DEBATT

– Korleis kan politikarar- og barnehageeigarar forsvare at det pedagogiske personalet i barnehagar, etter 50 år (!) framleis har den same tidsramma til å løyse oppgåver og krav som har vorte fleire og større?
– Korleis kan politikarar- og barnehageeigarar forsvare at det pedagogiske personalet i barnehagar, etter 50 år (!) framleis har den same tidsramma til å løyse oppgåver og krav som har vorte fleire og større?

Barnehagelæraren sine fire timar plantid har 50-års jubileum, det lyt vel feirast!?

Skal barnehagen vere den faglege og profesjonelle pedagogiske aktøren den etter lov-og rammevilkåra seier den skal vere, lyt barnehagelærararen få tilstrekkeleg tid til å planleggje og vurdere jobben sin, skriv innleggsforfattarane.

Publisert Sist oppdatert
  • Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.

Dagens barnehage har opphav i barneasyl som vart etablert på 1800-talet. Tanken med asyla var å ta vare på fattige born som gjekk gatelangs.

Frå den gong, og fram til dagens barnehage, har det skjedd mykje kring kunnskapsgrunnlaget for barns utvikling, og korleis ein kan stimulere barns utvikling på best mogleg vis. Dette kjem til dømes til uttrykk i ei rekkje lovtilpassingar og krav til pedagogisk innhald i barnehagen.

I 1975 vart Barnehagelova vedteken, denne har vorte endra fleire gonger, sist i 2021. Barnehagane fekk i 1996 ein rammeplan for planlegging, gjennomføring og vurdering av barnehagen si verksemd, denne har også vorte revidert, sist i 2017. I 1970 gjekk 12711 barn i norske barnehagar, det vil seie 2,8 prosent av alle barn som kunne gå i barnehage. I starten av 1990-talet var talet auka til 35 prosent, vidare på midten av 90-talet var det auka til 60 prosent. I 2020 gjekk heile 97,3 prosent av alle barn frå 3 til 5 år i barnehagen.

<span class=" italic" data-lab-italic_desktop="italic">Ragnhild Omvik Bratseth, hovudtillitsvald kommunale barnehagar i Utdanningsforbundet Stord.</span>
Ragnhild Omvik Bratseth, hovudtillitsvald kommunale barnehagar i Utdanningsforbundet Stord.
<span class=" italic" data-lab-italic_desktop="italic">Andreas Sumstad Arne, kontaktperson barnehage i Utdanningsforbundet Stord. </span>
Andreas Sumstad Arne, kontaktperson barnehage i Utdanningsforbundet Stord.

I 1972 hadde førskulelæraren fire timar til for- og etterarbeid, knytt til det pedagogiske arbeidet og til fagleg ajourføring. Dagens barnehagelærar har framleis berre fire timar til det same arbeidet.

Korleis kan politikarar- og barnehageeigarar forsvare at det pedagogiske personalet i barnehagar, etter 50 år (!) framleis har den same tidsramma til å løyse oppgåver og krav som har vorte fleire og større?

Barnehagen har utvikla seg til ein sterk profesjonell pedagogisk institusjon dei siste tiåra- og ein har altså gått frå ein barneandel på 2,8 prosent i 1970 til 97,3 prosent i 2020. Skal barnehagen vere den faglege og profesjonelle pedagogiske aktøren den etter lov-og rammevilkåra seier den skal vere, lyt barnehagelærararen få tilstrekkeleg tid til å planleggje og vurdere jobben sin. Fire timar til dette arbeidet strekk ikkje til!

At ein i år markerer eit 50-års jubileum syner tydeleg at politikarar og arbeidsgivarar lyt ta eit ansvar!



Powered by Labrador CMS