarbeid for personalet og sjølve
personalverkstaden (Tabell 2). Alle tilsette fekk tilgang til ei innspelt
forelesing ved Anne Grethe Sønsthagen, og fekk i oppgåve å ta med observasjon
frå eigen barnehage til diskusjon i gruppa. Vi starta verkstaden med ei
leikande tilnærming gjennom eit rollespel med utgangspunkt i ulike roller
personalet tek på seg i uteleiken, for å setje stemninga og ufarleggjere
verkstaden for personalet.
Tabell 2 - Plan for personalverkstad.
Erfaringar
med verkstad som metode for erfaringsutveksling
Det
at personalverkstaden vart gjennomført utanfor dei to barnehagane såg vi ga
personalet gode rammevilkår for dagen og bidrog til at dei klarte å halde fokus
på aktivitetane i verkstaden. Dette vart uttrykt som positivt av fleire. På
slutten av verkstaden gjennomførte vi ei evaluering. Figur 1 illustrerer deltakarane
sine svar på dei tre første orda dei tenkte på eller assosierte med
personalverkstaden, medan tabell 3 illustrer ei oppsummering av svar på dei
andre spørsmåla.
Figur 1 - Oversikt over assosiasjonar knytt til personalverkstad.
Vi
ser at deltakarane sine assosiasjonar i all hovudsak er positive og at dei
uttrykker at verkstaden var både inspirerande og lærerik og at den ga høve for
mellom anna samarbeid, deling av kunnskap, erfaring og refleksjonar.
Tabell 3 - Oversikt over nokre av svara på evalueringa av personalverkstaden.
Oppsummert
opplevde deltakarane fleire positive aspekt ved verkstaden. Fleire sette pris
på at metoden opna for nye tankemåtar og gav inspirasjon frå ein anna
barnehage. Det var verdifullt å blande seg med kollegaer frå ulike miljø, noko
som igjen førte til konstruktive refleksjonar, nye perspektiv og
vidareutvikling av kunnskap. Oppgåvene vart uttrykt som nyttige og konkrete, då
desse knytte seg til kjerneverdiane i målsettinga til barnehagane.
Deltakarane trakk
også fram nokre mindre positive sider ved verkstaden. Mangel på tryggleik i
gruppa kunne gjere det vanskeleg, spesielt for dei som ikkje kjente nokon.
Nokre følte seg ikkje heilt ferdige med oppgåvene, og uttrykte behov for meir
tid til planlegging.
Til tross for desse utfordringane blei dagen oppsummert
som nyttig. Nokre vart overraska over kor krevjande det var å skrive ned sin
tause kunnskap, og sette pris på at det vart sett av tid til å arbeide med
kvalitetsutvikling i barnehagen. Det var også interessant å oppdage at to ulike
barnehagar hadde liknande utfordringar, samt å få innsikt i ulike, men gode
løysingar. Fleire meinte dagen var engasjerande og meir konkret og nyttig enn
forventa og det vart ytra eit ønske om fleire slike planleggingsdagar framover.
Som
leiarar av dagen opplevde vi at dei metodane for gruppearbeid og forarbeid vi
valde, stilte krav til deltakarane og utfordra dei til deltaking, utforsking og
samskaping. Det var ikkje høve til å melde seg ut verken for dei eller oss. Vi
opplevde at det var godt for personalet, og særleg fagarbeidarane, å få stadfesta
at deira innspel var viktige og gav grunnlag for diskusjonar rundt bordet. Ved
å alltid samlast i eiga personalgruppe, kan ein lett få tildelt ulike roller;
den som «alltid tek ordet», eller «alltid er stille». I blanda grupper er desse forventningane
viska ut, og ein får høve til å bidra på andre premissar – noko som vart
uttrykt som positivt av alle faggrupper. Det var også nyttig for mange å sjå at
vi alle er i same båt, med same utfordringar – og høyre kva grep andre gjer
på det ein sjølve kanskje ikkje har funne løysing på. Personalverkstaden vart
alt i alt ein inspirerande planleggingsdag.
Referansar
Torfing, J., Sørensen, E.,
& Røiseland, A. (2019). Transforming the Public Sector Into an Arena for
Co-Creation: Barriers, Drivers, Benefits, and Ways Forward. Administration & Society, 51(5),
795–825. https://doi.org/10.1177/0095399716680057
Ødegaard,
E. E., Oen, M., & Birkeland, J. (2023). Success of and Barriers to Workshop
Methodology: Experiences from Exploration and Pedagogical Innovation
Laboratories (EX-PED-LAB). I C. Wallerstedt, E. Brooks, E. Eriksen Ødegaard,
& N. Pramling (Red.), Methodology for
Research with Early Childhood Education and Care Professionals: Example Studies
and Theoretical Elaboration (s. 57–82). Springer International Publishing. https://doi.org/10.1007/978-3-031-14583-4_5