DEBATT

Velledalen Naturbarnehage holder til i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal.

«Eg var ein av mange som trudde på at Arbeiderpartiet meinte alvor (…)»

Ope brev til politikarane på Stortinget om barnehageforliket og regjeringa si oppfølging av dette forliket i statsbudsjettet for 2026 og framlegg til revidert  statsbudsjett 2026.

Publisert Sist oppdatert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

Eg var ein av mange som trudde på at Arbeiderpartiet meinte alvor då dei inviterte dei andre partia på Stortinget til eit nytt barnehageforlik i 2024. Eg såg og meir optimistisk på framtida for vår lille foreldreeigde nisjebarnehage, liggande i ei industrikommune i hjerte av Sunnmørsalpane. Men akk så feil eg tok og så utruleg lurt eg kjenner meg her eg sit eitt år etter at barnehageforliket var ei kjennsgjerning.

Kva sa dei som gjekk saman om barnehageforliket i mai 2025 (Ap, H, KrF, V, Sp og Pasientfokus)?

Sitat: «Stortinget ber regjeringen innføre en ny søknadsordning for pensjonstilskudd for private barnehager. Søknadsordningen må være forutsigbar, med tydelig regelverk, ha et rimelig tak og være utformet slik art barnehagene få dekket dokumenterte pensjonskostnader.»

For meg var dette bodskapet ganske klart, men ikkje for regjeringa og regjeringa sine budsjettpartnarar. For når Statsbudsjettet kom i oktober 2026 var det ikkje bevilga ei krone til å gjennomføre dette forliket.

Etter å ha inngått barnehageforliket i mai 2025 skreiv Elise Waagen frå Arbeiderpartiet dette på Fagforbundet sine nettsider:

«Ansatte i private barnehager bør ha like gode pensjonsvilkår som ansatte i offentlige barnehager. Dette har vært viktig å rette opp i. Gjennom den nye barnehageloven skal ikke lengre systemet stå i veien, og heller legge til rette for at ansatte i private barnehager skal få likeverdige pensjonsvilkår.»

Som ein direkte konsekvens av desse lovnadene frå Ap og dei andre partiane på Stortinget vart PBL og fagforeiningane, ved tariffoppgjeret i fjor vår, samde om å innføre ei ny, livsvarig AFP-ordning. Dette er ei ordning som er gunstig for dei tilsette, men som inneber store meirkostnader for barnehagane.

Ragnhild Strømme Josefsen og Torild Hole fra Velledalen Naturbarnehage i Sykkylven.

Kva har så skjedd i dette året etter barnehageforliket? Jau, i framlagt statsbudsjett og i regjeringa si nye forskrift om finansiering av private barnehagar vert det ikkje gitt signal om at regjeringa vil forsterke finansieringa av pensjon i tråd med barnehageforliket frå mai 2025. I tillegg tek regjeringa vekk mulegheita forprivate barnehagar å klage på framtidige tilskotssatsar dersom det skulle vere feil i utrekningsgrunnlaget.

Etter at forliket var på plass, med Arbeiderpartiet i spissen, har regjeringa gjort alt som står i deira makt til å bryte forliket. Stortinget har både i oktober 2025 og i mars 2026 pålagt regjeringa å følgje opp.

Stortingsvedtak frå oktober 2026:

«Stortinget ber regjeringen innføre og finansiere en permanent søknadsordning for dekning av reelle pensjonskostnader i private barnehager, i tråd med stortingsflertallets Innst. 510L (2024-2025). Private barnehager må dokumentere sine utgifter til pensjon i året de søker, inkludert varige kostnader til AFP. Kommunens plikt til å dekke barnehagens pensjonsutgifter er begrenset oppad til tilsvarende kommunale kostnader. Bruk av kommunale premiefond skal holdes utenfor beregningen av det kommunale taket. Ordningen skal innføres og finansieres med virkning fra 1. januar 2026. De økte kostnadene til kommunene fullfinansieres fra innføringstidspunktet.»

