DEBATT
«Når vi diskuterer skjerm i barnehagen, må vi hugse å skilje mellom privat og profesjonell bruk.»
Foto: Privat / Getty Images
God digital kompetanse startar allereie i barnehagen
Diskusjonen om skjermbruk og digital kompetanse i barnehagen pågår enda med fokus på ytterpunkta. Eit mål for framtida burde vere å skape robuste og kritisk tenkande barn, som kan vere kreative og leikande også i møte med den digitale verda, skriv Helene Myran Klokk.
- Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.
Barnehagen skal
vere ein trygg stad å lære – også digitalt.
Ein profesjonell bruk med kompetente, tilstadeverande tilsette og ein balanse i
barnehagedagen kan vere med å skape robuste barn inn mot eit digitalt samfunn.
Det er jo det vi ønsker, at barn skal kunne handtere det dei vil møte i livet.
Sanninga er at vi lever i eit digitalt samfunn. Vi som vaksne må kunne vere der
og støtte dei til å kunne bli robuste og kritisk tenkande, til å gå dette i
møte. I større grad enn generasjonane før har fått mogelegheita til.
Debatten om
skjermbruk i barnehagen har vart lenge.
Debatten er prega av uro, sterke meiningar og eit skile mellom ingen tilgang
til digitale verktøy på den eine sida, eller digitale verktøy i staden for
analoge på den andre. Samtidig visar tala frå Medietilsynet at over 16 000
norske 1–4-åringar vekentleg er konsumentar av ulike mediatenester. Som
konsument finst det berre ei løysing, der skjerm og digitale verktøy blir til
underhaldning og tidsfordriv. Det er forståeleg at dette skapar debatt og ei
bekymring for både tilsette i barnehagen, foreldre og i samfunnet elles.
Når vi diskuterer
skjerm i barnehagen, må vi hugse å skilje mellom privat og profesjonell bruk.
Desse to verdane har ofte blitt sett på som den same, når den eigentleg ikkje
er eller burde vere det. Det er derfor barnehagen spelar ei viktig rolle som
den profesjonelle parten og ei viktig stemme for barna si framtid: Der barn
blir produsentar i møte med dei digitale verktøya, der det ikkje er nokon
førehandsbestemte løysingar, der barn er skapande og produserer innhaldet
sjølve.
Privat
skjermbruk er ofte basert på å vere konsumentar.
I norske heimar har:
- 64 % av 1-4
åringar tilgang til TV
- 38 % av 1–4
åringar tilgang til nettbrett
- 12 % av
1–4-åringar har tilgang til mobil
- 13 % av 1-4 åringar
har ingen skjermtid
Mange av dei yngste
barna brukar skjermen som konsumentar – dei tek imot innhald, men skapar lite
sjølve. Det er blant anna dette NOU-en Det digitale i livet (2024)
legger i at skjermbruk sannsynlegvis ikkje er positivt for barn si utvikling
dei to første leveåra, og derfor burde vere svært avgrensa. Samstundes står det
at utvalet har stor tillit til lærarane og skuleleiarane si vurdering når dei
tek i bruk digital teknologi.
Profesjonell
digital praksis der barn er aktivt skapande.
I barnehagen skal
digital teknologi brukast saman med vaksne og alltid med ein pedagogisk
intensjon. Her handlar det ikkje om underhaldning og barnepass, men blant anna
om læring, leik, og utforsking.
Den profesjonelle
digitale praksisen handlar om:
Å kunne ta i bruk
eit digital mikroskop for sjå nærare på til dømes bladet si utforming. Å kunne
bruke greenscreen til å kunne skli ned eit høgt lavafjell saman med andre. Å
kunne ta i bruk matematikk, problemløysing og programmering gjennom leik med
robotar som Blueboot.
Dette er kun nokre
få digitale verktøy som kan vere med og gi ein ekstra dimensjon i barnehagen.
Desse og andre digitale verktøy, kjem i tillegg til analoge verktøy, og saman
gir dei oss fleire mogelegheiter for leik, undring og refleksjon.
Når teknologien blir
ein del av leik og utforsking, er ikkje barna konsumentar – dei er aktive
medskaparar og produsentar.
Dei tilsette
sin kompetanse er viktig.
For at digital praksis skal vere forsvarleg og pedagogisk forankra, må
personalet ha god kompetanse. Denne må romme blant anna forskjellen på
produsentar og konsumentar, personvern, digital dømmekraft, og barn sine ulike
formar for leik. Leiken har ein eigenverdi i seg sjølv og har ikkje eit direkte
formål utover dette, men er meiningsdannande for dei som er delaktige. Når dei
tilsette brukar kompetansen sin og ser samanhengane mellom det digitale, leiken
og pedagogikken, kan vi sikre ein god digital kvardag med barna. Dette får vi
igjennom å vurdere kva vi gjer, kvifor vi gjer det og korleis, etterfylgt av ei
evaluering. Dette for å sikre kvaliteten.
Då kan ein plutseleg
finne ut at digitale verktøy kan vere:
- Eit supplement til
det analoge
- Ein inngang til
nye samtalar og refleksjonar
- Leik, læring og
undring
- Eit verktøy for
inkludering
- Ei støtte i språk-
og motorisk utvikling
- Forståing av den
verda ein er ein del av (til dømes rolleleik)
Profesjonell bruk
handlar ikkje om meir skjerm – men korleis vi brukar skjermen saman med barna.
Barna treng
ikkje å bli skjerma for framtida – dei treng å bli rusta for ei god og
balansert framtid.
Rammeplanen slår
fast at barna skal utvikle kritisk tenking, vurderingsevne og
handlingskompetanse. I eit samfunn som blir stadig meir digitalt, gjeld dette
også teknologien dei omgir seg med.
Vi kan verken
skjerme barn frå digitale verktøy eller overlate opplæringa til heim og skule
frå dei er 12 år. Det vi kan gjere, er å gi dei gode erfaringar med
profesjonelt rettleia digitale aktivitetar i samspel med vaksne som kjenner
både barn, pedagogikk og teknologi. Dette for å gi ein god, og balansert
digital kompetanse.
Referanseliste
- Ask,
K. & Søraa, R, A. (2022). Digitalisering, brukerperspektiv og kritisk
tenkning. Fagbokforlaget
- Blackwell.
C. K., Lauricella. A. R. & Wartella. E. (2016). The influence of TPACK
contextual factors on early childhoodeducators’ tablet computer use.
Computers & Education
- Bølgan,
N, B. (2018). Digital praksis i barnehagen. Nysgjerrig, eksperimentell og
skapende. Fagbokforlaget
- Dardanou,
M., Mossin, M. S. & Simensen, E. D. (2021). Profesjonsfaglig digital kompetanse. Barnehagens
digitale arenaer.
Universitetsforlaget.
- Kunnskapsdepartementet.
(2017). Rammeplan for barnehagen: Forskrift om rammeplanen for Barnehagens
innhald og oppgaver. Udir
- Medietilsynet.
(2024, 12.august). Foreldres rapportering om barnas medievaner og tilgang
til teknologi. https://www.medietilsynet.no/fakta/rapporter/barn-og-medier/foreldrerapportering-medier-2024/
- NOU
2024: 20. (2024). Det digitale (i) livet. Balansert oppvekst i skjermenes
tid. Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon Teknisk redaksjon.