KRONIKK

Borna i Naustvågen barnehage studerer Johan Castberg-skipet.

I forrige veke gjekk me etter Kristoffer sine sko – den vegen dei peika

«Når borna får opplevingar og erfaringar som gjev dei auka kunnskapar om nærmiljøet sitt, gjer me dei i stand til å sjå samanhengar og foreta vurderingar om korleis verda rundt dei fungerer» skriv Merethe Onarheim.

Publisert Sist oppdatert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

Johan Castberg er stor altså, kjempestor!

I forrige veke gjekk me etter Kristoffer sine sko – den vegen dei peika, og trur du ikkje dei gjekk rett til denne store båten, så me kunne studera den litt og filosofera litt...Kva skal du jobba med når du blir stor?

Undervegs på turen snakka me mykje om båten, mange visste mykje om den, og me var svært fornøydde då me oppdaga denne vesle utkikksposten, så me verkeleg kunne sjå kor stor båten var. Det å i det heile tatt ha eit forhold til plattformer og store båtar er jo eigentleg heilt unikt, ikkje mange barnehagar har slike moglegheiter, og me bør nytta oss av dette oftare. Mange av borna sine foreldre jobbar på Aker, og mange av borna veit at foreldra er med og lagar plattformer og båtar, slik at dei opplever å høyra om dette i den daglege talen med foreldra og oss. Såleis var det fint at Kristoffer tok oss med på denne turen, og fekk opp interessa vår; me snakka om plattformer gjennom heile måltidet vårt!

Og kva meir skjedde? Jo, me fekk ein lang samtale om kva borna vil jobba med når dei vert store! Dei fleste av borna er no på veg frå her-og-no-stadiet og over i der-og-då-stadiet; dei er meir og meir i stand til å forstå at det er noko som skjer etterpå. Fram til no har dei stort sett snakka om kva som skjer akkurat no, kva driv me med akkurat no, korleis har eg det akkurat no, og sjeldan tenkjer dei på kva som skal skje etterpå. Det er derfor ikkje små born kan vurdera konsekvensar av handlingane sine, eller måla risiko - fordi dei ikkje er klar for det før no, i 3-4-årsalderen. Men no er mange der, og me kan snakka om kva som skal skje etterpå.

Og kva er etterpå? Ja, sei det, kor lenge er det til etterpå? Og er etterpå alt det som skal skje i livet liksom? Er det etterpå?

Ja, dei veit at dei skal bli vaksne, eller dei seier dei veit det, åsså ler mange... eg trur dei veit det, men dei har ikkje ei forståing av det eigentleg, for det er vanskeleg å sjå for seg at ein sjølv skal forandra seg så mykje. Synst du det er enkelt å sjå for deg at du skal bli 80 år liksom? Det synst i alle fall ikkje eg! Men, borna hadde klart for seg kva dei skulle bli; jobba på plattform, jobba på kontoret, jobba på sjukeheimen, jobba på Tysnes, jobba på skulen - sånn som mammene og pappene gjer!

Ja, då fekk me det bekrefta ein gong til; de foreldre er altså dei store heltane til borna dykkar, og alt de gjer vil og borna dykkar gjera!

Kanskje ein oppløftande tanke for nokre, medan andre foreldre hadde tenkt noko anna for borna sine. Då eg spurte om nokon ville jobba i barnehagen, slik som Inger Elise og eg, fekk eg faktisk eitt barn over til oss - ho ville byta frå Aker til Naustvågen barnehage. Berre ring meg du, sa eg, så ordnar me jobb til deg!

Det er veldig interessante samtalar å ha med borna dette her. Dei tenkjer, ser litt ut i lufta, prøver å forklara slik dei har forstått ting, vil gjerne setja ord på si oppfatning av verda i kring dei. Og det er nettopp dette me snakkar om, som Rammeplanen seier på side 55:

«Barnehagen skal bidra til kunnskap om og erfaring med lokale tradisjonar, samfunnsinstitusjonar og yrke, slik at borna kan oppleva tilhøyrsle til nærmiljøet.»

Når borna får opplevingar og erfaringar som gjev dei auka kunnskapar om nærmiljøet sitt, gjer me dei i stand til å sjå samanhengar og foreta vurderingar om korleis verda rundt dei fungerer, og korleis dette påverkar moglegheitene deira seinare i livet. Det er store ord, men heilt konkret så handlar det om at de foreldre, og me i barnehagen, gjev borna opplevingar i nærmiljøet, og at me snakkar med dei om det me ser, på deira nivå.

Powered by Labrador CMS