Så skjer likevel ingenting og Kari Nessa Nordtun vert kalla inntil Stortinget. Stortinget ser seg i mars 2026 nøydde til å gjere endå eit vedtak i saka:

«Stortinget ber regjeringen raskt komme tilbake til Stortinget med en forbedret søknadsordning for private barnehager med høye pensjonsutgifter, i tråd med stortingsflertallets innst, 510L (2024-2025) og Stortingets vedtak av 14. oktober 2025. Søknadsordningen skal dekke private barnehagers reelle og dokumenterte pensjonsutgifter, inkludert varige kostnader til AFP»

Kva har dette å seie i praksis? For vår vesle barnehage hadde vi i 2025 pensjonskostnader på kr. 235.899,- som ikkje vart dekka av tilskotssatsen på 10%. Vi følgjer bemanningsnorm og pedagognorm og vi set inn vikar frå første dag. Men det kjennest særs urettvis når vi veit at dei kommunale barnehagane kvar gong får dekka sine pensjonskostnader fullt ut. Vi har same krav til oss som kommunale barnehagar med omsyn til bemanning og kvalitet, og eg kan med handa på hjarte seie at vi leverer 110% utifrå våre økonomiske rammer. Vi har for åra 2022, 2023 og 2025 pensjonskostnader som ligg kr. 505.763,- høgare enn det vi får dekka gjennom pensjonstilskotet. Er dette likeverdig behandling av barn og tilsette i private og kommunale barnehagar?

Det går fram av både barnehageforliket og stortingsvedtaka at dette vil koste pengar. Men er det barna og dei tilsette i private barnehagar som skal bere kostnaden?

Som dagleg leiar i Velledalen Naturbarnehage SA er eg stolt over at styret frå oppstarten i 2009 la til rette for ordna lønns- og arbeidsvilkår for dei tilsette med tariffavtale gjennom PBL-medlemskap. Det har og gitt dei tilsette ei god pensjonsordning på høgde med den offentlege pensjonsordninga gjennom KLP. Då er det utruleg trist å måtte erkjenne og sjå at dette truleg ikkje er økonomisk berekraftig inn i framtida, og at det er Arbeiderpartiet av alle parti som ikkje ønskjer likeverdige pensjonsvilkår for kommunalt og privat tilsette.

Det er i mine auge både skammeleg og flaut at Arbeiderparti-regjeringa aktivt motarbeider stortingsvedtak som utelukkande handlar om å sikre grunnlaget for likeverdige pensjonsvilkår for tilsette i heile barnehagesektoren. Finansminister Jens Stoltenberg seier i si redegjering 12.05.26 at den nye ordninga på sikt truleg vil gje dekning av private barnehagars pensjonskostnader og at regjeinga har følgd opp det dei har lova gjennom semja om statsbudsjettet for 2026. I mine auge held ikkje dette og samsvarar ikkje med tre stortingsvedtak, derav eitt som Arbeiderpartiet sjølve var pådrivarar for.

Eg er svært vonbroten og held dette fram, har Arbeiderpartiet verkelg gjort alvor av å ta velferden attende til offentleg sektor, koste kva det koste vil! På sikt trur eg det vil koste Arbeiderpartiet og dei raudgrøne dyrt ikkje å følgje opp stortingsvedtak. Mitt håp er at stortingsfleirtalet bak vedtaka frå mai 2025, oktober 2025 og mars 2026 vil presse regjeringa og kunnskapsministeren til å ta grep som er i tråd med Stortingets vedtak.

Lån av geiter på uteområdet.

Barnehagane i Norge er grunnmuren i oppvekstsektoren. Dei fleste veit at grunnarbeidet er svært viktig for resten av byggverket. 50% av barna som går i barnehage går i ein privat barnehage. Det er framtida vi investerer i og det er ikkje rett å gi halvparten av barna dårlegare utgangspunkt gjennom at dei skal betale pensjonsrekninga for dei tilsette i private barnehagar.

Powered by Labrador CMS