KRONIKK

Lars Kolbeinstveit. Rådgiver i Private Barnehagers Landsforbund.
Lars Kolbeinstveit.

Marknad for barnehage er klokt. Kvifor så mykje støy?

Barnehage er norsk velferd på sitt beste. Familiar har lik tilgang uavhengig av inntekt, og i tillegg stor valfridom. Difor er det eit paradoks at venstresida gjer nettopp barnehageigarar til sin ideologiske hoggestabbe.

Publisert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

(Denne artikkelen ble først publisert i Syn og Segn nr 1 2024)

For tjue år sidan kjempa SV på pragmatisk vis for full barnehagedekning, i lag med mellom andre FrP. Eit breitt politisk fleirtal fekk til full barnehagedekning, ved å nytta private aktørar. Private barnehagar er ein suksess. Alle er ikkje like nøgde med det. I dag er SV vorte meir ideologisk, og endå eit utval er sett ned: det såkalla avkommersialiseringsutvalet. Etter bråk om mandat og leiarskap skal dette utvalet no greia ut korleis kommersiell drift kan fjernast frå ulike skattefinansierte velferdstenester. Problemet er at ideen om å avkommersialisera velferda er bygd på tvilsame premissar. Kvifor det er slik, er litt ulikt mellom ulike tenester. Nokre tenester er meir eigna for bruk av private enn andre, men bruk av private – godt regulert – kan vera i fellesskapet si interesse. Og barnehagesektoren er spesielt godt eigna. Kvifor det er slik, skal eg snart koma tilbake til. Heilt grunnleggjande er det viktig å skilja mellom offentleg finansierte tenester med låg eller ingen eigenandel, og heilprivat finansierte velferdstenester. Kritikk av det siste er noko anna enn kritikk av det fyrste. Vi som forsvarer private i offentleg finansiert velferd, meiner ofte at private bidreg med viktige ting for fellesskapet og skattebetalarane, som finansierer det heile. Innslag av private aktørar gjev betre ressursbruk og større valfridom, det vil seia auka velferd. I tillegg kan private i offentleg velferd fremja likskap. Likskap er eit sentralt mål i den norske velferdsmodellen. Det målet når vi ikkje om det offentlege skal driva alt sjølv. I eit slikt samfunn kan dei med tjukk lommebok, som ynskjer betre og raskare velferd, kjøpa heilprivat velferd sjølv. Det kan fremja ulikskap i velferda.

Eit godt døme

Eit av dei beste døma i norsk velferd på korleis ein kan fremma velferd av høg kvalitet, samstundes som vi har likskap og valfridom, er barnehage. Barnehageforliket kombinerer to heilt sentrale ting. På den eine sida vert det innført ein låg makspris som bidreg til at alle betalar det same for barnehage. Inntekta til foreldra har ingenting å seia. Tvert om har foreldre med låg inntekt endå billigare, eller gratis barnehage. Makspris gjeld for alle typar barnehagar. Det er ikkje berre dei kommunale barnehagane som har makspris. Også dei private barnehagane, som er omtrent halvparten av alle barnehagar, har lik makspris. Maksprisen utgjer om lag 15 prosent av det ein barnehageplass kostar. For dei minste barna utgjer maksprisen ein endå mindre andel, fordi bemanningsnorma, som også er lik for alle barnehagar, seier at det skal vera éin vaksen per kvar tredje unge for 1–3-åringar. Vidare skal det vera éin vaksen per kvart sjette barn når ungane er frå 3–5 år.

I tillegg til maksprisen får barnehagane inntekt frå det offentlege gjennom kommunane. Maksprisen er knytt til økonomisk likebehandling. I utgangspunktet skal kommunane nytta like mykje pengar på ein privat barnehageplass som ein kommunal. I praksis nyttar det offentlege litt mindre på dei private. Det er ei av årsakene til at fleire private barnehagar går med underskot. Private barnehagar gjer det samstundes ikkje så verst, fordi dei driv godt, ofte har gode, men effektive pensjonsordningar, lågt sjukefråvær og ikkje minst er dei populære tilbod med kvalitet. Det andre sentrale og meir særmerkte med barnehage innanfor norsk velferd er at vi nyttar marknad på ein god måte og har høg grad av valfridom. Foreldre kan velja både private og kommunale barnehagar. Før barnehageforliket gjekk langt færre barn i barnehage. Dagmammaer som dreiv svart arbeid, og lange ventelister til dyre plassar var heilt normalt. Full barnehagedekning hadde ikkje vore mogleg å få til utan dei private, valfridom og likebehandling. La oss dvela litt med valfridom.

