Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto (Foto: Getty Images)

Debatt: Plantid i barnehagen

«Barnehagen sine pedagogar er effektive, men vi er ikkje superheltar med tryllestøv i lommene!» skriv pedagogisk leiar Ellen Gram.

Utgangspunktet mitt for denne meiningsutbrytinga er innlegget på Barnehage.no datert 18.01.2018, der det er brot i forhandlingane mellom KS og Utdanningsforbundet,  i høve Utdanningsforbundet sitt krav om meir plantid for pedagogane.

Utdanningsforbundet krev på vegne av barnehagane i Noreg, uavhengig av størrelse, meir tid til planlegging for pedagogane. Plantida har ikkje vore endra etter at eg starta å arbeide i barnehage år 2000. Frå år 2000 og fram til i dag er det framlagt krav om auka kvalitet og at barnehagen skal vere ein lærande organisasjon og ikkje minst det tilfelle at barnegruppene er vorte større og bemanninga er den same.

Fortel meg den som kan at dette er utvikling til det beste for borna?

Dette er ei sak eg (og eg håpar at eg har pedagogane i Noregs land som støtte) er villig til å streike for. Det blir hevda frå KS si side at dei ikkje kan fastsetje ei plantid som skal gjelde for alle barnehagane i landet, fordi barnehagane er ulik i størrelse. Har eg lese rett?

Det er ei skam at Noreg, eit av dei beste landa i verda, skal behandle born på denne måten. Ja, for det er borna det går utover når pedagogen ikkje får planlagt godt nok.

Skulle eg ha planlagt etter den tida eg har tilgjengeleg no, per veke, så hadde det ikkje vore bra korkje for borna eller medarbeidarane, for kva får ein eigentleg gjort på 45 minutt?

Barnehagen sine pedagogar er effektive, men vi er ikkje superheltar med tryllestøv i lommene!

Eg har år etter år gått og håpa på at no er det barnehagen sin tur til å få det ekstra , og eg blir like skuffa for kvart år.

Vi treng meir plantid for å skape kvalitet i barnehagen – så enkelt er det!

 Følg barnehage.no på Facebook og Twitter.

 

Debatt

Til toppen