DEBATT

«Vi ynskjer med dette å oppmoda regjeringa om å innvilge meir pengar til barnehagane. Vi vil at alle skal ha ein trygg arbeidsplass, eit godt arbeidsmiljø og ei pedagognorm som fungerer, der vi kan utøva kvalitet til bornas beste i alle norske barnehagar,» skriv artikkelforfattarane.

Aukar pedagognorma kvaliteten i barnehagen?

«Vi treng meir kunnskap om den nye pedagognorma, som kan fremme ein praksis til det beste for små og store i alle norske barnehagar,» skriv artikkelforfattarane.

Publisert

Borna leiker på avdelinga. Medan assistentane sit på golvet for å leike med borna, så har den pedagogiske leiaren mykje ho må tenkje på. Ho har planlagt eit opplegg for borna og ho må hente utstyret ho treng. Det er berre ein halvtime til ho skal på eit møte og ho har det travelt  for å få gjennomført det pedagogiske opplegget med borna før ho må gå.

I august 2018 trådde ei ny pedagognorm i kraft. Den nye norma blei vedtatt som eit tiltak for å heva kvaliteten i barnehagen. Norma går ut på at det skal være ein pedagogisk leiar per 7 born under 3 år, og ein pedagogisk leiar per 14 born over 3 år. Det vil seie at per dags dato skal det vera fleire barnehagelærarar på kvar avdeling i barnehagen, enn det i dei fleste tilfelle har vore tidlegare.

Kva skjer med fleire pedagogar i barnehagen?

Vil heve kvaliteten om ein finn gode ordningar

Ane Finne Sognes, barnehagelærarstudent ved Høgskulen på Vestlandet.

Tidlegare har det vore til dømes vanleg med 18 born per tre vaksne på ei avdeling, i grunnbemanning. Då har det vore ein pedagogisk leiar og to assistentar/fagarbeidarar. Med den nye pedagognorma vert det då to pedagogar på denne avdelinga. Dette er ei avdeling i alderen 3-6 år. Det er fleire enn 14 born på avdelinga, og dermed krav til to pedagogar. Med krav til to pedagogar meiner vi vaksne med barnehagelærarutdanning.

Fleire pedagogar i arbeidet med barn vil i utgangspunktet heve kvaliteten om ein klarer å finne gode ordningar på den nye norma. Forfattar Greta Skau hevdar at «Å stille spørsmål ved kvaliteten på det vi gjør er første skritt på veien mot å endre dette til noe bedre eller utvikle noe annet i dets sted». Vi vil difor stille spørsmål med kvaliteten av ny pedagognorm, og vidare sjå kva den nye norma inneber sett frå positiv vinkel og kritisk vinkel.

Planleggingstid

Barbro Birkeland, barnehagelærarstudent ved Høgskulen på Vestlandet.

Barnehagelærarane har fire timar ubunden arbeidstid kvar veke som ein må finne gode ordningar på. Til saman tar det altså vekk åtte timar der ein vaksen er til stades frå avdelinga, som i prinsippet tilseier ein heil arbeidsdag.

Som vi veit er det i planleggingstida pedagogane får tid til å planlegge og evaluere pedagogiske arbeid. I tillegg har pedagogane kurs, foreldresamtalar og andre tverrfaglige møter som vil auka pedagoganes relasjonskompetanse og kunnskap. Alt dette vil auka kvaliteten til bornas beste i barnehagen.

Når vi ser på dette frå ein kritisk vinkel så er pedagognorma endå ikkje samordna og heller ikkje tilpassa den tradisjonelle avdelingsstrukturen. Vi erfarer at desse krava lyt få ein betre ordning no. Slik det er no vert pedagogane meir «vekke frå borna».

Vi meiner det er urovekkande at gode samtalar, leik, humor, filosofering, glede og danning blir minska saman med borna.

Borna skal oppleve eit lyttande og omsorgsfullt samspel med dei vaksne. Kvalitet i barnehagen meiner vi er at borna skal få god utvikling innan språk, kognitiv og sosial utvikling.

For å få god kvalitet i barnehagen er det viktig at pedagogane får tid saman med borna. Det er då pedagogane kan skapa relasjonelle, komplekse prosesser der born og vaksne i fellesskap skapar meining og utviklar læringsutbytte saman med borna. I rammeplanen for barnehagar står det at «personalet skal legge til rette for læringsprosesser som fremmer barnas trivsel og allsidig utvikling».

Bjørg Kvist, barnehagelærarstudent ved Høgskulen på Vestlandet.

Utfordringar med finansieringa

Men den nye pedagognorma skapar også andre utfordringar. Finansieringa av den nye norma har endå ikkje fått nokon form for ekstra ressursar. Fleire pedagogar i barnehagen vil blant anna føra til aukande lønskostnadar for barnehagane. Regulering av den nye pedagognorma skapar økonomiske problem og kan vise seg å være utfordrande for mange barnehagar med dagens finansieringssystem.

I løpet av 2017 blei det innvilga 172 millionar og i 2018 424 millionar til fleire barnehagelærarar, men no seier Statsministeren at statsbudsjetta vil verte strammare. Dette vil avgrensa moglegheita for å spytta inn meir pengar til offentleg sektor. Samtidig som budsjetta vil verta strammare, ynskjer ho å auke mengda barnehagelærarar til 50 prosent. Alt ansvar legg ho på kommunane og på barnehageeigarane, og at det er deira ansvar at det skal vera forsvarleg.

