Trur politikarane at det er ein leik å drive barnehagar?
«Det er lett å gå seg vill, men det er lov å kike til fjellveittregel nummer 8: Vend i tide, det er inga skam å snu», skriv innleggsforfattaren.
SolfridFurreUtdanningsforbundet Vestland
PublisertSist oppdatert
Annonse
Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.
Leiken er
den viktigaste arenaen for barns utvikling, trivsel, læring og danning i
barnehagen. Når barn ikler seg ulike roller der dei øver seg på situasjonar dei
observerer og møter i kvardagen, der dei testar ut eigne og andre sine grenser, der dei gløymer tid og stad og er djupt
inne i flytsona av å vere i ei anna verd, - det er både magisk og fantastisk å
observere for ein barnehagelærar. I denne leiken skjer mykje læring, utvikling og
danning på ein gong.
Like
magisk og fantastisk er det ikkje når politikarane ikler seg ei rolle der ein
leikar at det er barnehagar vi driv i dette landet. Nyleg kom det på plass eit
barnehageforlik mellom partia; Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Høgre, Kristeleg
folkeparti, Venstre og Pasientfokus. Forliket har gode sikringar for blant anna
pensjonsavtalane til tilsette i private barnehagar og det er svært viktig og
bra, men like gode sikringar for at barnehagane kan drive ei planlagt pedagogisk
verksemd finnest ikkje. Trur politikarane at det er ein leik å drive
barnehagar?
Utestemme
Foreldre
og tilsette har i årevis ropt med utestemme på at presset i sektoren er for
høgt. Likevel har ein altså valt å utelate å gjere noko med bemannings- og
kompetansekrisa når ein no gjennom endringar i barnehagelova har hatt
moglegheit til dette. Ikkje berre er det skuffande, det betyr også at desse
partia ikkje har tatt innover seg den krisa sektoren står i.
Solfrid Furre .Foto: Privat
SV sin
kampsak opp mot stortingsvalet er gratis barnehage. Har SV tenkt gjennom
presset dette kan føre til i ein sektor som allereie er i kneståande? Det er
bra og flott at SV har politikk som kan bidra til sosial utjamning og betre
økonomiske rammer for barnefamiliar, men barnehagesektoren klarar ikkje å gje
det pedagogiske tilbodet ein skal per i dag, og korleis vi skal klare å levere
på dette framover må gjerne SV svare på. Barnehagen skal tross alt vere eit
pedagogisk tilbod for barna og vi har krav til både bemanning og kompetanse
nettopp for å sikre dette.
Kompetanseflukt
Kompetanseflukten
frå sektoren er stor, bruken av dispensasjonar er høg og vikarar er nesten
umogleg å få tak i. Det er kommunar i dette landet som har så høg grad i bruken
av dispensasjonar knytt til stillingar som pedagogisk leiar at vi må stille
spørsmålet om vi eigentleg driv barnehagar etter dei lovkrava som ligg i
barnehagelova med forskrifter. I 2024 var talet på dispensasjonar
2216 årsverk. 35%
av barnehagane oppfyller ikkje pedagognorma i 2024. I Finnmark er heile 17% av
dei pedagogiske leiarane på dispensasjon. Fleire kommunar kan heller ikkje tilby barn med rett til barnehageplass dette, grunna mangel på
personell. Ja, vi har ei krise!
I ei undersøking gjort av Utdanningsforbundet seier 1 av 3 barnehagelærarar at
dei ser for seg å slutte i jobben innan eitt til tre år. 90% av dei spurte
svarar også at det viktigaste tiltaket for å stå lengst mogleg i jobben som
barnehagelærar er å auke grunnbemanninga. Kanskje er det på tide å lytte til barnehagelærarane?
Rettleiar
om tilstrekkeleg bemanning
Annonse
Det har nyleg
kome ein rettleiar om tilstrekkeleg
bemanning i barnehage. Den presiserer lovkrava som alltid har lagt der, men som vi som
tillitsvalde ser at i stor grad ikkje vert overheldt. Det må vi kunne forvente
at vert gjort. Tolkinga av lovkrava ser ut til å vere at så lenge ein overheld
grunnbemanninga på papiret så føl ein lova. Det presiserer rettleiaren
at ikkje stemmer. Lovkravet i § 26, første ledd. Bemanningen må være tilstrekkelig til at
personalet kan drive en tilfredsstillende pedagogisk virksomhet, må også oppfyllast, gjennom heile
dagen, og det ser vi at ikkje vert tatt omsyn til i dei vurderingar som vert
gjort i dag. Det er ei rein matematisk tenking på å telle hovud på barn opp mot
hovud på tilsette som gjeld, altså ikkje i tråd med gjeldande lovverk.
Ei
lita oppmoding til sist
Framover
må tilsette i barnehagane bli monaleg betre til å melde avvik når vi ikkje driv
etter gjeldande lov og regelverk. Barnehagemynda må på bana og føre tilsyn
knytt til bemanning og pedagogisk innhald i barnehagen. Den nye rettleiaren er nemleg
også meint å vere til hjelp for dei ulike barnehagemynda i dette arbeidet. § 9
i barnehagelova krev at barnehageeigar har på plass system for internkontroll
for å sikre at krava i lova med forskrifter vert følgt. Det gjeld sjølvsagt
også opp mot kravet om tilstrekkeleg bemanning i barnehagelova § 26. Slike
system må på plass og dei må takast i bruk for å formalisere ropa våre.
Til
politikarane som no driv valkamp i vårt langstrakte land. - Det er lett å gå
seg vill, men det er lov å kike til fjellveittregel nummer 8: Vend i tide, det
er inga skam å snu.
Kompetanse-
og bemanningsutfordringane må løysast. Det er barnehagar vi skal drive i dette
landet, ikkje barnepass.