KRONIKK

Barnehagestart for dei yngste – ikkje så farleg som mange trur
«Barnehagelæraren må tre fram som fagperson i møte med foreldre og lekfolk», skriv artikkelforfattaren.
- Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.
Barnehagestart for dei yngste barna vert diskutert frå tid til annan og i den generelle befolkninga kan vi møte haldningar som tilseier at det ikkje er bra for dei yngste å gå i barnehagen, utan anna argumentasjon at dei meiner det er best for barna å vere heime med mor. Mange kallar det eit «sosialt eksperiment» og meiner det kan skade tilknytinga å verte skilt for tidleg. Artikkelen drøftar barnehagestart for dei yngste barna, dei under tre år.
Best for barnet?
Dei som meiner små barn kan ha best av å vere heime med mor eller far dei første åra kan ha rett i dette ut i frå at den store barnehageutbygginga i si tid ikkje vart gjennomført for barna si skuld, men som eit sosialt tiltak for å auka sysselsettinga blant kvinner og fremja likestilling mellom kjønna. Likevel syner forsking at det å gå i barnehagen frå ung alder kan ha mange positive effektar, som betre psykisk helse og auka ferdigheiter i språk og kognisjon, og få negative konsekvensar, gjeve at kvaliteten på barnehagetilbodet er god (Holte, 2012; Zachrisson et. al., 2011).
Holte (2012) viser til at vi ikkje kan vite sikkert om tidleg barnehagestart kan førebyggje psykiske lidingar seinare i livet, på same måte som vi ikkje kunne vite sikkert utfallet av fluor i tannkremen, innføring av niårig skulegang og råd om at spedbarn sov på ryggen. Likevel syner historia at dette kan ha vore gode tiltak, sjølv om dei vart innført med usikker kunnskap.
Når forsking syner at det å gå i barnehage ikkje påverkar utviklinga negativt, snarare positivt, er det vanskeleg å vere einig med dei som hevdar at det er skadeleg for små barn å gå i barnehagen. Det er ikkje med dette sagt at det er skadeleg for barn å vere ekstra heime med foreldra i utvida permisjon, men vi må ikkje kome i ein situasjon der vi gjev foreldre som vel å sende barna i barnehagen ved eitt år eller som ikkje har høve til å ta ekstra permisjon dårleg samvit. Begge deler kan vere bra. Kvar familie må få avgjera kva som fungerer best for dei. Det beste for barna er at dei har trygge omsorgspersonar om kring seg, anten det er i barnehagen eller heime.
Barnehagen som kompenserande omsorgstiltak
For nokon barn kan det å gå i barnehagen vere av større betyding enn for andre. Høg kvalitet på barnehagetilbodet kan fremja sjølvregulering hjå barn med eit dårleg læringsmiljø heime. Barnehagen kan kompensere for dårleg utviklingsstøtte heime og omvendt. Om begge miljøa gjev god utviklingsstøtte, kan dette ha ei positiv verknad på kognitiv og sosial utvikling fram til barnet er elleve år, som Holte skriv.
Eit anna døme kan vere barn som lever med omsorgssvikt i heimen og som ein konsekvens av dette ikkje får tilfredsstillande omsorg, anten fysisk eller psykisk, eller begge delar frå dei primære omsorgspersonane. Her syner forsking at barnehagelæraren kan ha ei viktig rolle som kompenserande omsorgsperson (Killen, 2012, s. 50). Omsorg frå andre nære enn dei primære omsorgspersonane kan vere avgjerande for barn som er utsett for omsorgssvikt. Barnehagelæraren kan vere den vaksne som barna lærer å stola på igjen, etter gjentekne svik mot behova som barnet har hatt for omsorg og støtte. Vi kan hjelpa dei å forstå og regulera eigne kjensler og reaksjonar i møte med trauma som dei kan vere utsett for (Alisic et. al., 2015). Dømet under syner korleis barn som er utsett for omsorgssvikt kan reagera når vi møter dei i barnehagen:
Eit barn på 4 år har gått nokre veker i barnehagen. Barnehagelæraren ser det trekkjer seg unna når barn og tilsette nærmar seg det. Barnet kan hyle, skrike og rope: «Nei!» Når barnet er uheldig og øydelegg noko, kjem bort i nokon eller mister noko i golvet, kan det reagera med å springa ut av barnehagen og inn i eit lite kratt som veks like ved. Same reaksjon kan det ha ved plutseleg høge lydar, som når nokon tømmer ein kasse duplo på golvet eller knusar eit glas. Før barnet starta i barnehagen, fekk barnehagelæraren informasjon om at barnet bur i fosterheim, som følgje av at foreldra ikkje kunne tilfredsstilla barnet sine primære behov for omsorg, mat og varme klede. Foreldra utsette barnet for vald og overlet det mykje til seg sjølv (henta frå Draugsvoll, 2022, s. 85-86).
