- Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.
Barnehagesektoren står ovanfor ei alvorleg
krise som trugar kvaliteten og rekrutteringa av barnehagelærarar. Tal søkjarar
til barnehagelærarutdanninga (BLU) nasjonalt har falle dramatisk frå 4500 i
2019 til 2500 i 2024 (Molnes & Grimstad,
2025). Denne nedgangen gjer det vanskelegare å rekruttere framtidige
barnehagelærarar i ein sektor som allereie slit med rekruttering.
Heile éin av
tre barnehagelærarar sluttar innan ti år etter å ha fullført utdanninga (SSB, 2022). Forsking syner at auka
arbeidspress, manglande samsvar mellom oppgåver og bemanning, samt låg
anerkjenning av yrket, er sentrale årsaker til denne utviklinga (Gjerustad et al., 2020; Rognerød, 2022).
Leiarar
i barnehagesektoren spelar ei avgjerande rolle i å møte desse utfordringane. Konsekvensane ved å
ikkje ta tak i dette er eit potensielt stort kompetansetap som går utover både
kvaliteten og stabiliteten i barnehagetilbodet.
Trendar innan leiing i
barnehagesektoren
Utviklingstrendar innan leiing syner at
det generelt er ei auka forventning til at styrarar og pedagogiske leiarar skal
initiere og leie utviklings- og endringsprosessar og at dette skal skje gjennom
ei kollektiv kompetanseutvikling. Nasjonale
satsingar som Regional kompetanseutvikling (REKOMP) og den nye satsinga for kompetanse og karriereutvikling
prioriterer målretta leiarutvikling og læring i profesjonelle læringsfellesskap
for å sikre auka kvalitet på det pedagogiske tilbodet (Kunnskapsdepartementet, 2022;
2025).
Samtidig syner trendar innan leiing ei framvekst av nye leiarroller som har
ført til ny maktfordeling og nye kommunikasjons- og informasjonsstrukturar. Behovet
for distribuert leiing, tydelege ansvarslinjer og faste arenaer for samhandling
er dermed stort. Meir fokus på ansvar, distribuert leiing og tid til samarbeid vil kunne bidra til å styrke den pedagogiske kvaliteten
og redusere stress ved at ansvar,
oppgåver og forventningar blir tydeleg fordelte. Samtidig må dette stå i
forhold til ressursar og kapasitet i den enkelte barnehage (Kunnskapsdepartement,
2022;2025; Lund, 2021; Moen, 2025). Å
sjå nærare på fordeling av arbeidsoppgåver, roller og ansvar mellom ulike
grupper arbeidstakarar, kan bidra til å sikre høgare trivsel og redusere stress
mellom alle grupper tilsette også framover (Lund, 2021).
Vår
eiga forsking frå barnehagefeltet syner mellom anna att leiinga spelar ei
avgjerande rolle for å lukkast med kompetanseheving (Sønsthagen, 2021), at strukturar og system dominerer heller enn utvikling
av profesjonelle læringsfellesskap (Fimreite, 2022) og at leiing i barnehagen
utøvast og forståast på ulike måtar i ulike barnehagar (Lund, 2021). Ei
produktiv leiarrolle for organisatorisk læring ser ut til å vere kopla til
ansvar på fleire nivå. Styrar står ikkje åleine med ansvaret, men er synleg som
ein som legg til rette samtidig som dei pedagogiske leiarane og resten av
personalet blir gjort ansvarlege for oppgåver og problemløysing (Sønsthagen,
2021). For å kunne utvikle varige profesjonelle læringsfellesskap er det
nødvendig at leiinga legg til rette for aktivitetar over tid og tilpassar
aktivitetane til kompetansen i gruppa, retta mot det spesifikke
læringsfellesskapet. Eit aktivt profesjonelt læringsfellesskap er viktig for å
hindre at systemet får for stor inngripen i barnehagekvardagen (Fimreite,
2022).
Vidare
kan leiing i barnehagen delast inn i tre typologiar (Lund, 2021).