Valfridom

Det vert sagt mykje rart om valfridom. Nokon hevdar at valfridom ikkje er viktig i velferda, men er noko som høyrer heime på kjøpesenter. Eg meiner tvert om at valfridom er viktigare i velferda enn på kjøpesenter, men eg vil sjølvsagt ha valfridom begge stader. Nå er mine eigne barn over barnehagealder. Men om eg skulle få nye, vil eg heller at staten innfører monopol på parkdressar, enn at dei tek vekk marknad for barnehagane. Vil du at ungane dine berre kan nytta ein litt kjip, einsfarga DDR-parkdress, eller vil du at ungane skal måtta gå i ein kommunal barnehage? Om barnet ikkje trivst, kan du ikkje velja ein annan.

Eg trur ikkje vi vil dit. Nokon hevdar at valfridom ikkje gjev meining, fordi familiar uansett ofte vel den næraste barnehagen. Men kvifor gjer dei det? Det at vi ofte vel den næraste skulen, matbutikken, tannlegen eller barnehagen, tyder ikkje at valfridom er uviktig. Tvert om er den næraste barnehagen ofte god mellom anna på grunn av valfridom og marknad. Dei som driv barnehagen, veit at dei må levera god barnehage, elles forsvinn barnefamiliane. Dessutan er familiar ulike. At ein barnehage er svært populær blant majoriteten av foreldra i eit lokalmiljø, tyder ikkje at barnehagen er like bra for alle. Då kan det å velja ein annan barnehage vera mykje viktigare enn å kunna velja kva farge parkdressen til barnet ditt skal ha.

Nokon er opptekne av at kampen mot sosiale forskjellar startar allereie i barnehagen. Det er den viktigaste delen av utdanninga, seier regjeringa. Det kan godt vera mykje sant i det, men samstundes er det liten tvil om at barn, særleg når dei er heilt små, er noko av det kjæraste vi foreldre har. Ei heildagsveke i barnehage er 41 timar. Det er fleire timar enn ei arbeidsveke for ein normal vaksen arbeidstakar. Om eit foreldrepar opplever at barnehagen ikkje er så bra for ungen, som kanskje ikkje er to år enno, er valfridom heilt sjølvsagt. Utan valfridom trur eg mange foreldre vil protestera mot idear om at alle barn bør gå i barnehage frå dei er heilt små. Det er langt frå sikkert at vi får alle familiar med på at barnehage er eit gode for barn, utan at vi samstundes gjev foreldra stor valfridom. Dessutan er barnehage sjølvsagt heller ikkje obligatorisk. Det er i seg sjølv eit argument for valfridom. Det er foreldra, gjennom skatt og foreldrebetaling, som betalar for barnehage. Det tilseier at foreldra skal få velja.

Alle vil hevda at det er heilt sjølvsagt at ungar i barnehage skal ha det godt. Særleg sidan dei er så små, og er i barnehagen mange timar kvar vekedag. Ja, sjølvsagt skal ungane ha det godt, men korleis oppnår vi det? Det er ikkje berre noko vi kan vedta politisk. Gode barnehagar må skapast og få utvikla seg. Det vi treng, er reguleringar og mekanismar som gjer at det er lettare å nå målet om høg kvalitet for alle barn i barnehagar. Med marknad for barnehagar får vi meir mangfald og incentiv blant barnehagane til å levera kvalitet for å bli vald av ulike familiar. Utan valfridom mistar brukarane makt over kvardagen til ungane sine. I dag er tre av fire profilbarnehagar private. Det er eit stort mangfald blant dei private barnehagane, også blant dei barnehagane som vert drivne av større konsern. Mykje tyder også på at dei kommunale barnehagane vert betre på grunn av høgt innslag av private barnehagar.

Overskot er ikkje feil

Alle aktørar er over tid avhengige av å driva med større inntekter enn utgifter, viss dei skal driva forsvarleg og gje barn og tilsette eit godt tilbod. Overskot vert brukte til å betala avdrag på lån, til sparing til vedlikehald, eller til nye leikeapparat. Private barnehagar brukar inntekta på å skapa gode barnehagetilbod, men dei må også bruka pengane ansvarleg, slik at dei ikkje går med underskot. Nokon meiner at fortenestemotivet ikkje høyrer heime i barnehagane. Men denne tanken byggjer på eit for einsidig syn på kva motiv som er legitime. Det skulle berre mangla at menneske som satsar kapital eller arbeid, ikkje har moglegheit for å tena pengar, om dei er dyktige.

