KRONIKK

Frå gode intensjonar til – profesjonell fleirkulturell kompetanse

«Spørsmålet er: Har utdanninga og praksisfeltet teke dette ansvaret på alvor?»

Publisert Sist oppdatert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

I ei tid der mangfald pregar barnehagekvardagen, er det ikkje nok å vere open og inkluderande i teorien. Barnehagelærarens profesjonsidentitet må spegle eit aktivt ansvar for å forstå, verdsetje og møte kulturelle forskjellar med fagleg tryggleik. Fleirkulturell kompetanse er ikkje eit tillegg – det er kjernen i profesjonsetikken. Spørsmålet er: Har utdanninga og praksisfeltet teke dette ansvaret på alvor?

Astrid Øien Halsnes, dosent i pedagogikk og Svitlana Holovchuk, førsteamanuensis i pedagogikk ved NLA Høgskolen.

Barnehagen som møteplass for mangfald

Barnehagen er ikkje lenger ein homogen institusjon. Den er ein levande møteplass for språk, kultur og identitet – og dermed ein nøkkelarena for å forme framtidas samfunn. I ein fleirkulturell kvardag må barnehagelæraren vere rusta til å møte barn og familiar med fagleg tryggleik og kulturell forståing. Dette krev meir enn gode intensjonar. Det krev profesjonell fleirkulturell kompetanse.

Fleirkulturell kompetanse handlar om å forstå og verdsetje forskjellar – ikkje berre å tolerere dei. Det er haldningane og kompetansen til personalet som avgjer om mangfaldet blir møtt med respekt, anerkjenning og innsikt (Halsnes & Småland, 2020).

Teorien om dobbeltkvalifisering gir eit viktig pedagogisk perspektiv: barn med minoritetsbakgrunn må få støtte til å delta i majoritetssamfunnet, samstundes som dei får utvikle og bevare sin eigen kulturelle identitet (Engen & Aasen, 1994). Dette krev ein pedagogikk som inkluderer og anerkjenner – ikkje assimilerer.

Hamarmodellen – bru mellom teori og praksis

Hamarmodellen, utvikla ved Høgskolen i Innlandet, viser korleis utdanninga av barnehagelærarar kan integrere teori, praksis og forsking. Studentar får møte mangfald i praksis, reflektere over eigne haldningar og utvikle ein profesjonell identitet der fleirkulturell kompetanse er ein naturleg del. Denne modellen tar utgangspunkt i nærmiljøskultur og har «en danningsteoretisk forankring». (Gunnestad, 2019, s. 130)

Frå utdanning til praksisfelt – styrking av flerkulturell kompetanse i barnehagelærerutdanninga:

For å sikre at denne kompetansen blir ein del av profesjonsutøvinga, må utdanninga:

  • Gi djupare innsikt i fleirspråklegheit og identitetsbygging frå eit pedagogisk perspektiv.
  • Bruke Engens arbeid som teoretisk grunnlag for fagleg refleksjon rundt eigen praksis.
  • Skape praksisarenaer der studentar møter reelt mangfald og får moglegheit til å utvikle inkluderande pedagogisk praksis basert på profesjonsetiske verdiar.
  • Løfte fram pedagogisk arbeid som fremjar inkludering og språkleg utvikling, og vise korleis barnehagelærere kan støtte barn med ulik språk og kulturbakgrunn.
  • Vise korleis digitale verktøy kan brukast som hjelpemidlar for arbeid med barn og foreldre ved å fremme kommunikasjon og visuelle støtte, kulturell utveksling, barns medverknad og inkluderande praksis (Holovchuk, 2025).

Ikkje eit tillegg

Fleirkulturell kompetanse er ikkje eit tillegg – det er ein del av barnehagelærarens profesjonelle ansvar. Barnehagen er ein viktig arena for framtida. La oss sørge for at den framtida er prega av fagleg tryggleik, kulturell forståing og inkluderande praksis.

Litteratur:

Engen. T.O. & Aasen, J. (1994). Oppdragelse for det flerkulturelle samfunnet: dobbeltkvalifisering og kultursammenlikning. I J. Aasen & T.O. Engen (Red.), Didaktikk og lærerplanarbeid i barnehage og skole. (163–202). Oplandske Bokforlag.

Gunnestad, A. (2019). Didaktikk for barnehagelærere. En Innføring. Universitetsforlaget.

Halsnes, A.Ø. & Småland, E.G. (2020). Frå gjest til med-arbeidar. Feltarbeid i eigen kultur i eit framand land. I L.K. Jermstad og U.S. Goth (Red.), Frå barnehage til voksenliv (s. 49 – 64). Novus Forlag.

Holovchuk, S. (2025, 12. august). Digital Tools as a Supplement in Kindergarten. EECERA Conference 2025 – Guest Blog https://www.eecera.org/general/eecera-conference-2025-guest-blog-14-digitalization-in-kindergarten/



Powered by Labrador CMS