KRONIKK

Prosjektgruppa (frå venstre): Hannah Belsvik Hansen (HVL), Inga Margrethe Fagerbakke (HVL), Hilde Van der Have (Skåre FUS barnehage), Isabella Oa (Presthaug FUS barnehage), Randi Høyland (HVL), Merethe Jamne (Espira Bråsteintunet), Kristine Bjelland (Små barnehager AS), Viviane Dos Santos Fossmark (Hemmingstad barnehage) og Karianne Langåker (Haugesund kommune)

Prosjekt fekk morsmålet fram i lyset

Innleggsforfattarane skriv om korleis høgtlesing kan skapa felles estetiske opplevingar, der det er plass til både morsmål og norsk, og der alle kan kjenna seg som ein del av fellesskapet.

Publisert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

«Først arabisk – så norsk», seier fem år gamle Adam og trykker på boka han har valt i lese-appen. Nokre minutt seinare sit han og kameraten Omar fordjupa i lesing – på to språk. Dei snakkar saman om det dei les om, og vekslar mellom å høyra boka på morsmålet og på norsk.

Det er ei kjend sak at høgtlesing er viktig for barn si språkutvikling, men kva skjer når barna ikkje forstår språket boka blir lesen på? Eller når foreldra ikkje finn bøker dei kan lesa for barna sine på språket sitt? 

I Haugesund kommune har pedagogar frå utvalde barnehagar med høg andel minoritetsspråklege barn, saman med barnehagemynde og fagpersonar frå Høgskulen på Vestlandet, samarbeidd om eit felles mål: Å skapa gode, fleirspråklege språkmiljø i barnehagen på barnehagen sine eigne premissar. Gjennom DUEN-modellen (Mostad et al., 2021) har me bygd prosjektet på praksisforteljingar, utforsking i kvardagen og systematisk fagleg utvikling i personalgruppene. Møta våre har vore i alle dei deltakande barnehagane, der me har hatt omvising og erfaringsutveksling. Me har mellom anna fokusert på eit sanseleg og stimulerande leikemiljø, gode lesemiljø og høgtlesing og synleggjering av morsmål. Pedagogane i prosjektet nytta praksisforteljingar for å retta blikket mot kva tid og korleis morsmålet blei brukt i barnehagen og reflektera kring korleis ein kunne inkludera morsmålet i kvardagsaktivitetar.

«Vekas bok»

Eitt av tiltaka i prosjektet har vore å ta i bruk ein leseapp som gir tilgang til ei mengd barnebøker på fleire titals språk. Mange barnehagar har lenge prøvd å skaffa bøker på ulike morsmål, men det er ikkje alltid lett å finna bøker når barna i barnegruppa snakkar eit mangfald av språk. Appen har gjort det mogleg for barna å høyra og lesa historier på sitt eige morsmål, og på norsk. Barna har fått lytta til bøker på morsmålet heime, og så lese eller gjenfortalt den same boka på norsk i barnehagen. For mange foreldre kan det å ta i bruk digitale løysingar vera ein terskel. Difor blei det viktig å setja av tid til å rettleia kvar enkelt familie, visa korleis appen fungerte, og sørgja for at innlogginga var så enkel som mogleg. 

I fleire barnehagar valde ein å innføra «vekas bok» eller «månadens bok», der ei utvald bok frå appen blei vist fram fysisk i garderoben, med bilete, QR-kode og invitasjon til å lesa både heime og i barnehagen. Det viste seg å vera eit enkelt, men effektivt tiltak: Når bøkene blei synlege, blei dei òg brukt.

Når barna får høyra boka på morsmålet heime og så møter henne igjen på norsk i barnehagen, legg det eit viktig grunnlag for forståing og deltaking. Dei kjenner historia, bileta og stemninga i boka og kan engasjera seg aktivt når ho blir lesen saman med dei andre. Lesestunda skapar fellesskap og felles opplevingar, der barna møter både språk og litteratur med kroppen, sansane og følelsane. Slik kan høgtlesing skapa felles estetiske opplevingar, der det er plass til både morsmål og norsk, og der alle kan kjenna seg som ein del av fellesskapet. Nokre av pedagogane brukte også appen til å høyra boka på ulike morsmål saman med barnegruppa, slik blei det språklege mangfaldet synleggjort og brukt som ein ressurs for heile barnegruppa, i tråd med føringa frå rammeplanen (KD, 2017).

Morsmålet som ressurs

La oss gå tilbake til Adam og Omar. Adam kom som flyktning frå Syria i 2023, og han har på kort tid lært mykje norsk. Men morsmålet hans, arabisk, har ein viktig plass i kvardagen hans. Når han får velja sjølv, vil han høyra historia først på arabisk, deretter på norsk. Kameraten Omar kjem til, og dei snakkar om boka, peikar, byter på å velja neste bok. Det er leik, det er vennskap, og det er fleirspråklegheit i praksis. Denne forteljinga er ikkje unik i prosjektet. Tvert imot: Ho viser kva som skjer når barn sine språk får vera tilgjengelege, og når barnehagen anerkjenner morsmålet som ein ressurs.

Me har sett fleire barn som blomstrar når dei får høyra og bruka morsmålet sitt, og som i neste augeblikk går over til norsk, eller blander språk heilt naturleg. For barn som lærer norsk i barnehagen, er stimuli på morsmålet heilt avgjerande. Det styrkjer den generelle språkkompetansen og gjer det lettare å tileigna seg nye språk. Likevel veit me at mange barnehagar ser dette som utfordrande i praksis.

Prosjektet i Haugesund kommune viser at arbeidet med fleirspråklegheit kan integrerast i det allmennpedagogiske arbeidet. Gjennom samarbeidet mellom barnehagane og HVL har pedagogane utvikla eigne tiltak, reflektert saman og prøvd ut nye praksisar med barna i sentrum.

Me håpar fleire barnehagar vil sjå verdien i å løfta fram morsmålet – både som ein del av barna sin identitet, og som ein veg inn i nye språk og nye fellesskap. 

Referanser:

  • Mostad, V., Skansen, T., Wærness, J. I., og Lindvig, Y. (2021). DUEN-modellen – Entusiasme for endring i barnehagen. Gyldendal. 
Powered by Labrador CMS