DEBATT

«Det er eit paradoks at dei som har makta og set rammene for kva me skal levere i barnehagen, ikkje evnar å gje oss ressursar til å implementere lovane dei sjølv utarbeider» skriv Stella Hvidevoll, Christine Holmøyvik, Janne Hatteberg og Hanne Fanebust.

Staten - din krevjande gjerrigknark!

«Kva må til for at du skal tildele ressursar nok, og ta vare på dei som arbeider i barnehagane, og ikkje minst barna som veks opp i dag?» spør artikkelforfattarane.

Publisert Sist oppdatert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

Det er eit paradoks at dei som har makta og set rammene for kva me skal levere i barnehagen, ikkje evnar å gje oss ressursar til å implementere lovane dei sjølv utarbeider.

Krava frå myndigheitene, her referert til som Kunnskapsdepartementet, statsforvaltar, kommunar et cetera, til kva barnehagetilsette skal gjennomføre av oppgåver, aukar stadig. Men ressursane aukar ikkje i same takt som krava. Det er eit enkelt reknestykke å forstå at her går ein i minus.

I rammeplanen for barnehagen (2017) kan ein mellom anna lese at «den pedagogiske leiaren er gitt ansvaret for å setje i verk og leie det pedagogiske arbeidet [...] rettleie og sørgje for at barnehagelova og rammeplanen blir oppfylte gjennom det pedagogiske arbeidet». Det er med andre ord store krav til kva me som pedagogar både skal og bør gjera. Korleis skal ein arbeide i tråd med alle forventningane til staten? Både dei administrative oppgåvene på kontoret, samstundes som ein skal vera til stades for, og vareta barna, skape tryggleik, gje omsorg og leike.

Så kjære Staten, skal me verkeleg velje vekk å ha tilstrekkeleg bemanning, for å tilfredsstille dei administrative krava dine?

Stadig nye krav

Etter vår oppfatning er det per i dag ingen av dei som arbeidar i barnehage, uavhengig av kompetanse, som opplever at dei kjem à jour med oppgåvene dei er sett til å gjere. Det dukkar stadig opp reviderte forskrifter og nye krav, i tillegg til planlegging, kartlegging, rettleiing, dokumentasjon og eit hav av andre formalitetar pedagogane skal gjennomføre.Dette i kombinasjon med mellom anna høgt sjukefråvær, aukande vikarmangel, fleire barn med spesielle behov, og i våre auge allereie lav bemanning, gjer det umogleg å oppnå balanse i rekneskapen.

Verst av alt er det at ein fråtek barna det dei har rett på av omsorg, leik og danning. Tre sentrale omgrep som vert framheva i rammeplanen.

I konflikt med seg sjølv

Ja, la oss snakke litt om rammeplanen, med alle sine «bør» og «skal»! Eit styringsdokument utarbeidd av Kunnskapsdepartementet, som i bunn og grunn er vår viktigaste rettesnor, og noko alle i barnehagen er forplikta til å arbeide etter. Men me erfarer at alt for få tilsette i barnehagen kjenner til innhaldet i rammeplanen, då det rett og slett ikkje finns ressursar og tid til å sette seg inn i den.

Og barnehagelærarane, som mellom anna er forplikta til å dele kunnskap samt rettleie dei ufaglærde, har iallefall ikkje tid til overs for å sette dei inn i rammeplanen. Nei, dei har knapt tid å vere med dei som ein faktisk har teke utdanninga for, nemleg barna. Som barnehagelærar kjem ein rett som det er i konflikt med seg sjølv, då ein må velje mellom barna og dei administrative krava.

På tide å vere meir sjenerøs

Under pandemien vart barnehagesektoren sett på som ein svært viktig del av samfunnsmaskineriet, og det vart tildelt meir ressursar. Men kva no? Gjer ein eit enkelt søk på internett, dukker det opp mange kronikkar og debattinnlegg frå barnehagefolk som ropar eit varsku. Og nyleg måtte ein barnehage i Bergen kommune stenge, på grunn av auka fråvær og for dårleg bemanning.

Kva må til for at du skal tildele ressursar nok, og ta vare på dei som arbeider i barnehagane, og ikkje minst barna som veks opp i dag? Det er faktisk dei som skal overta ditt ansvar i framtida. Tidleg innsats vert fronta som ei god investering for framtida.

Difor kjære Staten, på tide å vere proaktiv og sjenerøs som oppdragsgjevar!

Powered by Labrador CMS