DEBATT

Kan me fortsetje å vere ein unik barnehage?
«25 år etter etablering ynskjer Haugland gardsbarnehage framleis å kunne gje ungar ein kvardag med nærleik til natur, dyr og norsk matkultur. Men regjeringa si radbrekking av barnehageforliket står i vegen» skriv innleggsforfattarane.
- Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.
Eg såg
på deg og du såg på meg og me lo så godt*
Året var 2000. I
eit lite kjellarlokale på ein gard på Haugland vaks draumen min fram. Ein
gardsbarnehage. Full av pågangsmot. Heia fram av stat og kommune.
Stimuleringstilskot. Barn og foreldre i kø. Ein barnehage i nærleik av kyr,
høner, matjord og den vide jærhimmelen. Eg fekk skapa min eigen arbeidsplass.
Mitt bidrag inn i garden. Eg fekk invitere barn og foreldre inn på tunet med
mål om å gje ungane ein god og trygg start på livet.
Eg såg
på deg og du såg på meg, og me såg det vart trongt*
Året var 2004. Me
vaks ut av kjellarlokalet. Inn i midlertidige brakker. Nytt barnehagebygg
skulle realiserast. Søknadar og avslag. Nye søknadar og nye avslag. Ein liten
privat barnehage på festa tomt på ein gard er ikkje A4. Me skulle falla mellom
mange stolar i åra framover. Likevel, reisa haldt fram saman med ein støttande
mann og familie, dyktige tilsette og flotte ungar. I brakka utvikla me oss. Me
søkte oss ut i Europa gjennom ulike prosjekt. Fekk inspirasjon til å lage eit
enda betre tilbod. I dag er me einaste UNESCO-barnehage i Norge. Me er Grønt
flag-barnehage, og i 2019 blei me kåra til årets barnehage.
Eg såg
på deg og du såg på meg, og me såg ut på kjelver og kyr*
Året var 2008. Ny
barnehage stod ferdig. Framifrå lokale. Me fylte alle rom med optimisme. Me
dyrka, passa høner, såg frø spire. Jærske rim og regler blei formidla av gardsfarmora,
tradisjonsberaren. Men noko hadde endra seg. Det var nye spelereglar for
private barnehagar. Reglar som var tilpassa dei store. Det blei tyngre, men me
stod på, trygge på at me hadde livets rett.
Eg såg
på deg og du såg på meg, og eg såg du reiste vidare i livet*
Gjennom åra. Alle
ungane me får låne og bli kjent med. Hovudpersonane i arbeidskvardagen vår. Dei
går vidare i livet. Me treff dei att som røyrleggjar, lærar, bonde,
sjukepleiar, musikar, og ei stor fotballstjerne som formidlar lokale grønsaker
med godt knas, ei av grunnverdiane våre. Me kjenner på audmjukskap og stoltheit
for at dei alle er ein del av vår historie.
Eg ser
på deg, men ser du meg?*
Me ynskjer ikkje
å veksa. Me ynskjer ikkje å kjempa for eksistensen vår år etter år. Me ynskjer
berre å vere liten og unik. Me ynskjer å gi nærleik til naturen og ein trygg
start på livet. Me ynskjer føreseielegheit. Me ynskjer å bruke energien vår på
innhald. Me ynskjer å kunne fortsetja med å gje våre tilsette like god pensjonsordning som
i kommunale barnehagar. Derfor; mest av alt ynskjer me at det lagar seg med eit
nytt barnehageforlik slik at me kan halda fram å vere ein liten privat
gardsbarnehage som ikkje er heilt som alle andre.
*Fritt etter Arne Garborg