LEDIG STILLING

Trudelutten barnehage søker barnehagelærer 100% + assistent 100% midlertidig stilling

VÅGÅ

Om barnehagen:

Trudelutten barnehage er ein privateigd musikkbarnehage i Vågå som blei oppretta i august 2009. Barnehagen har ei avdeling med barn frå 1-3 år.

Formålet vårt er å gje barn tilbod om eit trygt og lite barnehagemiljø, med vekt på musikk og estetikk. Vi skal sikre ungane gode utviklings- og aktivitetsmoglegheiter, leggje vekt på individuell omsorg og støtte den uformelle læringa. Dette skal gjerast i samarbeid med føresette og skal følgjast etter gjeldande lover for barnehagar og barnehagens eigne vedtekter. Barnehagen skal byggje på det verdigrunnlaget som rår i heimane og i lokalsamfunnet. Miljøet i barnehagen skal bidra til å fremme helse, trivsel samt ha gode og sosiale miljømessige forhold. Vi legg også vekt på å være mykje ute og bruke nærområdet.

Trudelutten sin visjon:Oppleve samklang gjennom musikk og vennskap blant barn og vaksne kvar dag.

Trudelutten barnehage er ein liten privateigd musikkbarnehage for barn i alderen 1-3 år.

Livlege barn, vår kvardag.

Trivlege foreldre, vår kvardag.

Dyktige og kreative ansatte, vår kvardag.

Kanskje akkurat du ønsker å bli ein del av dette fellesskapet?

Vi søkjer deg som er ivrig på musikk og sansebasert læring.

Traktering av eit instrument er absolutt inga ulempe.

Er du i tillegg kreativ, omgjengeleg og løysingsorientert, er det antagelegvis deg vi er på leit etter.

Din draum - vår kvardag.

Sitat frå skistjerna Hedvig Wessel : "Skulle ønskje eg vaks opp på ein slik stad".

No har du sjansa.

www.komtiloss.no

vågåleve.no

Søknadsfrist 15.4.2021.

Nettside: Trudelutten.barnehage.no/ facebook

Tlf 94800416

E-post trudelutten.barnehage@gmail.com

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS