DEBATT

«Bemanninga og pedagogtettheten i barnehagen er for dårleg i utgangspunktet, og dette vert endå meir synleg i ein pandemi», skriv innleggsforfattaren.

No går det på stompane laus!

«Å væra under eit så stort press over så lang tid er ikkje bra for nokon!» skriv innleggsforfattaren.

Publisert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

Formålet med arbeidsmiljøloven er «å sikre et arbeidsmiljø som gir grunnlag for en helsefremmende og meningsfylt arbeidssituasjon, som gir full trygghet mot fysiske og psykiske skadevirkninger, og med en velferdsmessig standard som til enhver tid er i samsvar med den teknologiske og sosiale utvikling i samfunnet» (Arbeidsmiljøloven §1-1 a).

Når eg les dette veit eg ikkje heilt om eg skal le eller grine. For dei fleste som arbeider i barnehage i ein pandemi ser dette mest ut som ein vits i eit vekeblad. Dei tilsette har strekt seg lengre en langt i snart to år. Denne hausten har i enda større grad en tidlegare vore prega av covid, høgt sjukefråvær, mangel på vikarar. Som tilsett i ein barnehage er det heller ikkje mogleg å beskytte seg sjølv mot smitte i særleg grad. Borna treng nærleik og tryggleik, og utan verken smittefrakt eller munnbind tørkar dei tilsette tårer, blod og andre kroppsvæsker. Dei har små pjuske kroppar på fanget og gjev trøyst medan dei ventar på at dei føresette skal hente ein sjuk liten kropp.

Medan mange av oss kan ta ein etterlengta juleferie (ja, eg veit at det ikkje gjeld alle), skal tilsette i barnehagen arbeide i jula. Det vil sei, om dei ikkje allereie er vorte sjuke då. Risikoen for å bli smitta med covid før jul er absolutt tilstades, men eg er like bekymra for at det er snakk om psykisk helse. Å væra under eit så stort press over så lang tid er ikkje bra for nokon! Bemanninga og pedagogtettheten i barnehagen er for dårleg i utgangspunktet, og dette vert endå meir synleg i ein pandemi.

Kjersti Hauso Bernes, hovedtillitsvalgt i Utdanningsforbundet Bergen.

Og la oss for all del ikkje gløyma leiarane i barnehagen! Mange av dei har arbeidd både dag, natt, helger og helligdagar. Det skal smittesporast herifrå og til månen samstundes som ein skal prøve å få tak i vikarar som ikkje finnest, i tillegg til at ein skal drive ei pedagogisk verksemd.

Du tenkjer at dette ikkje gjeld din barnehage? Er du så sikker på det? Hugs at det er få andre som er like smilande og imøtekommande som dei som arbeider i barnehagar. Dei set ditt barn før seg sjølv, og den siste dei trur seg til er dei føresette. Det er ikkje for å lure deg, men dei yt profesjonell omsorg. Og skal barnet ditt kjenne seg trygg er det viktig at primæromsorgspersonane også gjer det.

Eg er sjølvsagt klar over at det er mange andre yrkesgrupper som har hatt det tøft. Eg tek hatten av for dei innanfor helse også eg! Men no er det dei barnhagetilsette det handlar om, og dermed også barna. For om me ynskjer at barna våre skal bli møtt av dyktige pedagogar, fagarbeidarar og assistentar, hastar det faktisk at vi finn gode tiltak! Om ikkje er eg redd mange vert langvarig sjuke eller finn seg noko anna å gjere før vi er ferdige med pandemien. No har dei strekt seg lengre enn langt lenge, så no går det på stompane laus.

Powered by Labrador CMS