Treng meir nynorsk
– Det trengst meir medvit om nynorsk i barnehagane.
Det meiner tre artikkelforfattarar frå Høgskulen i Volda som medverkar til boka «Nynorsk med dei minste» som er gitt ut på Samlaget.
Sjølv i dei nynorske kjerneområda syng barnehagebarn songar på bokmål og les bøker på bokmål, skriv Sunnmørsposten.
Kvart år startar 8.000 barn i barnehagar i nynorske skulekrinsar. Spørsmålet er om desse barna møter skriftspråket sitt så tidleg og så mykje som dei bør. forfattarane meiner at så ikkje skjer.
Ein av forfattarane, Gudrun Kløve Juuhl, har følgt ein fireåring i ein barnehagen i det nynorske kjerneområdet.
– Denne barnehagen bruker konsekvent nynorsk. Likevel ser vi at vaksenleia aktivitet med språk, tekst og song, er på bokmål, seier Juuhl.
Ho meiner at i ein travel barnehagekvardag må ein planlegge og vere medviten på bruk av nynorsk.