«Administrasjonsleiaren» fokuserer på daglege, administrative oppgåver. «Fellesskapsleiaren»
legg vekt på samarbeid og likskap, men underkommuniserer ofte ulikskap. «Refleksjonsleiaren»
prioriterer fagleg utvikling og kritisk tenking, med anerkjenning som norm.
Desse typologiane viser kva som er fokus i profesjonsutøvinga, og korleis leiarrolla
kjem til syne i praksis. Kva de ulike leiarane prioriterer får dermed
betydning for kompetanseutvikling og den pedagogiske kvaliteten i barnehagen.
Når
vi drøymer fritt kan nye moglegheiter opne seg
Hausten
2024 gjennomførte vi eit drøymeverkstad der vi etablerte eit drøymelag om
framtidas leiing i barnehagesektoren under Norsk barnehageforskingskonferanse. Vi
prøvde ut den same verkstaden på 50-årsmarkeringa for BLU i Sogndal, hausten
2025. Studentar, barnehagelærarar, styrarar, forskarar, BLU-leiing og
administrasjon, representantar frå kommune og region har vore blant
deltakarane.
Vi
starta verkstaden med følgande instruks: I dag etablerer vi eit visjonært
drøymelag som saman utforskar framtidas leiing i barnehagesektoren og arbeidar
fram konkrete forslag til leiarutvikling i sektoren.
Etter
å ha presentert kort om relevante trendar knytt til leiing i sektoren, delte vi
deltakarane inn i grupper og gjennomførte følgande aktivitet:
Individuelt: Tenk deg at du vaknar opp ein dag og alle dine utfordringar knytt til leiing i
barnehagefeltet er løyst. Kva er det første du vil legge merke? Korleis vil
dette komme til uttrykk? Skriv ned på post-it lappar.
Gruppe: Sei kort til resten av gruppa kva som står på dine post-it
lappar. Diskuter dykk fram til tre anbefalingar til politisk mynde, eigar,
styrar eller BLU om korleis ein kan realisere framtidas drøymeleiing.
Deretter
utfordra og diskuterte vi drøymeleiinga for sektoren i ein paneldebatt, der
representantar frå kvar gruppe deltok.
Ved å legge vekk tankar om manglande
ressursar og bemanningskrise, kan ein bidra til meir visjonær tenking og sjå
løysingar ein kanskje ikkje hadde sett viss utfordringane sektoren står i, var
i førarsetet.
Resultata frå drøymelaga støttar opp om
nyare forsking i barnehagesektoren (Fimreite, 2022; Lund, 2021; Sønsthagen,
2021). Drøymelaga la vekt på at sektoren må vurdere kva vi ønskjer å oppnå med framtidas
leiing. Politisk mynde bør fokusere på demokrati og autonomi, noko som inneber
mindre overstyring og standardisering. Det er viktig å anerkjenne prosessar
framfor resultat, samt legge til rette for kontekstsbasert leiing som gir meir
ro i arbeidsoppgåvene.
For eigarar av barnehagar er det viktig å fremje mangfald
i type barnehagar og gi tillit og fagleg fridom til tilsette. Barnehagane må
arbeide ut frå det indre livet, i staden for å fokusere på standardisering. Tid
til kompetanseheving og utviklingsarbeid er nødvendig for å kunne samarbeide godt.
BLU treng leiarar som er synlege og viser genuin interesse for arbeidsoppgåvene
til dei fagtilsette og studieadministrasjon. Det er avgjerande å inkludere dei
som utfører kjerneoppgåvene i avgjersler og la faglærarar bruke sitt faglege
skjønn for å definere kvalitet i utdanninga.
Styrarar i barnehagar må tilpasse
leiinga til den mangfaldige personalgruppa og sørge for fagleg utvikling i
kvardagssituasjonar. Å løfte fram ulike stemmer og kunnskapar, samt å forstå at
individa må lære for at det kollektive skal fungere, er viktig i denne
samanhengen.
Vidare løftar drøymelaga fram at det er
nødvendig å sjå på kva det betyr å vere tydeleg eller utydeleg som leiar. Ein
tydeleg leiar kan gi retning og tryggleik for tilsette, men det er samtidig
viktig å involvere personalet for å skape felles eigarskap til prosessar.
