DEBATT

Rebekka Øksnes skriv om relasjonar med dei yngste og stille barna. ILLUSTRASJONSFOTO: Getty Images

Ikkje gløym dei yngste og stille barna!

Relasjonskvalitet er noko ein stadig må arbeide med, dette spesielt når det gjeld dei yngste og stille barna. Dette fordi dei yngste og stille barna utrykker seg ikkje i like stor grad som dei eldre barna med godt verbalt språk, skriv Rebekka Øksnes.

Publisert

«Luna er ei sjenert jente på 2 ½ år som gjer lite ut av seg. Ho kan sitje i eit hjørne heilt stille for seg sjølv, og kjem du litt nærmare på ho ser ein at ho er lei seg. Ho blir nesten usynleg i omgivelsane».

Eg studera Barnehagelærar ved NLA Høgskulen og har gjennom tre år med praksis og gjennom bacheloroppgåva sett viktigheita av gode relasjonar med dei yngste og stille barna. Eg har ofte sett at det er barna som roper høgast som får oppmerksomheita, men kva med dei barna som ikkje gjer så mykje ut av seg? Dette er noko me som barnehagepersonale må jobbe meir med. Praksisforteljinga over viser behov for å bli medvit inn mot desse barna.

Treng stabile vaksne

Gode relasjonar er avgjerande for livskvalitet, i barnehagesamanheng er relasjonar ein del av kvaliteten av organisasjonen. Barna treng stabile vaksne som er til stades. Dette for å ta vare på vaksen- barn relasjonen, men også barn-barn relasjonen. Dei vaksne må derfor arbeide med å være ein trygg vaksen som barna søker. Kvar enkelt i personalet har ikkje kapasitet til å være den personen for alle barna på avdelinga, men det er viktig at ein som organisasjon sjekkar at alle barn har ein eller fleire vaksne dei føler seg trygg på. Relasjonskvalitet er noko ein stadig må arbeide med, dette spesielt når det gjeld dei yngste og stille barna. Dette fordi dei yngste og stille barna utrykker seg ikkje i like stor grad som dei eldre barna med godt verbalt språk. Derfor krev det at ein kjenner kvart enkelt barn og kan forstå kva dei utrykker igjennom kroppsspråk. 

Rammeplan for barnehagen seie at barnehagen skal møte barnet med omsorg, tryggheit og vere anerkjennande, noko som fremmer utvikling. For å oppnå gode relasjonar må ein sjå kvart enkelt barn, og ikkje minst vise at ein forstår barnet. Setje seg inn i situasjonar som oppstår og bekrefte følelsane til barnet. Gode relasjonar fremmer tryggheit, og tryggheit gir barnet muligheiter. Muligheit til leik, utforsking og utfolde seg, gjennom dette lærer barna. Barnet tørr å utfolde seg, dette fordi det veit at det er ei trygg hamn å gå til om det trengs. Når barnet er trygg fremmer dette trivsel og fellesskap i kvardagen. Det gjer at barna har ein plass dei føler det høyrer til.

For å oppnå gode relasjonar krev det noko av oss vaksne. Ein må være engasjert ovanfor barn, og ville andre menneskjer det beste. Det krev at me er gode på å vise med følelse og anerkjenne andre. Det krev at ein har gode sosiale eigenskaper og ein må oppriktig ville gå inn i relasjonen, vil ein ikkje det, visar det fort. Dette fordi barn er ekspertar på å lese andre menneske gjennom kroppsspråk og tonefall. Når det gjeld dei yngste og stille barna som ikkje har like lett for å utrykke seg må ein arbeide ekstra for å oppnå ein god relasjon.

Kunnskap er nøkkelen

Gjennom funn i bacheloroppgåva mi såg eg at kunnskap er nøkkelen i arbeid med relasjonar. For at alle i personalet skal inneha kunnskap er det viktig med kunnskapsdeling. Men også at ein arbeider med å få ein felles forståing av kva ein god relasjon er, og kva det fremmer.  Kommunikasjon er også viktig. Det kan for eksempel være når ein vaksen har funne ut noko som interessera barnet. Da er det viktig at ein delar dette med dei andre slik at alle har eit godt utgangspunkt inn mot arbeidet med å fremme ein god relasjon.

Me som barnehagepersonale må få augo opp for dei yngste og stille barna. Alle barn skal trivast i barnehagen og føle seg trygg. Det krev at ein som vasken gå inn i oss sjølv og er reflekterte. Barnehagepersonalet  er ikkje feilfri, men det handlar om at ein ser kva ein skulle gjort annleis i etterkant. Gjer ein det så er ein langt på veg i arbeidet med å etablere gode relasjonar med dei yngste og stille barna. Me må sjå kvart enkelt barn, dei er framtida.

Powered by Labrador CMS