Rikke Tvedt Øvrebotten (frå venstre), Rikke Fredheim Næss og Cassandra Stuhr skriv om rosa kompetanse.
Kronikk
Rikke Tvedt Øvrebotten (frå venstre), Rikke Fredheim Næss og Cassandra Stuhr skriv om rosa kompetanse. (Foto: Gettyimages/Privat)

«I dagens barnehage treng ein kompetanse og kunnskap om barns legning og kjønnsidentitet»

Tema om barns legning og kjønnsidentitet kan vera vanskeleg og tabubelagt å snakke om, men om kjønns- og legningsmangfald ikkje blir teken på alvor er det barna som må tole konsekvensane.

  • Kronikk

Født sånn – blitt sånn.

Me som barnehagelærarstudentar har erfart at ein i dagens samfunn er veldig raskt ute med å definere og å «kjønne» barnet. I dagens barnehage treng ein difor kompetanse og kunnskap om barns legning og kjønnsidentitet. «Rosa kompetanse» handlar om at dei ansatte i barnehagen tileignar seg kunnskap om barns identitet, kjønn, i tillegg til likeverd.

Forfattar Kristina Henkel uttalar seg om at «vi kan si så mye vi vil at to jenter kan gifte seg, men hvis barna ikke ser det, så finnes det ikke. Men hvis det finnes i en bok, så finnes det.»

Tema om barns legning og kjønnsidentitet kan vera vanskeleg og tabubelagt å snakke om, men om kjønns- og legningsmangfald ikkje blir teken på alvor er det barna som må tole konsekvensane.

Rosa kompetanse - kva og kvifor?

I dagens barnehage er det eit stort mangfald og variasjon. Dette handlar om menneskers likskapar og ulikskapar. Barnehagen er pålagt å fremje likeverd og likestilling uavhengig av kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og seksuell orientering. Kjønnsidentitet er den personlege oppfatninga av kva kjønn ein er. Det er ein subjektiv oppleving som oppstår i samspel med andre.

Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfald (FRI) sin fagavdeling Rosa kompetanse tilbyr kompetanseheving om kjønns- og seksualitetsmangfald til ansatte i til dømes barnehagar og skular. Foreningen er ein landsdekkande organisasjon som arbeider politisk og sosialt for å ivareta rettigheitar kring kjønn og seksualitet. Fagavdelingen forklarar at «som barnehageansatt kan du bidra til at alle barn kjenner seg trygge og inkluderte i barnehagehverdagen, og du kan være en viktig støtte i barns identitetsutvikling.» Dette er ein føresetnad for å møte barna for kven dei er som person og støtte opp om barnas identitet.

Rosa kompetanse blir derfor viktig for at barna skal få oppleve trivsel, meistring og kjensle av eigenverd – ikkje føle på utanforskap.

Som barnehagelærarar må me reflektere rundt korleis me ser på mangfald, samstundes må me tileigne oss rosa kompetanse slik at me kan vera trygge og inkluderande vaksne, som igjen skapar trygge og inkluderande barn. Det som skal til for å oppnå denne type kompetanse er å ha fokus på toleranse og likeverd. Dette fører til at me førebyggjer krenking og mobbing, som så mange barn fortsatt blir utsatt for i dagens samfunn.

Tøff og sterk vs søt prinsesse

I barnehagen har me erfart at det er lett å begrense valmoglegheiter basert på om det er gut eller jente. Gutane får valet om å leika med bilar, jentene får leika prinsesser.

Men kva gjer me om den fem år gamle gutten heller vil vera prinsesse med jentene?

Men kva gjer me om den fem år gamle gutten heller vil vera prinsesse med jentene?

Ein blir satt i eit fast mønster frå tidleg barndom av, basert på kva kjønn ein er født med. Me som barnehagelærarstudentar blir ekstra glad når me ser gutane få lov til å kle seg i kjolar og jentene få lov til å leika med bilar – og gleda dei har av å få lov til det!

Forventningar

Som barnehagelærarstudentar har me erfart korleis barnehagar i tidleg alder bidreg til å byggja opp eit skilje mellom jenter og gutar. Dette går både på korleis dei ansatte i barnehagen snakkar til jenter i forhold til gutar og korleis personalet oppfordrar jenter til å leike med typiske jenteleikar - og det same gjeld for gutane.

Eit eksempel me observerte i ein barnehage var at leikekroken var inndelt og merka med boksar for gutter og jenter. Boksen for jentene var merka med ei jente og inneholdt barbiedokker og perler, medan boksen for gutane var merka med ein gutt og inneholdt bilar og lego.

Ei kjønnsforsking av professor Nielsen (Forskning.no, 2013) viser at barn er ekstremt oppteken av kjønn og kjønnsgrenser, men som vaksen kan ein godt få med barnet på at alle gutar og jenter ikkje er like.

Me opplev at samfunnets vaksne har ei forventning for kjønnet, og når desse forventingane ikkje blir nådd opp til blir ein gjerne stressa. Fordi normene seier noko, og barnet viser noko anna.

Ein set barna i ein vanskeleg situasjon ved å putte dei i eit mønster som kjennast trygt. Eit mønster der barnet blir fortalt kva som er greitt og ikkje. Eit mønster der barnet blir fortalt kva det vil seie å vere gut eller jente. Om du er gut spelar du fotball og går i blått. Er du jente leikar du med barbie og går i rosa. Det er det tradisjonelle, kjente mønsteret.

Men ikkje alle passar inn i eit sånt mønster.

Difor er det viktig at me som vaksne, og spesielt me som barnehagelærarar, har eit større perspektiv på barnets mangfald innan kjønnsidentitet. Barnehagen jobbar for toleranse, likestilling og inkludering, som er viktige verdiar å jobbe med for å ikkje «kjønne» barnet. Dette er sentrale verdiar i Rammeplanen for barnehagen, som er retningslinjer for det pedagogiske arbeidet.

Trygt språk

Vaksne som er i kontakt med barn må vera bevisste på korleis dei vel å snakka på til barn.

Eit trygt språk inneber at ein er bevisst på korleis ein ordlegg seg, har gode verdiar og haldningar ovanfor andre, som påverkar barna på ein positiv måte og skapar inkluderande barn.

Me har erfart at jentene ofte får høyra at «så søt du var no» medan gutane får høyra at «no var du skikkeleg tøff.

Me har erfart at jentene ofte får høyra at «så søt du var no» medan gutane får høyra at «no var du skikkeleg tøff».

Voksne har lett for å leggja press på kjønnsstereotypiar i måten ein pratar til og med barn.

Det er difor viktig at vaksne, og spesielt vaksne som arbeidar og er i samspel med barn, er bevisst på eige språk. Slik kan ein motverke stereotypiane og vera med på å skape eit inkluderande miljø.  

Debatt

Til toppen