DEBATT

«I jakta på løysingar må vi passe oss for at vi ikkje samtidig svekkjer forståinga av kva barnehagelæraren faktisk er utdanna til» skriv innleggsforfattaren.

Når ble profesjonskompetanse valfritt?

«Debatten om bemanningskrisa i barnehagen handlar ofte om korleis vi kan få fleire tilsette inn i sektoren. Eg meiner vi og må stille eit anna spørsmål: Kva kompetanse har barna rett til å møte i ei barnehage?» skriv innleggsforfattaren.

Publisert Sist oppdatert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

Barnehagen er den første delen av utdanningsløpet. Likevel opplever eg at vi stadig oftare snakkar om bemanning utan å snakke om profesjon.

Vi manglar barnehagelærarar. Det er ei alvorleg utfordring. Eg forstår godt kvifor kommunar og styresmakter leitar etter nye løysingar. Men i jakta på løysingar må vi passe oss for at vi ikkje samtidig svekkjer forståinga av kva barnehagelæraren faktisk er utdanna til.

Dette handlar ikkje om å verne ein yrkestittel.

Det handlar om å ta samfunnsoppdraget på alvor.

Gjennom barnehagelova og rammeplanen har samfunnet gitt barnehagen eit omfattande mandat. Vi skal fremje leik, omsorg, danning og læring. Vi skal førebyggje utanforskap, støtte språkutvikling og sosial utvikling, oppdage barn som treng ekstra oppfølging og leggje grunnlaget for livslang læring for alle barn. Samtidig skal vi samarbeide med foreldre, møte deira krav og meiningar med fagleg vekta svar og tilbakemeldingar.

Dette skjer ikkje tilfeldig.

Det krev profesjonelle vurderingar, fleire gangar kvar einaste dag.

Barnehagelæraren si oppgåve er derfor ikkje berre å vere saman med barna. Ho handlar om å forstå det som skjer mellom barna, analysere observasjonar, planleggje pedagogiske prosessar, vurdere tiltak, rettleie kollegaer og utvikle praksis i tråd med forsking, lovverk og rammeplan.

Denne kompetansen kjem ikkje av erfaring åleine. Ho byggjer på ei profesjonsutdanning som er utvikla nettopp for å forvalte barnehagen sitt samfunnsmandat.

Kari Lønningen, pedagogisk leder.

Difor blir eg uroa når debatten om bemanning i liten grad handlar om kva kompetanse barna har rett til å møte.

Eg opplever ofte at diskusjonen blir redusert til spørsmål om kven som er mest saman med barna.

«Vi ser jo barna like mykje.»

«Vi kjenner dei like godt.»

Slike utsegner inneheld mykje sanning. Dyktige assistentar og fagarbeidarar er heilt avgjerande for kvaliteten i barnehagen. Dei ser barna, byggjer relasjonar og sit på verdifull erfaring.

Men profesjonskompetanse handlar om noko meir enn nærleik.

Det handlar om å vite kva ein ser, kvifor det skjer, kva det kan bety, og korleis ein bør handtere situasjonen vidare.

Det handlar om å kunne grunngi pedagogiske val, leie utviklingsarbeid og ta ansvar for at barnehagen oppfyller samfunnsoppdraget sitt.

Difor meiner eg vi må våge å snakke om ulik kompetanse utan at det blir oppfatta som ei rangering av menneske.

Alle tilsette i barnehagen er viktige.

Men dei er ikkje utdanna til det same.

Ulik utdanning gir ulik kompetanse, ulike oppgåver og ulikt ansvar. Det er sjølve grunnlaget for ein profesjon.

Når vi stadig oftare diskuterer korleis andre kvalifiseringsløp kan fylle funksjonar som tradisjonelt har vore knytte til barnehagelæraren, meiner eg vi òg må stille eit prinsipielt spørsmål:

Kva signal sender vi om verdien av profesjonskompetanse?

Er utfordringa at vi har for mange krav til barnehagelæraren?

Eller er utfordringa at vi ikkje lenger er tydelege på kvifor denne kompetansen er nødvendig?

Eg ønskjer ikkje ein debatt om kven som er viktigast i barnehagen.

Eg ønskjer ein debatt om kva kompetanse samfunnet meiner barna har rett til å møte.

For dersom vi ikkje lenger klarer å forklare kvifor barnehagelæraren si profesjonskompetanse er nødvendig for å oppfylle samfunnsmandatet, står vi i fare for å svekkje både profesjonen og kvaliteten i barnehagen.

Det fortener verken barna eller samfunnet.

 

Powered by Labrador CMS