- Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit. Teksten ble først framført under Pedagogisk kafé i regi av Utdanningsforbundet Stord torsdag 11. januar.
«Me er snart til vegs ende ein heilt vanleg dag, og som vanleg så går da slag i slag.»
Alle må ut til klokko er to, for me må samarbeida med alle avdelingar
no.
Pål skal ha bleia og Per medisin, resten av ungane slåst og grin.
Assistenten har pause, vikaren er sjuk, magen min romla, da er kaos på
vårt bruk.
Pål skal smørjast før han går ut, Per skal vaskast, men berre med klut.
Pål hadde bæsj ved henting i går og Per hadde snått så naso blei
sår.
Vikaren som kledde, tok Pål for Per, så då blir da klage når sånne ting
skjer.
Askeladden si mor er taus, krev ho aldri noko eller er ho berre
raus?
Votten til Per har me mista på tur så no er faren hans ganske
sur.
Pål si mor ba om møte igjen, for andre ungar har vore slem.
Pål slår Per og Per slår igjen, men i følge mor vil han berre gje klem.
Ho seier dei ikkje får leika i lag, dei to må skiljast kvar einaste
dag.
Askeladden er ikkje i form, me ringte heim, men ingen kom.
Mor var på jobbreis og far var i møte, me fekk opptattsignal kvar gong
me prøvte.
Per er trøtt for han er slutta å kvila, no er han sliten og heilt
fortvila.
Tidligvaktene går heim for dagen, og Askeladden grin for han har så
vondt i magen…
Matboksen er full, har han ete nok?
Foreldrerådet vil jo ha barnehagekokk.
Eg og vil da, men eg treng hender med barna, men da kan jo ikkje
foreldrene ana…
Då Pål blei henta med bæsj i går, var eg ute åleine med avdelinga
vår.
Eg beklaga sjølvsagt dette, men fortalt at eg var åleine hadde vel vore
det rette...
I morgon skal pedagogisk rapport leverast, og BTI referat må også
noterast.
Eg burde førebudd neste prosjekt, men dokumentasjonen har tidsfrist og
må vera rett.
Eg må ringa ei mor som trenge ein prat, skriva dagen i dag og så kan eg
kanskje eta min mat…
Vikar må ordnast fortast mulig, men Adecco har ingen så da er heilt
umulig.
Pedagogisk plattform skal vera på plass, TIK, leik og læring og ikkje
minst Class.
«Barnet først» er vårt slagord i FUS, men utan bemanning så går da i knus.
Lover, forskrifter, rammer og krav, frå stat, kommune og kjede
kvar dag.
Alt skal fylgjast til punkt og prikke, men auka
bemanning da får me ikkje!
Kjærleik og omsorg barna skal få, trygge vaksne som ser dei små.
Om kven som helst denne jobben kan ha, vil kvaliteten på arbeidet då
bli bra?
Er da løye me blir sliten og lei når ingen høyre på da me har å sei?
Eg føler meg skvist mellom barken og veden, og snart har eg mista
arbeidsgleden.
Eg kan ikkje forventa at kunden skal sjå, det
som kunden slett ikkje kan forstå?!
Så kven er det då me beskyttar kvar dag? Omdømme til kjeden eller
vårt «barnehage lag»?
Er me redd for dårleg omdømmeskår, slik at me ikkje vår bonus
får?
Pengar det finst det, i bøtter og spann, men dei blir ikkje brukt på
vesle Olemann…
Me får beskjed om å slutta å klaga og syta og heller av barnehageyrket
skryta,
men da er ikkje yrke me snakka ned, da er på vegne av
barna me gjer beskjed!
Korleis skal dei ein betre kvardag få om ingen vågar å sei i frå?
Det er heller ikkje løna som gjer at me blir, men alt det gode som
ungane gir.
Kvart einaste barn er ein dyrebar skatt, men heila systemet da gir meg
fnatt.
Tidlig innsats ein floskel blir og til sjuande og sist er da barna som
lir.
Me er her for barna kvar einaste dag, og ber alle no om å spela på
lag.
Det er desse små som skal veksa opp, og ein gong ta vare på din gamle
kropp…
Så kjære kunde, eg forstår deg så godt, men eg skal møta alle og då
blir da for smått.
Eg har ikkje fleire hender enn to og i løpet av ein dag får eg knapt
gått på do.
Me open og ærleg med deg som kunde må bli, og ei avklaring på førehand
me burde gi!
Dåke er den politiske muskelkraften, som må engasjera dåke i
barnehagedebatten!
Så fortsett og krev du kjære kunde, men krev også til dei som har
pengar og mynde!
Barna treng meir enn me klarar å gje, så no må det faktisk ei endring
skje!
Eg slites i to av og ha det som dette, for barnet først vil eg alltid
sette!
Krava er mange og hendene få, skal eg berre ta hatten min og gå?
Teksten ble først framført under Pedagogisk kafé i regi av Utdanningsforbundet Stord torsdag 11. januar.