KRONIKK

«Barn med rik fantasi tek det dei har lese og lært om i bøkene, med i leik og sosialt samspel med andre barn» skriv Anne Marta V. Vadstein og Liv Ingrid Aske Håberg ved Høgskulen i Volda.

Fem grunnar til at du bør lese høgt for barnet ditt

«Det er ikkje alle råd foreldre får, som er enkle og rimelege, men det å lese høgt for barnet ditt er det» skriv artikkelforfattarane.

Publisert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

Som forelder i tidsklemma er det lett å kjenne seg utilstrekkeleg. Det er så mykje som skal gjerast dei få dyrebare timane mellom barnehage- eller skuleslutt og leggetid.

Dette er eit innlegg for høgtlesing heime, ikkje eit innlegg mot skjerm eller mot aktivitetar. For, dersom du skal velje ein aktivitet der du som forelder og barnet får maksimalt ut av kvart minutt, er det å dele opplevinga om ei bok svært aktuelt.

Vi har difor samla fem gode grunnar til å lese høgt, heime:

Anne Marta V. Vadstein er høgskulelektor og Ph.d.-student ved Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.

1. Foreldreglede gjennom lesing

Sjølv om mange barnehagar har ein god og gjennomtenkt lesepraksis, ser vi som forskarar på barnehagefeltet at høgtlesing i stadig mindre grad finn stad i norske barnehagar.

Ein del barnehagar har leseloggar så dei sikrar at alle barn blir lesne for eit visst antal gongar i veka, andre har biblioteksamarbeid, og dei fleste har bøkene tilgjengelege for barna. Likevel er det viktig at foreldre er klare over kor viktige også dei er for barns forhold til bøker og til lesing.

Foreldre er barns viktigaste modellar. Det kan vere litt skummelt, tenkjer ein av og til som forelder, men mest av alt er det eit meiningsfullt oppdrag. Du kan vere heilt sikker på at når du les høgt for barnet ditt, gjer du noko veldig bra og svært viktig. Du kan umogleg gjere feil, og det viktigaste av alt er at du gjer det.

2. Aldri for tidleg, aldri for seint

Ein kan starte heilt tidleg med høgtlesinga, lenge før barnet snakkar sjølv. Men fortvil ikkje om barnet er fem år og de ikkje har lese høgt tidlegare. Det er aldri for tidleg og aldri for seint. Barn kan gjerne bli tatt på fanget før dei fyller eitt år for å sjå i bildebok, og seinare i barnehagealderen likar dei svært godt at den same boka blir lese om att og om att. Samtidig er dette den perioden i livet då ein er best i stand til å lære nye ord så la barna få fråtse i høgtlesing!

Vi brukar tid på det som er viktig for oss, og når du les høgt for barnet, viser du med handlingane dine at dette er ein aktivitet som er verdifull. I tillegg får barnet også ei oppfatning av at bøker er noko som er verd å bruke tid på.

Høgtlesing ved sengekanten er supert, men det er også høgtlesing på terrassen, i sofaen eller på skogsturen. Det er ofte fint å ha ein vane som gjer at ein kjem på å lese høgt – då vert det ein rutine som både du og barnet set pris på.

3. Nærleik og kos

Å sitje nær i ein armkrok, kjenne pusten og kroppsvarmen til den andre, gjer at pulsen går ned, og barnet koplar seg på både det boka handlar om og den vaksne som les. Barnet får kroppskontakt med eitt av yndlingsmenneska sine og samtidig, når du les høgt for barnet ditt, gir du det tilgang til opplevingar det ikkje sjølv har teke del i.

Det utvidar horisonten for kva som finst, og barnet kan låne erfaringar frå andre, som dei kan ta i bruk seinare når dei møter nye situasjonar. Høgtlesing gjev eit grunnlag for livsmeistring og ein måte å handtere kjensler på.

Liv Ingrid Aske Håberg er førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda.

4. Stimulerer språk, fantasi og leik

Når du les for barnet, møter det ord, omgrep og setningar som stimulerer språket deira. I høgtlesingsstunda er det naturleg å snakke om nye ord, om bileta og om innhaldet i bøkene. Slik blir språket utvida, jamt og trutt. Ikkje minst er høgtlesinga utviklande for fantasien. Både bøker med og utan bilde stimulerer evna til å sjå føre seg det som skjer.

Eit rikt indre liv og fantasiliv er noko som ein tek med seg resten av livet. Slik gir du næring til fleire sider ved barnet si utvikling, gjennom høgtlesinga. Barn som blir lese for, tek ofte med seg bøkene inn i leiken, på den måten at temaet i boka får plass i leiken. Barna med rik fantasi tek det dei har lese og lært om i bøkene, med i leik og sosialt samspel med andre barn.

5. Les for ditt lesande barn

Det kan vere lett å tenke at høgtlesing er ein ferdig med når barnet sjølv får til å lese. Men hald gjerne på høgtlesinga som felles aktivitet også etter dette. Barnet har ofte stor glede og nytte av høgtlesing frå bøker som er litt vanskelegare å lese enn det dei sjølv meistrar.

Språkleg legg dette eit godt grunnlag for at dei seinare les bøker på høgare nivå og med eit meir komplekst innhald. Ikkje minst gir det barnet motivasjon til å lese, fordi dei veit at om ei stund kan dei lese verkeleg spennande historier sjølv, eller finne fakta om akkurat deira interessefelt.

Det er ikkje alle råd foreldre får, som er enkle og rimelege, men det å lese høgt for barnet ditt er det. Bruk biblioteket, gå på oppdagingsferd i barnelitteraturen og oppdag alle dei gode barnebøkene i lag med barnet ditt.

Norske barnebøker er blant verdas beste, og du som forelder opnar opp for magiske bokmøte og livslang læring gjennom høgtlesinga. Frå barnet er lite og eit godt stykke inn i skulealder, er høgtlesing ei kjelde til å bli kjende med og smake på gode tekstar – dette kan gje leseglede for både foreldre og barn.

Kronikken ble først publisert i Bergens Tidende.

Powered by Labrador CMS