KRONIKK
Kor skal lærarstudentane læra seg å leika? Svaret er enkelt, meiner Hannah Belsvik Hansen, Maritha Berger Nylund og Marianne Størkson.
Foto: privat
Lær av ein leikeekspert – send lærarstudenten i praksis i barnehage
«Lærarstudentane må oppleva å bli inviterte med inn i leik av leikekspertane sjølv», skriv kronikkforfattarane.
I høyringa om ny rammeplan for lærarutdanninga, blir det foreslått at lærarane skal ha meir kompetanse om leik. Fellesskoleutvalget og regjeringa foreslår også at leiken skal få ein større plass i skulekvardagen, særskilt i 1. og 2.trinn.
Leik kan føra til betre trivsel, auka sosial kompetanse, meir læring og betre psykisk helse. Leiken er barna sitt språk, det er deira måte å læra og utvikla seg på. Det er gjennom leiken dei utforskar verda kring seg og forstår seg sjølv.
Men: Kor skal lærarstudentane læra seg å leika? Svaret er enkelt, meiner me: Barnehagen.
På barnehagelærarutdanninga på Høgskulen på Vestlandet på Stord har me tradisjon for at barnehagelærarstudentane er ei veke i praksis i ein 1. klasse. Dei skal observera kva pedagogikk som er rådande i klasserommet, og dei skal observera og diskutera korleis leiken kjem til utrykk i skulekvardagen, både i klasserommet og på SFO. Dei får i oppdrag å observera lese- og skriveopplæringa og vera deltakande observatørar som hjelper til i undervisninga den veka dei er der.
Dei kjem tilbake og fortel entusiastisk om engasjerte lærarar, variert arbeid i faga, om leikbasert undervisning, leik i friminutt og på SFO. Dei reflekterer også over ein leik som er annleis enn den i barnehagen. Det fysiske leikemiljøet, både inne og ute, er mindre stimulerande, det er meir stillesitjing og lange arbeidsøkter. Leiken som barn tar initiativ til sjølv får mindre plass og dei ser at barn kanskje hadde trengt hjelp til å komme inn i leik.
Observasjonane og refleksjonane dei har med seg er viktige. Me vel å prioritera denne praksisen hos oss for å gi barnehagelærarane våre kunnskap som dei kan ta med inn i arbeidet med overgangen mellom barnehage og skule. Me meiner det er viktig at dei veit noko om skulen sine arbeidsmåtar og kva skilnader det er i rammeplanen for barnehagen og læreplanen til skulen. Me ønskjer at dei skal reflektera over kva rolle barnehagen har i barnet sitt utdanningsløp og kvar dei sender barna vidare. Det gjer dei best - ikkje av å lesa seg til det - men av å møta lærarane, elevane og skulen.
Men kor er lærarstudentane?
Dei er i alle fall ikkje i praksis i barnehagen. Dersom skulen skal satsa på leik, så må dei også kunna noko om kva leik er. Dersom me skal sikra ein god overgang mellom skule og barnehage må skulane vita noko om kor elevane deira kjem frå, om kva ein barnehagekvardag er. Dei må vite kva leik er i barnehagen og korleis den barneinitierte leiken kan sjå ut. Dei må sjå korleis eit stimulerande leikemiljø kan sjå ut, gjennom materialval og invitasjon til ulik type leik. Me meiner at lærarane må læra av barnehagelærarane sine arbeidsmåtar, slik intensjonen også var i reform 94.
Men aller mest meiner me at dei bør læra av leikeekspertane sjølv: barna. Lærarstudenten må få kasta seg ut i leik, rulla nedover bakkane med våryre 5-åringar, fabulera og undra seg på tur i skogen, kle på seg ei kappe og kjenna gleda av å svinga seg med i rolleleiken. Dei må få vera med å leikeskriva, laga eigne forteljingar og syngja spontant i sandkassen. Dei må forstå at barn leiker for å leika, ikkje først og fremst for å læra sjølv om me veit at leiken er viktig læringsarena for barn, og at skulen treng både leikbasert læring og rom til frileik.
Lærarstudentane må oppleva å bli inviterte med inn i leik av leikekspertane sjølv, få erfara frå barna kva som er viktig for dei, korleis dei sosiale relasjonane deira speler seg ut gjennom leiken, og korleis ein kan ta utgangspunkt i det som kjem fram i leiken til å bli kjende med verda deira.
Slik kan dei reflektera kring korleis dei kan jobba i skulen for å sikra overgangen barnehage-skule, og kva dei kan oppdaga i leiken som dei kan gripa fatt i når dei planlegg leikande undervisning. Ikkje minst må dei læra seg å tola kaoset som leiken kan vera når han er god.
Difor meiner me at ein bør prioritera praksis i barnehagen for lærarar i den nye rammeplanen for lærarutdanninga, og at me må læra av kvarandre på tvers av barnehage og skule og snakka om leik på ulike måtar. Difor arrangerer me 6.11 seminaret «Leik først» for 400 barnehagelærarar, tilsette i skule/SFO og PPT. Me skal leika først – og så skal me læra om leiken.