DEBATT

«Å gjere dei tilsette i barnehagane medvitne på sin egen væremåte, og korleis dei verkar inn på barna, har vist seg å bli ein vekker for mange,» skriv helsesøster Linda Asphaug, barnehagekonsulent Irene Solem Hansen og barnehagestyrar Morten Haaland, som arbeidar i Fjell kommune.

De Utrolige Årene i Fjell kommune

«Vår erfaring er at DUÅ har medverka til et massivt kompetanseløft i barnehagane,» skriv helsesøster Linda Asphaug, barnehagekonsulent Irene Solem Hansen og barnehagestyrar Morten Haaland i Fjell kommune.

Publisert Sist oppdatert

Vi som arbeidar med implementering og gjennomføring av De Utrolige Årene (DUÅ) i Fjell kommune, opplever at kronikken «Målstyring kveler barns stemmer» skrevet av masterstudent Elisabeth Tolo, står i sterk kontrast med det som er våre erfaringar med programserien. Vi ønskjer med dette innlegget å dele nokre av våre erfaringar, og etter alt å dømme bidra til å balansere synspunkta som kjem fram i nemnde kronikk.

Fjell kommune valde å satse på implementering av DUÅ frå 2006, først program i foreldrerettleiing, og dernest program som er retta mot personell i barnehagar, og vidare universalførebyggjande program retta mot barna. Satsing på DUÅ var eitt av fleire tiltak initiert frå eit tverrfagleg samansett team, med mål om å styrke vaksenrolla (foreldre, skule- og barnehagepersonell, anna personell som har omsorg for barn), fremje psykisk og sosial helse hos barn og unge, og å auka kvaliteten på tenestene til barn og unge. Det var eit mål at satsinga skulle byggja på forsking og evidensbaserte tiltak og Helsedirektoratet sine anbefalingar, og satsinga har hatt støtte frå kommuneleiing og politikarar. Sjølv om DUÅ som tiltak ble initiert av kommunen, var det likevel frivillig for barnehagane å takke ja til opplæring og deltaking i tiltaket. Kvar einskild barnehage må dessutan skrive kontrakt med Universitetet i Tromsø, der det kjem fram at minst 80 % av personalet må ønskje og vera positive til opplæringa for at den aktuelle barnehagen skal kunne gå i gang med programmet. I vår kommune har 25 av 26 barnehagar vald DUÅ som eitt av fleire kompetansehevande tilbod frå kommunen.

Vår erfaring er at DUÅ har medverka til et massivt kompetanseløft i barnehagane, der vi tvert i mot ser MEIR av det kronikkforfattaren fryktar blir fortrengt og gløymd, enn før satsinga.

Vi ser at barn sine røyster i større grad blir høyrde, at barn sin medverknad og leik har større plass, og at de vaksne i større grad synar milde, respektfulle og kjærlege tilnærmingar til barna enn før DUÅ ble tatt i bruk. Det er heilt klart mindre kjefting og korrigering, og i større grad fokus på de vaksne sitt ansvar for å gi barna den utviklingsstøtta dei treng. Dette er noko vi både ser og erfarer når vi besøker dei ulike barnehagane, og det er unisone tilbakemeldingar frå barnehagane våre.

Kva trur vi er årsaka til at DUÅ gir slike effektar på dei vaksne? DUÅ sine overordna prinsipp handlar om at dei vaksne er rollemodellar, og at barn ser og tar etter korleis dei vaksne (og andre barn) opptrer. Å gjere dei tilsette i barnehagane medvitne på sin egen væremåte, og korleis dei verkar inn på barna, har vist seg å bli ein vekker for mange. Eit anna overordna prinsipp i DUÅ er korleis dei vaksne brukar si merksemd. Her øver dei vaksne på å i større grad ha fokus på barn si mestring og positive samhandling, framfor å bli dratt mot det som kan oppfattast som negativt.

At noko av språkbruken og namn på tilnærmingar i DUÅ har følgd med i omsetjinga frå amerikansk, ser vi kan tolkast på ein uheldig måte. Om ein les ord som ignorering, belønning, konsekvensar og tenkepause, forstår vi at orda kan vekke motstand. Vi opplever det leit at det er desse orda som skal representere DUÅ-programma, og orda kan gi dårlege assosiasjonar også hjå oss som leverer DUÅ til barnehagane. Trass i dette handlar DUÅ først og fremst om å bygge ein god relasjon til barna, gjennom barnestyrt leik og omsorg m.m. Det handlar også om å fokusere meir på det man ønskjer for barna, enn det man ikkje ønskjer å sjå.

Vidare handlar det meir om å fremme sosial og emosjonell kompetanse enn å hemme og slå ned på åtferd. Vi tenkjer at det heilt klårt er positivt at barn lærer ferdigheter som å komme inn i leken, om å spørje om å få låne, å kunne vente på tur osv, framfor at barn skal finne ut av dette sjølv. Vidare tenkjer vi at barn treng støtte frå vaksne til emosjonell regulering framfor å finne ut av dette sjølv. DUÅ legg ansvaret på den vaksne, og reduserer bruk av harde «oppsedings-tilnærmingar». Dette blir stadfesta både i forsking (Sjå referansar under), og det er også heilt klårt våre erfaringar. Tilsette i barnehagane lærer gjennom DUÅ korleis dei kan vera tydelege og trygge vaksne på en venleg og respektfull måte.

Ordet «målstyring» er også eit ord som vi ikkje finn ut passar på DUÅ, slik det blir praktisert i Fjell kommune. Einaste målstyring vi i så fall kan ha i denne samanheng, er at barna skal ha det bra med seg sjølv og andre, og at tilsette i barnehagane har eit ansvar i å medverke til at dette skjer. Det er vel ikkje det verste målet ein kan ha?

Av:

Linda Asphaug – helsesøster i barnehagane

Irene Solem Hansen – barnehagekonsulent

Morten Haaland – styrar i barnehage

Referanseliste:

Frå forsking på DUÅ sitt universalprogram:

  • Promoting positive parenting practices in primary pare: Outcomes and mechanisms of change in a randomized controlled risk reduction trial
    (REEDTZ, HANDEGAARD & MØRCH, 2011)

Frå forsking på DUÅ sitt skule- og barnehageprogram:

Powered by Labrador CMS