KRONIKK

Fra venstre: Elna Aaning Olsen og Tove Hanebrekke Starheimsvik, styrar i Gjerdane barnehage.

50 år med omsorg, tryggleik og engasjement

I mai kunne vi markere eit heilt spesielt jubileum i barnehagen vår. Vår gode kollega, Elna Aaning Olsen, har gjennomført inntet mindre enn 50 år i barnehageyrket.

Publisert Sist oppdatert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

  • Innlegget ble først publisert i Fjordabladet.

Ho starta barnehagelivet sitt i Eid barnehage i 1976. Der jobba ho til Gjerdane barnehage stod ferdig i 1988. Elna blei då med på oppstarten i Gjerdane barnehage som då var ein privat barnehage og som seinare vart kommunal. Her har ho vore ein engasjert medarbeidar heilt fram til ho gjekk av med pensjon for eit par år sidan. Sjølv om ho formelt er pensjonist, har ho ikkje heilt klart å sleppe taket i barnehagelivet. Til stor glede for både barn og tilsette stiller ho framleis opp som vikar når vi treng det.

Ho var tidleg ute med å ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Ho seier at ho vurderte å ta vidare utdanning, men det blei det aldri noko av. Ho trivast så godt i jobben og i barnehagen at det aldri vart nødvendig med meir utdanning. Ho har alltid likt jobben sin svært godt, og det er lett å forstå når ein ser det engasjementet og den omsorga ho viser i kvardagen

Når ho ser tilbake på dei siste 50 åra, peikar ho på at den største endringa er innhaldet i barnehagen. Då ho starta, var det få planar, og dagane vart ofte tekne som dei kom. I dag er det stort fokus på innhald, kvalitet og pedagogisk arbeid, støtta av planar og rammeverk som skal sikre eit godt tilbod til alle barn.

Ho meiner også at barna har endra seg. Dei er meir sosiale i dag enn for 50 år sidan. Tidlegare kunne tilvenninga til barnehagen ta mykje lengre tid enn den gjer no. Kanskje kjem det av at barna er meir vane med sosiale arenaer og samspel med andre barn frå tidleg alder, meiner ho.

I mai samla vi kollegaer til ei ekstra markering av 50-årsjubileet hennar. Det står stor respekt av å halde ut i ein krevjande og viktig jobb gjennom fem tiår. Gjennom desse åra har generasjonar av barn møtt omsorg, tryggleik, varme og gode opplevingar gjennom hennar arbeid. Eit tydeleg teikn på kor lenge og kor mykje ho har betydd, er at barn ho hadde i barnehagen dei fyrste åra, no kjem tilbake som besteforeldre og hentar sine eigne barnebarn i barnehagen. Det er ikkje mange som får oppleve å setje spor etter seg gjennom fleire generasjonar på denne måten.

I arbeidet sitt er Elna effektiv, kreativ, løysingsorientert og ho har alltid kontroll. Vi har stor respekt for den jobben ho har gjort og framleis gjer. Ho har påverka både små og store i positiv retning med sin kunnskap og veremåte.

Vi er stolte over å ha hatt henne som kollega, og takksame for alt ho har bidrege med gjennom eit halvt hundreår i barnehagen. Og skulle dagane bli litt lange som pensjonist, håpar vi sjølvsagt at vi får sjå henne att i barnehagen også til hausten.

Gratulerer med eit imponerande jubileum!

Powered by Labrador CMS