DEBATT

Barnehagemiljø uten mennesker. Bord med malersaker og en bamse i bakgrunnen. Foto: Getty Images

Når samvittigheita tek over for systemet

«Dersom vi berre tel timar utan å diskutere kva vi faktisk bruker kompetansen og arbeidstida vår til, risikerer vi å bomme på problemet», skriv innleggsforfattaren.

Publisert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

Debatten om framtidas barnehage kjem ofte til å handle om plantid og timar. Kor mykje tid treng pedagogen til planlegging, og kva oppgåver skal denne tida romme?

Det er ein viktig diskusjon. Men dersom vi berre tel timar utan å diskutere kva vi faktisk bruker kompetansen og arbeidstida vår til, risikerer vi å bomme på problemet.

Som barnehagelærar kjenner eg på ein kvardag der samvittigheita stadig må ta over der rammevilkåra slepp taket.

Kari Lønningen, pedagogisk leder.

Vi ser kva som må gjerast. Vi veit kva barna treng. Og når ingen andre tek ansvar, gjer vi det sjølve.

Nokon må måke eller strø framfor inngangsdøra. Nokon må rydde kjøleskapet, vaske smekker og klutar, tørke bord og stolar og halde orden på lager og utstyr. Nokon må sørgje for at det faktisk finst materiell når barna skal få utforske, skape og leike.

Dette er ikkje uviktige oppgåver. Tvert imot. Barna fortener eit reint, trygt og innbydande miljø, og gode pedagogiske aktivitetar krev både førebuing og materiell.

Problemet oppstår når summen av praktiske og driftsrelaterte oppgåver blir så stor at den pedagogiske kompetansen blir smurd så tynt utover at ho får for liten plass.

For arbeidsdagen vår er full.

Likevel stoppar ikkje det pedagogiske blikket når arbeidsdagen er slutt.

Vi ser at formingshylla manglar materiell til prosjektet vi har planlagt. Vi veit at leikemiljøet burde vore endra fordi ei gruppe barn ikkje finn seg til rette i leiken. Vi ser eit møbel på Finn som kunne gitt oss akkurat den møteplassen vi manglar. Vi kjem på eit opplegg som kunne ha fanga interessa til barnet vi strevar med å inkludere.

Og så gjer vi noko med det.

Vi tek med materiell heimanfrå. Vi bruker eigne pengar. Vi leitar på Finn, hentar brukt utstyr og bruker kveldar, helger eller delar av ferien på å planleggje, lage og ferdigstille.

Det kan sjå ut som engasjement.

Og det er engasjement.

Men det er også kompensasjon.

Vi kompenserer med eiga tid når arbeidstida ikkje strekk til. Vi kompenserer med private ressursar når barnehagen manglar materiell. Vi tek ansvar for oppgåver som ikkje er tydeleg plasserte, fordi vi veit at dersom ingen gjer dei, får det konsekvensar for barna.

Her meiner eg vi må våge å snakke om det profesjonsetiske paradokset.

Den same kompetansen som gjer oss i stand til å sjå kva barna treng, gjer det også vanskeleg å la vere å handle når systemet ikkje gir rom for det.

Vi veit at leikemiljøet betyr noko. Vi veit at observasjon og refleksjon betyr noko. Vi veit at tidleg innsats, språkstimulering, inkludering og gode relasjonar ikkje oppstår av seg sjølve.

Kunnskapen forpliktar.

Men kor langt skal den forplikte den enkelte arbeidstakar?

Det er her debatten om plantid blir for smal.

Spørsmålet er ikkje berre kor mange timar pedagogen skal ha utanfor barnegruppa. Vi må også spørje korleis heile arbeidsdagen er organisert, kva oppgåver som skal løysast av kven, og kva kompetanse vi ønskjer at dei ulike tilsette skal få bruke.

Pedagogen går inn i det same vaktsystemet som resten av personalet. Slik må det langt på veg vere. Barnehagen er eit fellesskap, og pedagogar skal sjølvsagt også rydde, tørke bord, hjelpe til med måltid og ta sin del av dei praktiske oppgåvene.

Men lik deltaking kan ikkje bety at vi sluttar å prioritere ulikt ansvar.

Når ein barnehagelærar bruker stadig meir av arbeidsdagen på oppgåver som ikkje krev pedagogisk kompetanse, medan observasjon, refleksjon, fagleg rettleiing, foreldresamarbeid og pedagogisk utviklingsarbeid blir pressa inn i marginane, bør vi spørje om vi har organisert barnehagen klokt.

Og når løysinga blir at pedagogen tek igjen det pedagogiske arbeidet på fritida, har vi flytta eit organisatorisk ansvar over på den enkelte.

Det er kanskje nettopp derfor systemet kan halde fram.

For vi får det til.

Vi ordnar. Vi improviserer. Vi tek med. Vi blir ferdige.

Barna får aktiviteten. Avdelinga blir innbydande. Foreldra møter ein barnehage som ser ut til å fungere.

Dermed blir også manglane mindre synlege.

Det er dette eg meiner vi må slutte å sjå på som noko naturleg.

Engasjement er ein styrke i barnehagen. Profesjonelt ansvar er heilt nødvendig. Men ingen av delane kan vere ein permanent erstatning for gode rammer og tydeleg organisering.

Barna skal ikkje vere avhengige av kva pedagog som tilfeldigvis er villig til å bruke søndagen sin, eigne pengar eller dårleg samvit for å skape kvalitet.

For når kvaliteten i barnehagen er avhengig av kor langt den enkelte tilsette er villig til å strekkje seg utover arbeidstida og rammene som er gitt, er ikkje kvalitet lenger sikra av systemet.

Då har kvalitet blitt eit personleg ansvar.

Powered by Labrador CMS