DEBATT
Franziska Grütte.
Foto: privat
Ikkje blekksprutar – men pedagogar med ansvar
«Vi omtalar oss ofte som blekksprutar. Det er kanskje meint som ein spøk, men det ligg eit alvor bak», skriv innleggsforfattaren.
- Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.
Eg er pedagog i barnehage, og ønskjer å setje søkelys på behovet for meir kvalifisert bemanning, betre arbeidsvilkår og reelle livsfasetiltak i barnehage.
Ein blekksprut har åtte armar. Det kan vere nyttig, for bemanningsnorma
i barnehagane i Øygarden ligg på minimumsnivå, og er ofte berre oppfylt nokre
få timar om dagen. Resten av tida strekk vi oss langt – ofte for langt.
Levetida til ein blekksprut er kort, berre 1–5 år. Det er
tankevekkjande. I barnehagesektoren ser vi at mange kvalifiserte tilsette
forlèt yrket altfor tidleg. Mangelen på gode livsfasetiltak gjer det vanskeleg
å stå i jobben over tid.
Blekkspruten
har godt syn, men er fargeblind. I vår kvardag handlar det om å halde oversikt
over mange barn samstundes, ofte i hektiske situasjonar. Vi gjer vårt beste kvar dag.
Blekkspruken
kan òg kamuflere seg og tilpasse seg omgjevnadene på sekund. Slik er det òg for
oss. Vi møter store emosjonelle krav, skiftar raskt mellom roller og handterer
alt frå konfliktar til foreldre som leitar etter ei forsvunnen lue, gjerne utan
namn.
Blekkspruten er ein dyktig problemløysar. Det må vi òg vere. Når
ressursane blir færre, tek vi på oss oppgåver som eigentleg høyrer til andre
tenester. Det går ut over tida vi skulle brukt saman med barna.
I tillegg er den også ein rømmekunstnar. Kanskje er det ikkje så rart
at mange i vår sektor til slutt finn ein veg ut.
Når blekkspruten kjenner seg truga, sprutar den blekk for å forvirre.
Vi kunne sagt mykje om digitale system som for eksempel Vigilo, men vi nøyer
oss med å stille spørsmålet: Har det eigentleg gjort kvardagen enklare?
Blekkspruten passar på egga sine så intenst at den ofte gløymer å ete.
Mange tilsette i barnehagen kjenner seg att i dette. Arbeidsmengda aukar,
pausane blir færre, og omsorga for andre kjem før ein sjølv.
Vi er ikkje blekksprutar. Vi er profesjonelle pedagogar , med eitt
hovud og to armar. Vi treng rammer som gjer det mogleg å bruke kompetansen vår
til det beste for barna.
Barnehagane må slutte å basere drifta på at tilsette strekkjer seg
lenger enn det som er forsvarleg. Det krev betre bemanning i barnehagane, ikkje berre på papiret, men gjennom heile dagen. Det krev reelle
livsfasetiltak, som gjer det mogleg å stå i yrket. Og det krev meir
berekraftige arbeidsvilkår, der fagkompetanse blir verdsett, og helse,
arbeidsmiljø og kvalitet blir tekne på alvor. Barnehagelærarar gjer ein god
jobb kvar einaste dag, men dei må sleppe å vere blekksprutar for å få det til.