Utydelegheit kan gi rom for fridom og eigarskap, men kan også føre til
konfliktar og manglande samarbeid. Det er viktig å skape eit godt samarbeid
mellom praksisfeltet og BLU, og sikre at alle aktørar i sektoren arbeider på
lag. Leiarar på alle nivå og i alle institusjonar i barnehagesektoren, bør ha
eit heilskapleg samarbeid med andre aktørar. Det er nødvendig med kollektiv
kompetanseutvikling i alle ledd for å møte framtidas utfordringar.
Leiing for ei ny tid
Barnehagesektoren står i ei krise, ein
sektor som har ansvaret for våre aller yngste og Noregs framtid. Utfordringane
er store, men i staden for å grave oss ned i bekymringar, kan vi også sjå
moglegheiter for å utvikle framtidas leiing i barnehagesektoren. Ved å etablere
drøymelag med ulike aktørar frå sektoren, har vi saman kome fram til kva som kan
vere nødvendig for leiing for ei ny tid.
Framtidas leiing må vere prega av
demokrati, autonomi og tillit til dei som arbeider i sektoren. La oss ikkje la
utfordringane definere oss og vår sektor. Ved å omfamne ei visjonær tilnærming
kan vi saman skape eit trygt og dynamisk læringsmiljø for både tilsette,
studentar og barn. Tida for handling er no! Drøymelaga understrekar behovet for
å revidere leiinga i sektoren ved å fremje demokrati, autonomi og fagleg
fridom.
Referansar:
Fimreite, H. (2022). Kollegarettleiing og
endring av den kollektive kunnskapen i barnehagen [Doktorgradsavhandling]. Høgskulen på Vestlandet. https://hdl.handle.net/11250/2984231
Gjerustad, C., Opheim, V., Næss
Hjetland, H., Rogde, K., Bergene, A. C., & Gulbrandsen, L. (2020). Trivsel, læring og utvikling i barnehagen:
Resultater fra TALIS Starting Strong Survey, Foreldreundersøkelsen i barnehage
(FUBA) og BASIL. NIFU.
Kunnskapsdepartement. (2022). Kompetanse for fremtidens barnehage.
Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2023-2025. https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kompetansestrategi-barnehage/
Kunnskapsdepartementet. (2025).
System for kompetanse- og karriereutvikling for ansatte i barnehage og skole. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/system-for-kompetanse-og-karriereutvikling-for-ansatte-i-barnehage-og-skole/id3098922/?ch=1
Lund, H. H. (2021). ‘We are equal,
but I am the leader’: leadership enactment in early childhood education in
Norway. International Journal of Leadership in
Education, 27(6), 1228–1253. https://doi.org/10.1080/13603124.2021.1969039
Moen, I. (2025). Pedagogisk
ledelse i en ny tid? - Pedagogiske lederes erfaringer med å lede
barnehagebasert kompetanseutvikling . Nordisk
barnehageforskning, 22(2),
260–280. https://doi.org/10.23865/nbf.v22.67
Molnes, G., & Grimstad, B. A. (2025). Kraftig fall for barnehagelærerutdanningen. https://www.utdanningsnytt.no/innenriks-ntb-skole/kraftig-fall-for-barnehagelaererutdanningen/440014
Rognerød, E. T. (2022). En av tre
barnehagelærere slutter i løpet av ti år. Utdanningsforbundet. https://www.utdanningsforbundet.no/nyheter/2022/en-av-tre-barnehagelarere-har-forlatt-yrket/
SSB. (2022, 21.12.2022). 2 av 3
barnehagelærere jobber i barnehage etter 10 år. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/utdanning/barnehager/artikler/2-av-3-barnehagelaerere-jobber-i-barnehage-etter-10-ar
Sønsthagen, A. G. (2021). Leadership and responsibility: a study of early childcare
institutions as inclusion arenas for parents with refugee backgrounds (Faculty of Humanities, Sports and Educational Sciences, University
of South-Eastern Norway). Horten. https://hdl.handle.net/11250/2838377