Vi stiller oss undrande til denne enkle utalelsen og av finansieringa av barnehagar der pedagognorma skal aukast, men budsjetta er like stramme som før. Når dei statlege kvalitetskrava av den nye pedagognorma er lovfesta og budsjettet er like stramt, er vi redde for kva som vil skje med barnehagane i dei ulike kommunane/herada. Dette betyr at det overlatast til kommunen/herad å sette i verk denne nasjonale reformen.

Underfinansiert

Både Utdanningsforbundet og kommuneorganisasjonen KS meiner regjeringas barnehagesatsing er underfinansiert. KS berekningar seier at pedagognorma og bemanningsnorma er underfinansiert med 400 millionar for 2019. Dette er alvorlige tall og vi er redde for at dette kan få store konsekvensar på kvaliteten på norske barnehagar, då dei ikkje får nok tilskot til å drive ein barnehage som samfunnsmandatet krev.

Vi er redde for at dette vil føre til eit svekka pedagogisk arbeid. Eit pedagogisk arbeid der til dømes bøker, leiker, pedagogisk verktøy, PPT-tenester som skal hjelpe barn med behov for særskilt tilrettelegging, bemanning av assistentar/fagarbeidarar og ikkje minst standarden på barnehagane vert dårlegare. Dette kan også føre til uheldig konkurransesituasjon der foreldre vil bytte barnehagar for å få eit betre tilbod andre stader.

Ellen Koller Selland, barnehagelærarstudent ved Høgskulen på Vestlandet.

Treng meir kunnskap

Med strammare finansiering der kommune/herad har mindre midlar å disponera barnehagane og økt konkurransesituasjon, er vi også bekymra for kva følge dette kan få for assistent/fagarbeidar.

Referansar:

Baardgaard, E. (2019). Kronikk - en løsning for de uløste utfordringene i barnehagen. Henta frå Adressa: https://www.adressa.no/meninger/kronikker/2019/01/09/En-l%C3%B8sning-for-de-ul%C3%B8ste-utfordringene-i-barnehagen-18204051.ece

Jacobsen, D. I., & Thorsvik, J. (2013). Hvordan organisajoner fungerer. Bergen: Fagbokforlaget.

Kunnskapsdepartementet. (2017). Forskrift om endring i forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehager. Henta frå lovdata.no: https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2017-12-19-2418

Kunnskapsdepartementet. (2017). Rammeplan for barnehagen innhold og oppgaver. Oslo: Kunnskapsdepartementet.

Løkås, M. T. (2018). Nå skal 43 av de ansatte være barnehagelærere. Henta frå Barnehage.no: https://www.barnehage.no/artikler/na-skal-43-prosent-av-de-ansatte-vaere-barnehagelaerere/428253

Skau, G. M. (2018). Gode fagfolk vokser Personlig kompetanse i arbeid med mennesker. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Utdanningsdirektoratet. (2017). Kva er kvalitetsutvikling i barnehagen? Henta frå UDIR: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kvalitet-i-barnehagen/hva-er-kvalitet-i-barnehagen/

Utdanningsdirektoratet. (2019). Nye barnehagenormer - Kva er status? Henta frå UDIR: www.udir.no

Utdanningsnytt. (2019). Erna Solberg kan ikke love mer bemanning i barnehagene. Henta frå utdanningsnytt: https://www.utdanningsnytt.no/barnehagelaerer-bemanning-bemanningsnorm/erna-solberg-kan-ikke-love-mer-bemanning-i-barnehagene/218931

Her kan omplassering av assistent/fagarbeidar bli eit nødvendig tiltak for å lette det strammare kommunebudsjettet. Då vil assistenten/fagarbeidaren bli omplassert til ein annan barnehage eller anna passande arbeid. Kva vil då skje med vaksenkontakten, støtta og nærleiken som borna har behov for når pedagogen eventuelt er i ein viktig foreldresamtale?

Vi føler på ei usikkerheit for pedagognorma og om den skapar den kvaliteten den er tiltenkt. Og vi meiner løysinga er at vi treng meir kunnskap rundt den nye pedagognorma, som kan fremme ein praksis til det beste for små og store i alle norske barnehagar.

Som ein del av utdanninga vår omhandlar den å kunne utvikle kritisk fagleg blikk med formål om å betra tilhøva. I denne kronikken vil vi få fram kor viktig det er å få ein god strategi på den nye pedagognorma. Her ynskjer vi gode løysingar slik at pedagogane får meir tid saman med borna.

Kvalitet er noko ein må satse på i eit langsiktig perspektiv. Dette gjeld oss som yrkesutøvarar og med tanke på bornas framtid. Vi ynskjer med dette å oppmoda regjeringa om å innvilge meir pengar til barnehagane. Vi vil at alle skal ha ein trygg arbeidsplass, eit godt arbeidsmiljø og ei pedagognorm som fungerer, der vi kan utøva kvalitet til bornas beste i alle norske barnehagar.

Powered by Labrador CMS