PRAKSISFORTELLING

«Det var mange ulike innslag og retningar på forteljinga, men alle gruppene var samde om at det skulle handle om ein julenisse som skulle ut å levere pakkar, og vidare at det skjedde mykje på denne pakkerunden.»

Laga digital forteljing: «Alle har bidratt med det dei har hatt lyst til og det dei likar»

I fjor laga barn og tilsette i Maurtua Barnehage Bømlo sin eigen digitale adventskalender. «Me fekk til slutt ei forteljing som innehaldt mykje humor, spenning og overraskande hendingar», skriv pedagog Vivian Brekke.

Publisert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

Denne hausten har avdeling Stormaur B i Maurtua Barnehage Bømlo SA jobba med eit spanande og morosamt digitalt prosjekt. I Rammeplanen (Kunnskapsdepartementet, 2017) står det at barna skal få moglegheit til å utforske, leika og læra og sjølv skapa noko gjennom digitale uttrykksformer, og personalet skal utforske kreativ og skapande bruk av digitale verktøy saman med barna.

Vårt prosjekt starta med at barna på avdelinga er veldig glad i å lage forteljingar i tillegg til at dei er ein engasjert og kreativ gjeng. Dei jobbar mykje i atelieeret med teikningar og andre kunstverk. Dette danna idéen om å prøve å laga noko digitalt med alt dette, og ettersom desember nærma seg med stormskritt, kom tankane inn på å laga ein eigen digital adventskalender. Ein kalender der barna stod for alt innhald og der dei var med i den digitale prosessen. Engasjementet var tent både hos barna og dei vaksne så me bretta opp ermane og gjekk i gong.

Kalenderen fekk namnet «Den travle julenissen».

Den travle julenissen

Me starta med forteljinga. Barna fekk jul som tema, og gruppevis fekk barna kome med sine bidrag. Det var mange ulike innslag og retningar på forteljinga, men alle gruppene var samde om at det skulle handle om ein julenisse som skulle ut å levere pakkar, og vidare at det skjedde mykje på denne pakkerunden.

Kalenderen fekk namnet «Den travle julenissen». På sin veg møtte han ein drage, ei geit, ei levande rosin, ein julekrokodille, pepperkaker, ein hund og ein levande snømann. Han fekk og hjelp av alle barna på Stormaur når han mista hua si etter å ha krasja med eit fly i lufta. Bidraga til forteljinga var mange og veldig varierte, men alle fekk setje sitt preg på forteljinga med dei elementa dei ville ha med. Dei vaksne sydde alle bidraga saman, og me fekk til slutt ei forteljing som innehaldt mykje humor, spenning og overraskande hendingar.

Når forteljinga var klar vart den inndelt i episodar etter antal dagar me skulle gå i barnehagen før juleafta. Når dette var gjort var det tid for den digitale produksjonen. Me fann ut at me ville laga filmane på ulike måtar, både med å filma med kamera, ta bilete, og å nytte ein animasjonsboks for teikningar og 3D-figurar. Nokre scener blei naturlege å filma, medan andre scener var enklare å få til i animasjonsboksen. Dette blei vurdert fortløpande ut i frå kva dei ulike delane inneheldt, og kor detaljert det var.

Før filminga av dei ulike episodane blei barna spurt om kva rolle dei ynskte å ha, og om det var nokon som ville vera nisse. Eit barn tok på seg denne rolla frå start, før han etter ei lita stund hadde eit ynskje om å pensjonera seg frå nisserolla og bidra i produksjonen. Då tok eit anna barn over stafettpinnen og hoppa opp i nissedrakta. Dei ulike scenene blei filma av ein vaksen, men barna bidrog sjølv me korleis dei ville at scenene skulle bli spelt inn. Me filma pepperkakebaking, leik på uteleikeplassen, bygging av snømann og julenissen i ulike situasjonar. Til slutt var alle barna med på ein eller anna rolle i filminga, nokon i meir framtredande roller og andre i mindre roller, alt etter eige ynskje.

Ved å flytte teikningar eller figurane litt og litt for kvart bilde kjem det til liv når filmen blir spelt av.

Kjekk måte å jobbe på

For å laga film av teikningar og 3D-figurar nytta me oss av ein animasjonsboks. Ein animasjonsboks er ein større firkanta kasse der du kan legge iPaden på toppen slik at ein kan ta bilde av det ein har lagt inni boksen. Ein nyttar ein stop motion-applikasjon som gjer at ein kan ta ein serie med bilde som ein deretter kan spele av som film. Ved å flytte teikningar eller figurane litt og litt for kvart bilde kjem det til liv når filmen blir spelt av. Dette er ein super framgangsmåte å lage film med barn på fordi dei kan meistre alt sjølv. Når me animerte jobba me for det meste saman to og to, der ein tok ansvar for iPaden og bildetakinga, medan den andre flytta på figurane. Barna forstod snart gongen i det, og at det blei betre film til mindre bevegelsar og til fleire bilde dei tok. Engasjerte barn skapa eit fantastisk resultat. Dette er ein utruleg kjekk måte å jobbe på når ein skal skapa noko digitalt saman med barna.

Etterkvart som scenene var filma og animert, redigerte me og sette dei saman til ulike episodar. Kvar episode har starta med eit fast innslag. Lys har blitt tent etter kor langt i advent me har kome og me har hatt dagens dato med teikn til tale, der ulike barn har blitt filma medan dei viser teikna. Vidare har barna vore med i redigeringsprosessen, der dei har snakka forteljinga inn på filmane ved hjelp av mikrofon. Sluttresultatet vart fantastisk bra!

Kvar morgon i desember samla barn og tilsette seg i samlingskroken og såg dagens episode av julekalenderen.

Alle har bidratt

Kvar morgon i desember samla me oss i samlingskroken og såg dagens episode av julekalenderen, til barna si store glede. Det har vore mykje humor, latter, og stolte barn som har vist stor glede over det som dei har bidratt med. Det som er mest fantastisk med dette prosjektet er at alle har bidratt med det dei har hatt lyst til og det dei likar. Det er så mykje som skal produserast og setjast saman i eit slikt prosjekt at alle kan bidra og kjenne på meistring over det dei har bidratt med.

Nokon likar seg best framfor kamera, medan andre likar seg best i produksjonen bak kamera. Det som også har vore ei positiv overrasking er at barn som til vanleg ikkje likar å ha ei framtredande rolle, plutseleg har teke ei slik rolle på strak arm.

Dette har vore eit stort prosjekt som har vore veldig lærerikt både for små og store.

Me anbefalar på det varmaste å laga noko digitalt saman med barna på denne måten. Det kan vera å laga små filmar av teikningar, figurar og forteljingar som barna lagar i barnehagekvardagen. Absolutt heilt magisk!

Powered by Labrador CMS