DEBATT
Illustrasjonsfoto: Getty Images
Sats på auka bemanning, bruk dei lokale forskriftene!
«Politikarane er dei som til sist skal vedta forskriftene, dei bør sette seg inn i moglegheitene ein har før ein fattar vedtak», skriv innleggsforfattarane.
I årevis har kommunar etterlyst betre styringsverktøy overfor private barnehagar. No kan dei styre gjennom lokale forskrifter for tilskot. Den moglegheita bør takast i bruk.
Tid for dei minste og lokale satsingar
Utdanningsforbundet har lenge arbeidd for auka kompetanse og betre bemanning gjennom satsinga vår «Tid for dei minste» . Vi veit at auka kompetanse og betre bemanning vil gje betre moglegheiter kring leik og læring, tryggleik, omsorg, inkludering, og tidleg oppfølging. Dette vil vere til barnas beste.
Kommunestyre landet rundt har vedtatt tiltak for å gje barna betre kvalitet i barnehagen og for å møte utfordringar som høg emosjonell belastning, høgt sjukefråvær, bortfall av pedagogisk planlegging, stengte avdelingar, reduserte opningstider. Ja, lista er lang. Alt for lang.
Vår erfaring er at fleire kunne tenkt seg å styrka kompetanse og bemanning i barnehagane, men at dei ikkje har våga å vedta slike satsingar grunna auka tilskot til private barnehagar. Tilskot der kommunen ikkje har kunna stilla krav til kva pengane skal brukast til. I dei nye lokale forskriftene kan ein nettopp det.
Kommunestyra kan no vedta målretta styrking av bemanning i alle barnehagar, også private. Det ekstra tilskotet dette vil gje kan bindast til føremålet. Eit eksempel kan vere å dekke inn tida som pedagogane har til planlegging gjennom å bemanne opp i denne tida
Særlege driftsføresetnader eller særlege behov i gruppa
Kommunestyra kan ta omsyn til at enkelte barnehagar er dyrare å drifte enn andre. Mange distriktskommunar har små barnehagar i utkantar som har smådriftsulemper. Desse barnehagane er viktige for busetting i alle deler av ein kommune. Det finst også barnehagar som har særskilte behov i barnegruppa og som krev målretta styrking.
Ei ekstra styrking, grunna særlege forhold, kan ein halde utanfor utrekninga av det generelle tilskotet til private barnehagar. Dersom ein privat barnehage har dei same føresetnadane skal den styrkast på same vis. Dette er viktig for å kunne vareta barnets beste i alle barnehagar. Barnehagane er ikkje like og kan dermed ikkje alltid behandlast likt.
Høyringsprosess og politisk ansvar
Dei lokale forskriftene er ute på høyring. I nokre kommunar gjekk fristen ut allereie i slutten av august, medan dei andre stader er på høyring akkurat no.
Vi har gjennomgått ein god del av Vestlandskommunane sine forslag til lokale forskrifter. Ingen av desse foreslår auka bemanning gjennom lokale satsingar, eller styrking av barnehagar med særskilde driftsføresetnader. Dette er skuffande, særleg når vi kjenner situasjonen i barnehagane.
Vi oppmodar alle som framleis kan svare på høyringa, om å krevje styrka bemanning gjennom lokale satsingar.
Politikarane er dei som til sist skal vedta forskriftene, dei bør sette seg inn i moglegheitene ein har før ein fattar vedtak.
Verdien av ei meir målretta finansiering vil gje betre kvardagar og høgare kvalitet for barna i barnehagen.
Gode barnehagar er eit politisk ansvar!