DEBATT

«La oss sjå på alle aktørane i det norske samfunnet som ein symbiose; me treng alle kvarandre i eit godt og viktig samspel,» skriv artikkelforfattaren.
«La oss sjå på alle aktørane i det norske samfunnet som ein symbiose; me treng alle kvarandre i eit godt og viktig samspel,» skriv artikkelforfattaren.

«La oss alle heie på kvarandre!»

«La oss lære barna våre, som er morgondagens vaksne, at det er samspel og støtte som er vår styrke! Me trenger kvarandre, kjære medborgarar!» skriv Anette Lauareid Hovda i Småfolk Barnehage.

Publisert

Året 2020 vil vera eit merkeår. Året der det vart unntakstilstand på grunn av eit virus. Året der verda stod stille, samstundes som det var kaos. Året der alle får kjenne på store økonomiske utfordringar på ein direkte eller indirekte måte. Og sjølvsagt det vondaste av alt; året der redsla for liv og helse var ekstremt stort. Og nokon som dessverre vart direkte ramma av eit tragisk utfall.

Dette vil me sjå tilbake på når 2020 er historie.

Men akkurat nå er me midt oppi denne uforutsigbare, skremmande og ukjente kvardagen.

Tiltaka er mange og viktige

Barnehagar og skular er nå stengt. Menneske blir satt i karantene etter visse kriteriar. 
Sjukeheimar har dørene stengt for besøkande. Regjeringa vil legge ned forbod mot å reise på hytta viss den er i ein annan kommune. Tiltaka er mange, tiltaka er viktige.

Som barnehagegründer er eg takknemleg for og stolt over den viktige brikka me har i samfunnet. Det at me kan gi eit godt pedagogisk tilbod kvar dag, gir foreldre rom for å bidra til samfunnet gjennom sine yrker. Når ei krise oppstår og barnehagane treng stenge dørene, vert dette ekstra tydeleg. Ein av foreldra treng vera heime, produksjonen i landet går ned, og det økonomiske blir ei utfordring for næringslivet, og sjølvsagt for foreldre som står i fare for å bli permittert. Det rammar heile samfunnet vårt økonomisk og kjenslemessig.

Avhengig av kvarandre

Det er også tydeleg i desse dagar kor avhengig me er av eit velfungerande helsetilbod, og kor prisgitt me er dei som har dette viktige yrket.

Me er også avhengig av reinhaldsbransjen, som kan yte ekstra smittevern i denne utsette tida.

Det Norske Landbruket er me også avhengig av. Det å nå kunne produsere maten nasjonalt, når land me importerer varer frå plutseleg kan stoppe eksporten for ein periode.

Eg kunne skrive om mange fleire yrkesgrupper. For det som me i normale kvardagar tar for gitt, blir ekstra kjærkomen og viktig i ei krise.

Hyllene i daglegvareforretningar er tomme. Folk hamstrar. Det er tydeleg at frykt og usikkerheit råde. Menneske agera på ulike måtar i sosiale media. Her opplever eg ulike tilnærmingar til den krisa me nå står oppe i; sarkasme, humor, realisme, optimisme. Svært ulike tilnærmingar til ein felles situasjon.

La oss alle heie på kvarandre

Når 2020 er historie, og me skal plukke opp igjen bitane frå alt som har rast rundt oss, så har eg eit stort ynskje; la oss sjå på alle aktørane i det norske samfunnet som ein symbiose; me treng alle kvarandre i eit godt og viktig samspel, for å sikre at me går ein berekraftig, trygg og økonomisk sterk framtid i møte.

La oss støtte det norske kulturliv, la oss støtte det norske næringsliv og den norske matproduksjonen. La oss sjå viktigheita av private aktørar så vel som kommunale. La oss alle heie på kvarandre. På den måten vil me stå enda sterkare rusta neste gong ei krise oppstår. For den vil koma!

La oss lære barna våre, som er morgondagens vaksne, at det er samspel og støtte som er vår styrke!

Me trenger kvarandre, kjære medborgarar!

Powered by Labrador CMS