FAGARTIKKEL

Knerten har skrevet reisebrev i bokform fra skolen. Snart blir disse fem- og seksåringene i Plassebakken barnehage førsteklassinger. På denne måten får de vite litt mer om hva som venter dem.
Knerten har skrevet reisebrev i bokform fra skolen. Snart blir disse fem- og seksåringene i Plassebakken barnehage førsteklassinger. På denne måten får de vite litt mer om hva som venter dem.

Her blir Knerten med barna når de begynner på skolen

Denne våren får alle skolestarterne på Skodje i Ålesund kommune besøk av Knerten - som har med seg reisebrev fra skolen de snart skal begynne på. Selv nå i disse koronatider er det mulig å skape gode overganger, skriver artikkelforfatteren.

Publisert Sist oppdatert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

Styrerassistent Camilla Molvær har skrevet en artikkel om å skape gode overganger fra barnehage til skole. Selv nå i disse koronatider er det mulig, såfremt en har lærere og personale i både barnehage og skole som strekker seg litt lenger - og som ser hvor viktig arbeidet med overganger er. Her er teksten hennes:

Knerten på turné

Knerten reiser i år rundt til alle skulestartarane på Skodje, samt 3. klasse ved Skodje barneskule. Ein koffert og ei bok der Knerten skriv reisebrev om alt det spanande han opplever, er alltid med på ferda. No er Knerten endeleg tilbake i Plassebakken barnehage!

Etter mange år i barnehage er det snart tid for ein ny epoke for utegruppa Ulvehiet, som er ein gjeng med 17 skulestartarar. I august er dei 1. klassingar ved Skodje barneskule.

<span class=" italic" data-lab-italic_desktop="italic">«Knerten er ein pinne med armar og bein», fortel fem- og seks åringane ved Plassebakken barnehage i Ålesund kommune.</span>
«Knerten er ein pinne med armar og bein», fortel fem- og seks åringane ved Plassebakken barnehage i Ålesund kommune.

«Vi har vanlegvis mange treffpunkt med skulen og dei andre barnehagane i bygda siste året før skulestart. Dette for at overgangen frå barnehage til skule skal opplevast trygg og god for alle born,» fortel pedagogisk leiar ved Ulvehiet, Maria Tomren.

«På grunn av Covid- 19 har det meste av dei tradisjonelle aktivitetane vore vanskeleg å gjennomføre, men vi har arbeidd for å gjere det beste ut av situasjonen likevel.»

Knerten som overgangsfigur kom opp som eit kreativt forslag på planleggingsmøte mellom skule og barnehagar i fjor haust. Og frå januar av har Knerten besøkt tre ulike barnehagar i bygda; Plassebakken, Prestemarka og Skodje barnehagar. I tillegg til 3. klasse som då er fadderklassa til dei framtidige elevane.

Gleder seg til besøk

Skulestartarane i Plassebakken barnehage sit rundt bålet og skal ete havregryns-graut til lunsj. Maria har med Knerten og vil lese frå boka hans medan ungane et seg mette. Det er lenge sidan Knerten var på besøk no, så ungane gler seg til å høyre kva han har gjort sidan sist. Maria kremtar og gjer seg klar til å lese og fortelje frå reisebrevet då Knerten var på skulebesøk:

«Her er eit bilete frå ein fjelltur Knerten har vore med på saman med elevane, og her har dei hatt skøytedag».

Maria peiker og viser bilete til borna.

Skøytedag og fjellturar er kjente aktivitetar også for skulestartarane, så mange kjenner igjen både fjelltoppar og skøyteplassar. På eit av bileta lagar Knerten ein fin vev saman med elevane, som til slutt skal bli ei ugle. Ungane ser også eit bilete der Knerten les engelsk på nettbrett.

«Og høyr her!» seier Maria. «3. klasse skriv at de må glede dykk til å starte på skulen, dei gjer veldig mykje kjekt der!»

«Eg gler meg mest til å bli politi», gjespar ein litt søvnig seks- åring.

Men så vaknar han då han høyrer at ein også kan sjå film i amfiet på skulen. Og når det til og med kan bli servert popkorn til filmen, så er det ikkje sikkert han syns det er så verst å starte i 1. klasse likevel.

Videre fortel Maria at etter vinterferien i februar skulle elevane skrive om kva dei hadde gjort på i ferien. For å skrive om dette, laga dei først eit tankekart.

«Når ein bruker eit tankekart, skriv ein til dømes VINTERFERIE i midten på eit ark, og så kan ein skrive ned hendingar eller tankar som ein kjem på knytt til ferien», forklarer Maria. Det å spille data, overnatte og få besøk var nokre av dei aktivitetane elevane hadde gjort.

«Dette er jo slike ting de også liker å gjere,» kommenterer Maria.

Og så får ungane sjå at Knerten har vore på biblioteket saman med elevane og at ein der kan låne både tjukke og tynne bøker.

«Vi har jo også bibliotek! Kanskje Knerten kan få bli med på biblioteket vårt?», foreslår eitt av borna.

«Ja, det var ein god ide!» svarar Maria.

<span class=" italic" data-lab-italic_desktop="italic">Skulestartarane i Plassebakken barnehage sit rundt bålet og skal ete havregryns-graut til lunsj. Maria har med Knerten og vil lese frå boka hans medan ungane et seg mette.</span>
Skulestartarane i Plassebakken barnehage sit rundt bålet og skal ete havregryns-graut til lunsj. Maria har med Knerten og vil lese frå boka hans medan ungane et seg mette.

Det er mange born som vil snakke samstundes, så Maria minner om at dei må øve på å rekke opp handa, elles snakkar alle i munnen på kvarandre.