Mistenkeleggjering av private barnehagars motiv er ei avsporing. Motivet vert definert for einsidig, som eit såkalla profittmotiv. Hensikta med å sleppa til private aktørar er ikkje at nokon skal kunna tena seg rike, men å utnytta ressursar godt og effektivt.

Motivet for å driva barnehage er fyrst og fremst eit ynske om å skapa god barnehage. Om motivet for å tena pengar vert for dominerande, vil private aktørar tabba seg ut. I alle marknadar er det viktig å passa på at ikkje nokon aktørar vert for store, slik at dei får for stor marknadsmakt eller monopol. Men monopolprisar er ikkje mogleg i barnehagesektoren på grunn av maksprisen. Private aktørar kan ikkje skru opp prisen og skapa betre barnehagar for velståande middel- og overklassebarn. Private aktørar kan ikkje støvsuga dei kommunale barnehagane for dei beste pedagogane og gje dei betre løn, slik at familiar med lågare inntekt sit igjen med dårlegare tilbod. Likskapen er sikra gjennom systemet.

Barnehage er som fleire andre velferdstenester arbeidsintensive: Det er avgrensa kor mykje meir effektivt ein kan driva barnehagane. Difor hevdar venstresida at den einaste moglegheita ein har til å kunne tena pengar, er å gje dei tilsette dårlege arbeidsvilkår, løn og pensjon. Det er ei grov forenkling. Over 95 prosent av dei tilsette i private barnehagar har tariff-festa løn og pensjon som kan konkurrera med offentleg pensjon. Frå perspektivet til dei tilsette gjev private aktørar dei tilsette meir makt over eige liv og større valfridom. Private barnehagar har over lengre tid hatt lågare sjukefråvær. Det har sjølvsagt mykje å seia for dei tilsette i ein hektisk kvardag med ansvar for mange born. At det er ulike barnehagar, gjev valfridom for dei som jobbar i sektoren. Trivst ein ikkje i den kommunale barnehagen, er det kanskje betre i den private. Eller motsett.

Det burde jo vera fleire som ville arbeida i kommunale barnehagar, om det var slik at private berre er ute etter å tena pengar, og at dei difor dumpar løn og arbeidsvilkår. Då hadde det vel vore ein kø av folk som anten vil jobba i eller vil ha plass til barna sine i dei kommunale barnehagane. Kommunale barnehagar ville vel rett og slett ha konkurrert ut dei private aktørane. Men her kolliderer den ideologidrivne motstanden mot private barnehagar med røyndommen. For private barnehagar er vel så populære som dei kommunale barnehagane, ja ofte litt meir populære. Det er rett at brukaren av barnehagar – borna – ikkje har ei så sterk forbrukarmakt. Det er eit argument for offentleg regulering, slik vi også har i dag. Men ein lyt også hugsa på at barnehage er noko foreldre nyttar i fleire år. Ein barnehage som ikkje handsamar tilsette på eit bra vis, og ikkje leverer kvalitet, vil før eller seinare avsløra seg sjølv. Skal slike kontrollmekanismar fungera, er valfridom og marknad med fri etableringsrett sentralt. Det er langt frå sikkert at tilsette i barnehagar hadde vore meir nøgd med tilhøva, om berre private vart fjerna slik at «alle skattepengane gjekk til barnehagedrift – ikkje profitt», slik den radikale venstresida meiner. Berre sjå til skuleverket, der det knapt finst private aktørar. Skulelærarar jamt over er ikkje meir nøgde med løn og andre vilkår.

Offentleg sløsing

Skal det offentlege bruka store ressursar på barnehage, krev opinion og skattebetalarar at dei får høg kvalitet attende. Utan private barnehagar er ikkje det like lett. Tek kommunane over drifta, er det langt frå sikkert at vi får så gode tilbod igjen. På den andre sida er nokon bekymra for at skattepengar som er løyvde til barnehage, ikkje går til barnehage, men gjev store overskot som eigarar trekker ut av sektoren, og vekk frå barn og tilsette. Slike forteljingar kan svekka fellesskapet sitt syn på private aktørar generelt. Velferdstenesteutvalet frå 2020 hevda, med nokre atterhald, at det ikkje var grunnlag for å seia at det er for høg lønsemd i barnehagedrift. Dei siste åra har lønsemda gått ned. Det eine feltet der det har vore høg forteneste, er på eigedom. Eigedom har generelt auka kraftig i verdi i fleire år, i hovudsak som fylgje av uvanleg låg rente. At ein sit med høg forteneste etter mange år, er ikkje meir unaturleg innanfor barnehageeigedom enn annan eigedom. Nokre få har rett nok fått tomta noko billig i utgangspunktet, men målet til den raudgrøne regjeringa, med Kristin Halvorsen (SV) i spissen, var full barnehagedekning i raskt tempo. Det fekk vi. Det hadde ikkje gått så fort utan dei private. Skulle kommunane bygd opp kapasiteten sjølv, hadde det gått seinare. Og det er ikkje sikkert ressursbruken hadde vore betre. Kanskje tvert om. Det offentlege bør ikkje selja unna eigedom til under marknadspris. Men det er ikkje noko som tyder på at det har skjedd i stor mon i barnehagesektoren.

