Gerd Ulstein (70) kjem til Plassebakken barnehage éin dag i veka for å vere saman med ungane.Foto: privat
Leiken pensjonist i barnehagen
– Det er kjekt at nokon har bruk for meg, smiler pensjonist Gerd Ulstein frå Skodje. Rundt henne aular barnehageungar som vil vise, spørje, fortelje og leike. Nokre vil berre halde handa eller sitje i fanget.
CamillaMolværStyrerassistent/Støttepedagog
PublisertSist oppdatert
Annonse
Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.
Den spreke 70 åringen kjem til Plassebakken barnehage éin dag i veka
for å vere saman med ungane. Ho oppmodar andre pensjonistar om å gjere det
same.
Liker å engasjere seg
Etter eit langt arbeidsliv, er kanskje ikkje
frivillig arbeid i barnehage det første ein tenkjer å aktivisere seg med, men
Gerd liker å engasjere seg, og ho likar å kunne vere til hjelp.
– For meg er det
å kome til barnehagen og få vere saman med ungane ein måte å bidra i samfunnet
på, forklarar Gerd.
Dagane i barnehagen har også ein eigenverdi for den
spreke pensjonisten.
– Eg er glad i å gå på tur på fritida, men barnehagelivet
gir meg aktivitet på ein annan måte. Det likar eg godt.
Plassebakken barnehage
har naturprofil og Gerd set pris på å få vere mykje ute, både på tur og i
kvardagen elles.
Gerd har alltid likt ungar, og har eigentleg hatt ein
draum om å bli barnehagelærar. Då ho skulle velje utdanning som ung, var det
ikkje så vanleg med barnehagar, så ho valte heller sjukepleiarutdanning. Ho
har arbeidd mange år innan rusomsorg, noko som har vore både givande og kjekt.
Med redusert stilling dei siste åra, blei det meir fritid, og etter kvart opna
det seg altså sjansar til å prøve barnehagelivet.
– Eg har høyrt om frivillige
pensjonistar i barnehagar andre stadar i landet, og slik fekk eg ideen om at eg
kanskje kunne gjere det same.
Til sommaren blir ho pensjonist på fulltid,
og ser ikkje bort frå at ho etter kvart kan kome til barnehagen oftare enn ho
gjer no.
Svært takksam
Annonse
Dagleg leiar ved Plassebakken barnehage, Sissel Berg
Natvik, er svært takksam for den frivillige innsatsen som Gerd har lyst å gjere
for barnehagen.
– Det er ikkje noko løyndom at det er hektiske dagar med dei
små, og vi skulle gjerne hatt fleire hender og føter gjennom heile
barnehageåret. Gerd sitt bidrag gjer at vi klarer å sjå, støtte, oppmuntre og
hjelpe endå oftare enn vi gjer med den ordinære grunnbemanninga, seier
Natvik.
Ho legg til at personalet gleder seg veldig over at Gerd er her, og at
dei beundrar hennar positive innstilling og velvilje.
Barnehagen på Skodje har 73 barn og den spreke
pensjonisten har vore jamleg innom alle avdelingane sidan ho starta i oktober. Det
er mange små og store menneske å bli kjende med, og ikkje minst mange namn å
hugse.
– Eg er opptatt av å lære meg namna på alle ungane, og sjå eller
stadfeste at alle har sin eigen personlegdom. Alle er forskjellige på ein god
måte, seier Gerd.
Det er også noko ho har vore opptatt av gjennom arbeidet
i rusomsorga, å sjå etter det positive, det som er bak sjukdommen til dei som
strevar. Barnehagelivet kan også vere strevsamt, men Gerd prøver å forstå og
hjelpe kvar og ein så godt ho kan.
Ein aktiv fireåring kjem til medan Gerd fortel om det
ho er opptatt av og synes er viktig. Han vil vise henne sølekaka som han nett
har laga. Gerd set seg på kne og er interessert i kva som er i bøtta. Ho lukter
og smaker og beundrar den nydelege kaka. Ho fortel fireåringen at det er mange
som har laga kake i dag, og peiker mot nokre jenter like ved som er opptatt av
det same. Gerd meistrar å binde saman og skape fellesskap, og det er tydeleg at
ho er ein trygg vaksen for ungane i barnehagen.
Som ei ekstra-bestemor
– Eg liker godt å sjå på
samspelet ungane har, kva dei liker å leike og kva dei er engasjerte i. Trøyste
dersom nokon blir lei seg, eller oppmuntre og få dei inn på eit nytt spor om
dei blir ueinige eller mistar motet.
Ho vil at ungane skal kjenne at ho er
tilgjengeleg for dei.
Gerd blir på ein måte som ei ekstra-bestemor, som
har tid og ro og viser interesse og forståing for alle ungane i barnehagen. Pensjonisten
mimrar tilbake til eigen barndom og hugsar kor godt ho likte å vere saman med
sine besteforeldre.
– Det er positivt på mange måtar å vere saman på tvers av
generasjonar. I dag er det mange som har besteforeldre langt borte, så eg håper
eg kan bidra til å skape gode opplevingar mellom ulike aldrar».
Og opplevingar saman med Gerd er det mange som
ønskjer! Nokre ungar står under eit tre og strekker hals mot eit fuglebrett.
Dei roper på Gerd og ho er ikkje sein med å gå etter. Ungane vil sjå og Gerd løftar
og peikar, og saman studerer dei og undrar. Like etter er det nokre som vil ha
fart i ei hengekøye, og nokre av desse vil gjerne slå av ein liten prat. Om små
og store hendingar i livet. Og nokre synes det er fint at ho berre står der, litt
nært, medan hengekøya får fart og det kiler ekstra i magen.
Gerd blir på ein måte som ei ekstra-bestemor, som har tid og ro og viser interesse og forståing for alle ungane i barnehagen.Foto: privat
– Frivillig arbeid kan vere så mangt! Pensjonistlivet
i barnehage anbefaler eg på det sterkaste! smiler Gerd
Ulstein.
Det er lenge til pensjonisten blir «arbeidslaus», og det
er både ho, ungane og personalet i Plassebakken barnehage glade for!