«Eg øver på å lese heime!» seier ei av jentene stolt då ho får ordet. «Eg kan mange bokstavar!».

Knerten og 3. klassingane skriv at også dei øver på å lese, at dei har mange fag på skulen, men at det sjølvsagt er tid til leik.

«Når det er leiketimar kan vi halde på med lego, puslespel, spel, teikne, pluss- pluss og andre ting,» skriv elevane.

Og når det er mat på skulen, ser dei ofte på nyhende. Nyhende for born heiter Supernytt, og mange av borna nikker gjenkjennande då dei høyrer om dette programmet.

«Eg veit at mange av dykk gler dykk til å starte på skulen, men at nokre også gruer seg fordi det er så mykje som er annleis. Men no har vi akkurat lest at på skulen gjer dei mykje av det same som vi gjer i barnehagen også!»

Det er stille i forsamlinga og mange kjenner kanskje på ei lita lette, andre er meir vonbroten. Plutseleg kjem det frå ein av ungane: «Kva er vitsen med å starte på skulen, om vi skal gjere akkurat det same då?!».

Russeknutar 2020/ 2021 Plassebakken barnehage

Russeknutar 2020/ 2021 Plassebakken barnehage

Kongle: Førsteklasses fjellgåar

Is- pinnar: Gå på ski over Ørskogfjellet til Solnør (Nesten 1 mil!!)

Pinne: Spikke

Fugl: Studert fuglar

Haustblad: Presse blad

Fjær: Hjelpe til med pass og stell av i barnehagen sine dyr

Lakrisfisk: Vasse før 1.mai

Pastasløyfe: Hjelpe til å lage mat

Gulrot: Så grønsaker

Blyant: Skrive sitt eige namn

Stoffbit: Sy hjarte

Plastbit: Plukke søppel

17. maipynt: Perle etter mønster

Fyrstikk: Lage bål i naturen

Sokk: Kle på seg sjølv

«Det vil nok ikkje bli heilt det same», forsikrar Maria, «men kanskje ikkje så framand og ukjent likevel...?»

Og det er nett det som er målet, at Knerten skal vere med på å bygge bru og skape samanheng mellom det kjente og det litt meir ukjente. Knerten gir eit bilete av korleis det er der ute, både på skulen og i dei andre barnehagane. Han seier noko om kven dei andre borna er, kva dei liker å gjere og litt om det dei kan. Kva som er forventa og kva som er mogleg. Oversikt gir tryggleik, og tryggleik skaper som kjent meistring.

Russefeiring

Maria let att boka og minner borna i Plassebakken barnehage på at det snart er mai- fest, og at dei då skal gå i russetog med dei andre barnehagane, kohortvis sjølvsagt. Og Knerten skal sjølvsagt bli med! Han har til og med si eiga russelue!

Siste året i barnehagen har aldri blitt markert med russefeiring tidlegare, men i år blei Rosarussen ein del av ei litt annleis førebuing til skulestart. Skulestartarane har brukt året på å gjere mange lærerike og litt ekstra kjekke aktivitetar, og så har dei fått «knutar» i luene sine. Dei tre barnehagane i bygda har gjennomført aktivitetane kvar for seg, men no skal dei altså møtast i eit felles russetog, ete pølse og ha potetløp – kvar for seg, men likevel ved sidan av. Ungane blir jo ikkje akkurat kjende med kvarandre, men for dei kan det vere fint og trygt å få studere kvarandre litt på avstand også. Det at ein gjer noko saman, er med på å skape eit slags «felles- vi». Og kjensle av fellesskap er viktig når ein skal ut i den store verda!

I Plassebakken barnehage er lunsjen over, og nokre av ungane vil sjå meir i boka til Knerten. Andre vil leike og springe og hoppe og sprette. Enn så lenge er fridomen til å velje aktivitet, relativt stor. Om ikkje lenge vil andre forventningar råde, det er jo ein del av dette med endringar og overgangar. Men for at overgangen skal bli god, er det viktig å få med seg noko av det ein kjenner godt frå før også. For fem- og seksåringane i Plassebakken barnehage, er det å lære med heile kroppen ute i naturen noko av det dei kan aller best!

Ein av skulestartane som endå ikkje har gått for å leike, kjem plutseleg på ei hending med Knerten: «Ein dag fekk Knerten vere med oss på tur i skogen. Og veit du kva han måtte då…? Han måtte tisse bak eit tre, for vi hadde ingen do!» Jenta ler så ho rister, før ho legg frå seg Knerten på benken og går for å utforske skogen med dei andre ungane.

Det er jo ein del av livet det også, og av og til måtte tisse bak eit tre…eller finne løysingar når ein står fast, å klare seg på eiga hand liksom. Knerten har lært mykje gjennom desse månadane han også, og det ser ut som han gler seg til sommarferie... Han er litt slitt i lakken - det er nemleg ikkje berre, berre å bli kjent med så mange ulike born på kort tid!

Men etter ein lengre ferie, er han klar igjen! Då flyttar han og boka og kofferten inn på Skodje barneskule på permanent basis. Og forhåpentlegvis vil han då vere klar for å vere samlingspunktet for alle skulestartarane i heile Skodjebygda! Kanskje vil han minne borna på overgangen frå det kjente til det ukjente, og slik skape oversikt og samanheng i ein ny skule- kvardag?

<span class=" italic" data-lab-italic_desktop="italic">Knerten skal sjølvsagt bli med på russefeiringa. Han har til og med si eiga russelue!</span>
Knerten skal sjølvsagt bli med på russefeiringa. Han har til og med si eiga russelue!
Powered by Labrador CMS