Sidan privat barnehageeigedom har høg verdi, er det politiske krefter som vil tidsavgrensa tilskota til barnehagane. Det ligg også i lovforslaget som regjeringa sende ut på høyring i november 2023, og som vil la kommunane få ta ned talet på godkjende plassar i private barnehagar kvart tiande år. Ideen bakom er at eigedom fell i pris, om vi ikkje veit om eigaren får driva barnehage så lenge han eller ho vil. Sentrale politikarar, som til dømes Grete Wold (SV) i Utdannings- og forskingskomiteen, har hevda at det er urimeleg at barnehagar har evig rett til tilskot. Det heile er feiltenkt på fleire nivå. Ein privat barnehage som til dømes er godkjent for 50 plassar, har ikkje evig rett til tilskot. Om barnehagen berre har 40 søkjarar som faktisk takkar ja og brukar plassen, så får ein berre tilskot for 40 barn. Det er rimeleg. Det som ikkje er rimeleg, er om kommunen kan ta ned talet på plassar barnehagen er godkjent for, i den hensikt å styra kapasiteten totalt i kommunen, eller fylla opp eigne kommunale barnehagar.

Barnehagen som av ymse årsaker berre har 40 søkjarar, freistar kanskje å prøva noko nytt for å få fleire søkjarar neste år. Leverer barnehagen betre kvalitet, kan det gå betre med søkjartala. Om folketalet er på veg ned, eller andre driv meir populære barnehagar, lukkast ein kanskje ikkje. Mykje er usikkert, men det som er sikkert, er at verken foreldre eller tilsette finn barnehagar eller anna privat velferd som kan mista godkjenning frå kommunen om nokre år, særleg attraktiv. Det rettvise er å la barnehagane konkurrera på like vilkår. Kapasiteten må takast ned i dei barnehagane som ikkje vert valde. Dei barnehagane som driv godt, vil få søkjarar. Kommunane må sjølvsagt få driva barnehagar, men på same vis som dei private barnehagane må dei driva godt for å få søkjarar.

I prinsippet må kommunar som ynskjer å opna bakeri, fordi brød er sentralt for velferda til folk, få opna bakeri, om politikarar i kommunen vil det. Men om det kommunale bakeriet ikkje går så godt, kan ikkje kommunen bruka makt og regulera brødmarknaden og styra kor mange brød dei andre private bakeria i kommunen får selja, eller kor mange år dei skal få selja brød. Brød og barnehage er ikkje det same. Alle veit det, men at velferd er meir komplisert enn både brød og parkdressar, tyder ikkje at all offentleg maktbruk er legitim. Ein kan ikkje berre regulera meir fordi det handlar om «grunnleggande velferd» og «våre skattepengar.» Tvert om må ein freista å regulera godt slik at vi nyttar knappe ressursar best mogleg. Høg gevinst ved sal av eigedom burde kanskje skattleggast hardare, men det er ein heilt annan debatt.

Det regjeringa legg opp til i forslag til ny barnehagelov, er at kommunane skal kunna skjerma seg mot foreldre som vel annleis enn det kommunen kanskje ynskjer. Hadde private aktørar freista å få ei slik marknadsmakt, hadde det vore store protestar, og det med rette. At barnehage er offentleg finansiert, er ikkje ein god grunn til å sentralisera makt. Poenget med offentleg finansiering og makspris i barnehagane er å spreia makt – ikkje berre å gje det offentlege kontroll, men vanlege folk meir kontroll i eigen kvardag. Alle barnefamiliar – uavhengig av inntekt – skal kunna velja barnehage. Regjeringa legg opp til ein kommunal maktbruk som ikkje høyrer heime i eit samfunn der vi handsamar dei som driv tenester innanfor ein sektor, likt.

Powered by Labrador CMS