Barnet reagerer med sterke kjensler som ein konsekvens av sviket det har vore utsett for av foreldra. Sjølv om det i dag bur i fosterheim, kan vi sjå at det framleis er svært prega av dei vonde erfaringane som foreldra utsette det for. Dømet under synder korleis barnehagelæraren hjelper barnet å regulera kjenslene når situasjonar som minner det om forholda heime oppstår:
Tre barn tømmer ein kasse med duplo på golvet. Barnet på 4 år reagerer med å fyke i veret, springa ut av rommet og inn i garderoben, der det gøymer seg bak vasken. Barnehagelæraren går etter barnet inn i garderoben, set seg ned på huk og seier: «Du synst det var litt skummelt med den høge lyden som kom når kassa med duplo vart tømt på golvet. Det forstår eg godt. Det kan vere skummelt med høge lydar som kjem plutseleg. Eg kan rydda litt i garderoben, så kan vi gå inn saman når du er klar for det.» Etter nokre minutt kjem barnet bort og tek handa til barnehagelæraren. Dei går saman inn på avdelinga. Barnehagelæraren nyttar same tilnærming – med å nærma seg barnet forsiktig og setja ord på det som skjer, kvar gong barnet reagerer med å gøyma seg, eller når det reagerer med sterk avvising. Etter kvart vert barnet meir roleg, og det reagerer sjeldnare.
Ikkje så nytt likevel
Det vert av mange i dag – særleg i den generelle befolkinga utan fagkompetanse – hevda at ting var betre før når barn fekk vere heime med mor og ikkje sendt vekk store delar av dagen. Igjen er dette noko dei gjev utrykk for å meine, utan andre argument. Zachrisson et. al. (2011) viser til at det i historisk perspektiv ikkje er så nytt å sende små barn vekk for at mor og far skal arbeide. Skilnaden frå tidlegare er at barn har vorte flytta frå uformelle til formelle og meir strukturerte barnepassordningar.
I motsetnad til kva mange trur, er det faktisk ganske unik i historisk perspektiv at barn tilbringar heile det første leveåret saman med foreldra som utelukkande omsorgspersonar. Så langt tilbake som til våre forfedre på savannane i Afrika kan vi sjå at barn vart passa av andre når dei var heilt små, som følgje av at unge, friske kvinner var viktige bidragsytarar til matauken. Dagleg, men avgrensa separasjon frå foreldra kan vi med andre ord seie er arts typisk for det å vere menneske.
Det «sosiale eksperimentet» som mange viser til i sin argumentasjon for å avvente med å sende dei yngste barna i barnehagen kan i lys av drøftinga her handla mindre om at vi sender dei vekk til andre for at begge foreldra skal kunne arbeide og meir om nyare tid si strukturering, profesjonalisering og formalisering av barnepasset, og det aukande pedagogiske fokuset. Barnepass i dag handlar om meir enn å ta i vare barn sine primære behov for omsorg og beskyttelse.
Effektar av barnehagen
Sjølv om små barn til alle tider har vorte passa av andre enn mor, er det ikkje gjeve at barnehagen er det beste for dei. Diskusjonen kring kor vidt det er bra å sende små barn i barnehagen er viktig, sjølv om det i dag er stor semja om at dette ikkje er skadeleg, heller ikkje for dei yngste barna. Ein gjennomgong av forsking på effektar som barnehagen har på barna, syner fire hovudområde: 1) språk, læring og kognisjon; 2) åtferdsproblem og andre sosioemosjonelle vanskar; 3) tilknyting; og 4) stress og regulering av stress (Zachrisson et. al.).
Når det gjeld språk, læring og kognisjon ser ein at god utvikling på desse områda korrelerer[1] med deltaking i barnehagen, så framt den pedagogiske kvaliteten er god. Samanhengen ser ut til å vare opp i tenåra, men det er uklart kor vidt tidleg start i barnehage har noko betyding. Mest eintydig er det for barn frå ressurssvake heimar, der vi ser at barnehagen kan ha ein viktig kompenserande funksjon, påpeiker Zachrisson.
Når det gjeld åtferdsvanskar og sosial-emosjonell utvikling ser ein meir sprikande resultat. Nokre studiar finn at barn i barnepassordningar, med tidleg oppstart og mange timar pr. dag kan ha noko høgare risiko for å utvikla åtferdsvanskar. Nokre av desse at funna kan vere kausale[2]. Andre studiar finn det motsette og at barnehagen kan redusera slike vanskar, særleg for barn frå ressurssvake familiar.
Når det gjeld tilknyting er det ikkje vist høgare førekomst av utrygg tilknyting hjå barn som går i barnehage, verken når det gjeld tidspunkt for oppstart i barnehage eller antal timar pr. dag.
Når det gjeld stress og regulering av stress kan stresshormonet kortisol auke gjennom dagen om kvaliteten på barnehagetilbodet ikkje er god, grunna mykje støy, eit høgt aktivitetsnivå og stressreaksjonen av å verte skilt frå foreldra. Funna er likevel usikre grunna metodiske svakheiter ved mange av studiane.
Oppsummerande tankar og barnehagelæraren sitt ansvar
Drøftinga- og gjennomgangen av forsking over har synt at det historisk ikkje er uvanleg å senda barn av garde for å verte passa av andre enn foreldra delar av dagen, eller at det er skadeleg for små barn å gå i barnehagen, sjølv om funna på nokre område kan variere og i nokre tilfelle kan vere kausale. Alder for oppstart i barnehagekan kan ha noko å seie for dei positive effektane, men det er likevel ikkje skadeleg å senda barn under tre år i barnehagen. Barnehagelæraren må tre fram som fagperson i møte med foreldre og lekfolk, med kunnskap som byggjer på forsking og ikkje personlege meiningar.
[1] Har samanheng med.
[2] Årsaksbestemte.