Alle vil ake med den kulaste vaksne på Trollfjell, 19 år gamle Adrian Mulehamn.

Med fanget fullt av 4-5-åringar susar han av garde, til jubelrop og latter frå både store og små.
Alle vil ake med den kulaste vaksne på Trollfjell, 19 år gamle Adrian Mulehamn. Med fanget fullt av 4-5-åringar susar han av garde, til jubelrop og latter frå både store og små. (Foto: Linda Regina Bruvik, Firdaposten)

Her er Adrian (19) stjerna på avdelinga

Frydefulle hyl og jubelrop fyller lufta fredag morgon. Det har komme snø, og Adrian (19) og dei andre vaksne i Storevatn barnehage i Florø har funne fram akebretta.

– Er det nokon som vil sitte på fanget mitt?

– Jaaaaaaaaaaaaaa!!!!!!!! ropar nesten alle ungane frå avdelinga Trollfjell i munnen på kvarandre.

Alle vil ake med den kulaste vaksne på Trollfjell, 19 år gamle Adrian Mulehamn, som er lærling på andre året.

Med fanget fullt av 4-5-åringar susar han av garde, til jubelrop og latter frå både store og små.

Alle hamnar i ein diger haug i enden av bakken, dei rullar, ler og frydar seg i snøen.

Best å vere i lag med ungane

– Dette er det beste med å jobbe i barnehage, å vere i lag med ungane og finne på kjekke aktivitetar. Det er alltid spennande, og tida går så utruleg fort, fortel Adrian til Firdaposten.

– Eg prøver å få vere med ungane så mykje som mogleg. Eg har lyst å bidra til å gi ungar ein betre kvardag. Og viss eg kan få dei til å smile, så er det veldig bra!

Og det verkar ikkje vere noko problem.

– Vi vaksne synst det er veldig kjekt å ha han her. Han har glidd fint inn i personalgruppa, seier pedagogisk leder Benjamin Eggen om Adrian.
– Vi vaksne synst det er veldig kjekt å ha han her. Han har glidd fint inn i personalgruppa, seier pedagogisk leder Benjamin Eggen om Adrian.

– Adrian er veldig populær, han er den store stjerna på avdelinga. Men det er jo berre bra det!, kommenterer pedagogisk leiar Benjamin Eggen, som er instruktør og mentor i læretida.

– Og vi vaksne synst det er veldig kjekt å ha han her. Han har glidd fint inn i personalgruppa. Så er det jo sjølvsagt ein stor fordel med eit par ekstra hender på ei avdeling med 17 ungar frå to til fem år, seier Eggen.

Ikkje berre leik og moro

Med det er ikkje berre leik og tull og fjas i barnehagekvardagen, understrekar både Benjamin og Adrian.

Det er så ufatteleg mykje meir enn «å leike med ungane». Det er planlegging, det er samarbeid med foreldre, og mykje «usynleg» arbeid, som utforming av individuelle opplæringsplanar for kvar enkelt unge. Og saman med barna er det læring, sosialisering, utvikling og åtferd, for å nemne noko.

– Som vaksen rollemodell for små barn er det mykje å reflektere over. Alt ein seier og gjer påverkar ungane. Ein skal gi tryggleik, omsorg, leik og læring, seier Adrian.

Får ansvar

Som lærling får han også ansvar for eigne gruppeaktivitetar og prosjekt, og har sitt eige «Adrians hjørne» på vekeplanane.

– Eg har opplegg for mindre grupper, der eg lagar til ulike aktivitetar, og gjerne blandar inn litt læring. Vi har til dømes eksperiment, og lærer fargar, tal og litt engelsk, fortel han.

Noko av det som har vore mest lærerikt og spennande er å oppleve kor mykje leik faktisk har å seie.

– Leik betyr enormt mykje for barns utvikling og sosialisering. Det gjer det enda mykje kjekkare og meir spennande å leike med ungane, meiner Adrian.

Han drar fram personalgruppa i barnehagen som ein stor suksessfaktor for hans del.

– Eg har blitt så godt teken imot, det har skapt tryggleik for meg. Teamet har hatt veldig mykje å seie. Viss ikkje det hadde vore så bra, så trur eg ikkje eg hadde våga så mykje som eg gjer. Å kaste meg inn i leiken, og å prøve meg på alle slags situasjonar, seier Adrian til Firdaposten.

– Gøyare enn eg trudde

– Eg vil absolutt anbefale andre gutar å velje barnehage, seier Adrian Mulehamn (19).
– Eg vil absolutt anbefale andre gutar å velje barnehage, seier Adrian Mulehamn (19).

Adrian anbefaler andre som er glad i å jobbe med menneske å velje same utdanningsveg som han har gjort.

– Og eg vil absolutt anbefale andre gutar å velje barnehage, seier han.

– Å vere lærling her i barnehagen er lærerikt, kjekt og spennande. Ein kjeder seg aldri, ingen dagar er like, og det er enda mykje gøyare enn eg trudde, konkluderer han.

– Og viss du tabbar deg ut, så ler ungane med deg, ikkje av deg. Du kan by på deg sjølv, og tabbe deg ut, utan at det gjer noko, seier lærlingen.

Han starta utdanningsløpet sitt på Flora vidaregåande skule. Første året gjekk han linja «Helse og oppvekstfag». Deretter 2. året på linja barne- og ungdomsarbeidarfag. Så var det to år i lære, som han snart er ferdig med, før han kan ta fagbrev.

– Deretter var planen å ta påbygging for å få studiekompetanse, men det treng eg ikkje no, fortel han.

Rett på høgskule

Tidlegare måtte ein ta påbygging for å få generell studiekompetanse til å søke på høgare utdanning. Men i 2017 vart dette fjerna, og Adrian har difor planen klar.

Han vil søke seg direkte på barnehagelærarutdanninga i Sogndal når han er ferdig i Storevatn i juni i år. Barnehagelærar er ein bachelor som tar tre år. Då er han til dømes kvalifisert til å vere pedagogisk leiar, barnehagestyrar, eller leie SFO.

Garantert jobb

Det er stort behov for barnehagelærarar i Norge, og ein er omtrent garantert jobb etter studiet. Som barnehagelærar er du kvalifisert for pedagogiske leiarstillingar i barnehagar, og leiar for skulefritidsordninga (SFO).

Ein treng ikkje høgskuleutdanning for å jobbe i barnehage, ein kan ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, og deretter gå ut i yrkeslivet.

Fakta: Få menn

  • I 2016 var ni prosent av tilsette i barnehagar menn, og under halvparten av norske barnehagar hadde menn tilsett. Tala var uendra frå 2015, ifølge Statistisk sentralbyrå.
  • Mange av dei var assistentar, altså ufaglærte, totalt 3300 menn. 2200 menn var pedagogiske leiarar, ca. 500 var barnehagestyrarar.
  • Av dei tilsette i barnehagane i 2016 hadde 42,2 prosent barnehagelærarutdanning (bachelor).
  • 17,5 prosent av dei tilsette i barnehagane i 2016 var barne- og ungdomsarbeidar, fire prosent hadde universitets-/høgskuleutdanning, tre prosent var fagarbeidarar og 33,2 prosent hadde «anna» bakgrunn, ifølge Statistisk sentralbyrå.

Følg barnehage.no på Facebook og Twitter. 

 

Debatt

Til toppen