– Barn som til stadigheit opplev at den typen leik dei er mest interessert i vert avbroten eller forbode vil truleg oppleve at dei har lite medverknad i eigen kvardag, skriv Kjetil Havn, som meiner boltreleik og leikeslåsting også kan ha positive effektar.
– Barn som til stadigheit opplev at den typen leik dei er mest interessert i vert avbroten eller forbode vil truleg oppleve at dei har lite medverknad i eigen kvardag, skriv Kjetil Havn, som meiner boltreleik og leikeslåsting også kan ha positive effektar. (Foto: Istock)

Ein politisk ukorrekt elefant

– Likestilling mellom gutar og jenter forstått som likebehandling, kan i enkelte tilfelle stri med og skugge over andre viktige prinsipp i arbeid med barn, som medverknad og anerkjennelse, skriv masterstudent i spesialpedagogikk, Kjetil Havn.

  • pedagogikk

Lars Bjørge Pedersen uttrykker i ein kronikk på barnehage.no uro for kva gutars leike- og leiketøyspreferansar kan ha å seie for utviklinga deira generelt, språkutviklinga spesielt. Han meiner den auka kjønnssegregeringa av leiketøy er ein elefant i rommet vi bør snakke meir om, då den kan stimulere til ein type åtferd som utviklingsmessig spenner bein på gutane – ein leik som er konfliktskapande og språkfattig.

Les Lars Bjørge Pedersens kronikk her.

Sjølv opplev eg at gutars leike- og leiketøyspreferansar er noko det snakkast nokså mykje om, som oftast med negativt forteikn. Lite snakkast det derimot om dei positive effektane deltaking i boltreleik og leikeslåsting kan ha, med eller utan symbolske våpen eller leikevåpen. Det er sjølvsagt forståeleg at vaksne kan ha problem med gutars preferansar for leiketema som går imot personleg ideologi og moral, og leiketøysprodusentars, spel- og filmskaparars utnytting og forsterking av desse. Samstundes er ikkje dei vaksnes haldningar aleine ein god grunn til å nekte gutar å leike slik dei ynskjer.

Den relativt avgrensa forskingslitteraturen som finns på området gjev, i motsetnad til det typiske innlegget i media, generelt eit positivt bilete av denne forma for leik. Boltreleik og leikeslåsting utviklar seg svært sjeldan til fysisk aggresjon (i ca. 1 prosent av observerte tilfelle), og regelmessig deltaking er forbunde med auka grad av emosjonsregulering og sosial kompetanse – dei gutane som leikeslåst mest er typisk òg dei minst aggressive. Gutar pleiar sine venskap i denne forma for leik og viser omsorg og godheit for kvarandre på sin særeigne måte gjennom klemmar og kjærteikn fordekt som bryting, lette slag og spark. Som andre typar leik kan òg denne gjerast meir språkleg rik om dei vaksne deltek i den på ein god måte.

Eit syn på gutars boltreleik og leikeslåsting som årsak til aggresjon, vald og språkvanskar finn ein lite støtte for i forskingslitteraturen. Eit slikt syn kan òg seiast å dra fokus vekk ifrå andre viktige faktorar i utviklinga av slike problem. Forsøk på endring av gutars leik og interesser som Pedersen legg fram som ei løysing går dessutan imot andre viktige prinsipp i arbeid med barn.

Medverknad og anerkjennelse – for alle?

Det har skjedd eit positivt skifte i synet på barn. Eit syn på barn som avhengige, sårbare og mangelfulle har vorte erstatta av eit syn på barn som kompetente og aktive aktørar - ekspertar på eigne liv. Det er stor einigheit om at barn skal lyttast til - dei har rett til medbestemming i alle sider ved liva deira.

Barn som til stadigheit opplev at den typen leik dei er mest interessert i vert avbroten eller forbode vil truleg oppleve at dei har lite medverknad i eigen kvardag. Det er derfor grunn til å spørje om medverknad er eit prinsipp som gjeld berre for barn med dei rette interessene – interesser som støttar opp under dei vaksnes politisk korrekte haldningar.

I staden for å moralisere over kva som er god og dårleg leik bør ein som vaksen ha ein anerkjennande veremåte ovanfor barna. På denne måten dannar ein gode relasjonar til barna som i seg sjølv er utviklingsfremjande, og eit rom der stimulering av ulike utviklingsområder kan finne stad.

Dersom ein som vaksen deltek i gutanes leik, med kunnskapar om denne, kan ein òg auke si forståing av kva som ligg bak den ytre observerbare åtferda – kva meining leiken har for gutane.

Forskjellane i språkferdigheiter mellom jenter og gutar – årsakar og tiltak

Internasjonale undersøkingar, som PISA 2012, viser at det er store forskjellar i leseferdigheiter mellom norske jenter og gutar. Det er grunn til å tru at desse forskjellane i stor grad skuldast ulike mengder språkleg stimulering. Vi veit at systematisk språkstimulering fremjar barns språklege ferdigheiter, og at ulik deltaking i språkstimulerande aktivitetar kan bidra til å forsterke forskjellane som i utgangspunktet finns mellom barna.

Ein ny studie frå Lesesenteret viser at språkaktivitetane i barnehagen appellerer meir til jentene enn gutane. Konsekvensen av dette er at gutane søker andre aktivitetar og dermed blir mindre språkleg stimulert enn jentene. Ynskjer ein å bidra til at forskjellane i språkferdigheiter mellom jenter og gutar blir mindre bør ein derfor, i tråd med prinsippa om medverknad og anerkjennelse, gjere det motsette av det Pedersen skisserar. I staden for å skulde på gutanes interesser og forsøke å endre dei bør vi ta utgangspunkt i dei - forsikre oss om at gutane vert stimulert meir språkleg og finn glede i dei språkstimulerande aktivitetane.

Lesing bør vere obligatorisk då barn som har eit mindre godt utvikla språk, dei som treng språkleg stimulerande aktivitetar mest, ofte vel andre mindre språkleg krevjande aktivitetar. Det er samanheng mellom leselyst og språkferdigheiter, så bøkene ein les bør handle om det barna er opptekne av. Elles bør ein møte barna der dei er, i den leiken dei likar. Vaksne har ein tendens til å engasjere seg mest i rolege aktivitetar som flest jenter deltek i medan mange av gutane held på med meir aktiv leik.

Ei fridomsgjevande likestilling

Feministisk teori er utvilsamt eit nyttig utgangspunkt for refleksjon over korleis vi forskjellsbehandlar gutar og jenter. Samstundes kan likestilling mellom gutar og jenter forstått som likebehandling i enkelte tilfelle stri med og skugge over andre viktige prinsipp i arbeid med barn, som medverknad og anerkjennelse. Når det i tillegg, ut ifrå forskingslitteraturen, er lite truleg at skisserte tiltak vil ha positiv effekt bør dei forkastast.

Vi har behov for ei fridomsgjevande likestilling som gjev barna rom til å vere som dei er og ynskjer å vere uavhengig av kjønn. Det vi derimot ikkje har behov for er ei kontrollerande likestilling som pressar barn inn i like rigide mønster som dei den er meint å motverke. Barn er ikkje blanke tavler ein kan skrive kva ein vil på. Barn er forskjellige, autonome og kompetente individ, og vi skuldar dei å møte dei i den leiken dei likar best, anerkjenne interessene deira og tilby dei språkstimulerande aktivitetar på deira premiss.

Debatt

Til toppen