«Kva er din kjepphest?» spør artikkelforfattaren.
Kronikk
«Kva er din kjepphest?» spør artikkelforfattaren. (Foto: Getty Images (illustrasjonsbilde) )

Ja takk til kjepphestar i barnehagen!

«Eg har stilt meg sjølv følgande spørsmål den siste tida: Kva vil vera mitt viktigaste bidrag til dei håpefulle små?» skriv barnehagelærarstudent Martine Meel.

  • Kronikk

Eg er snart ferdig utdanna barnehagelærar. Barnehagen vil bli min arbeidsplass i mange år framover. Eg brenn etter å starta opp etter at eg no er ferdig med den pedagogiske utdanninga mi. Og viktigast av alt; så har eg mange visjonar for den jobben eg skal gjera.

Tenk å kunne vera så heldig å få arbeida saman med dei som er framtida vår. Barna – den viktigaste ressursen me har.

Eg har stilt meg sjølv følgande spørsmål den siste tida: Kva vil vera mitt viktigaste bidrag til dei håpefulle små?

Eg tenkjer at det er viktig å ha ein klar visjon – setja meg mål for min pedagogiske praksis. Samtidig er det grunnleggjande viktig å vera open for endringar heile tida, enten de endringane skjer politisk, i samfunnet eller i barnehagen. Pedagogisk utviklingsarbeid er ikkje statisk – og eg vil vera ein pedagogisk leiar som har utvikling som eit sentralt fokusområde.

Min kjepphest

Kva er så mine kjepphestar for det pedagogiske arbeidet eg skal gjennomføra? Og skal eg ha kjepphestar?

Ja, tenkjer eg. Og eg vil fortelja dykk noko om min. Eg må ville noko med den viktige jobben eg skal gjera i barnehagen.

Ein barnehage speglar samfunnet – og det er viktig at barnehagen tek omsyn til alle ulikskapane. Det vil gjelde ulik kulturell bakgrunn, språk, kjønn og sosial status. Barnehagen må inkludera alle – ha rom for alle – og sjå alle. Tryggheit og omsorg er for meg viktige verdiar. Barna må kjenne tryggheit den tida dei er i barnehagen. Trygg på seg sjølv, få støtte frå andre, trygg på å kunne utforska nye ting, og trygg på at ein får støtte og trøyst når det trengst.

For meg er noko av det viktigaste me har i barnehagen, mangfaldet.

Born er ulike. Dei har ulik kulturell bakgrunn, ulikt språk, ulik identitet, ulikt kjønn og sosial bakgrunn. Det utfordrar det pedagogiske utviklingsarbeidet til aldri å bli for statisk. Eit barn må forstå at andre barn er annleis enn ein sjølv, og at barna må ha rom for ulikskap. Konkret må ein feira merkedagar og høgtider etter den religionen barnet har. Ulike tradisjonar og «skikk og bruk» må spegla den bakgrunnen barna har. Slik er også samfunnet. Då lærer barna at toleranse og at ulikskapar er regelen, og ikkje unntaket.

Det same må gjelde likestilling mellom kjønna. Barn må gjennom leiken læra å respektera ulikskapane mellom kjønna – og forstå at jenter og gutar er likeverdige. Likeverd og respekt er grunnleggjande verdiar som barnehagen må formidla til barna. Ja, eg trur at dette hindrar fordommar og rasisme. Det at eit barn tidleg forstår andre sin kultur og tradisjon – gjer at dette vert vanleg for dei. Forstå at nokon er mørke og at nokon er lyse. At nokon er utadvende og at nokon trekkjer seg litt tilbake saman med andre. Ofte er behova dei same – tryggheit, omsorg, behov for å utforska ting, og behov for å utvikla seg.

Mangfald som ressurs

Utdanningsdirektoratet bestemmer at: «Barnehagen skal bruke mangfald som ein ressurs i det pedagogiske arbeidet og støtte, styrke og følgje opp borna ut frå deira eigne kulturelle og individuelle føresetnadar».

Difor må me som er tilsett i barnehagen gleda oss over mangfaldet og ta det imot med opne armar. Borna treng gode rollemodellar, som kan gje dei ei røyst i samfunnet uavhengig av kulturell og sosial bakgrunn. Eg trur at me kan læra mykje frå kongen vår, i hans tale om at nordmenn er eit folk. I talen han held seinsommaren 2016 snakkar han indirekte om mangfaldet i Norge, ved å seie at til tross for alle våre ulikskaper, så er me eit folk.

Desse er gode verdiar me kan vidareføra til borna – vår framtid.

Unik sjanse

Det er nok framleis ein del som ser på mangfaldet i norske barnehagar som ei utfordring i staden for ein ressurs. Ofte vil språkbarrieren vera vanskeleg for mange, men også å forholda seg til foreldre med ulikt syn på ulike ting, som til dømes oppdragelse og grensesetting. I tillegg skal ein vera forsiktig når ein «feirar» ulike høgtider, i og med at ein ikkje lenger skal feire, men markere desse høgtidene. Då gjeld det å trå forsiktig.

I dag er det større ulikskapar og mangfald i vårt samfunn – enn det var tidlegare. Også i små lokalsamfunn kan det vera 10-15 ulike nasjonalitetar. Slik vil det også vera i barnehagen.

Barna vil ha ulikt utgangspunkt både sosialt og økonomisk. I mitt pedagogiske arbeid må eg sjå og forstå desse ulikskapane. Og eg må jobba for at alle får eit pedagogisk tilbod som er likeverdig. Nokon har større ballast enn andre. Då er det min jobb å la dei med mindre ballast bli sett – og få koma fram i ljoset. Eg må samtidig vera open for at nokon ikkje har det så bra heime, og treng særskilt oppfølging. Det kan vera familiar som slit med økonomi, psykisk sjukdom eller andre utfordringar t.d. i arbeidslivet.

Eg har ein unik sjanse til å gje alle eit betre utgangspunkt for ei framtid i skule og arbeidsliv. Tilbake kan eg få opplevinga av å lukkast med dette. Det å kunne sjå at mitt pedagogiske opplegg har utvikla dei som hadde det dårlegaste utgangspunktet. Å sjå slike resultat gjev meining – og ytterlegare motivasjon for det pedagogiske utviklingsarbeidet.

Klar for utfordringa

Det pedagogiske arbeidet i ein barnehage er utfordrande. Eg må sjølv ha visjonar for det eg driv med. Og barnehagen som verksemd må ha eit pedagogisk opplegg som planlegg aktivitetar i tråd med dei verdiane eg meiner er viktige.

Det er sjølvsagt utfordrande å leggje lista høgt. Det å skulle forstå og sjå alle – og ha eit opplegg for kvar einskild er vanskeleg. Men eg tenkjer at eg sviktar barnehagen om eg ikkje set meg høge mål. Pedagogen i meg vil gjera ein skikkeleg jobb – og eg er klar for den utfordringa!

Eg kunne sjølvsagt valt ein anna kjepphest, men det må bli ein anna gang.

Kva er din kjepphest?

Debatt

Til toppen