KRONIKK
Innleggsforfattar Monica Gjelsten er høgskulelektor i språk og litteratur.
Foto: Getty Images / Privat
Du les – barna spring rundt. Kva gjer du då?
«Når vi justerer blikket vårt, kan vi oppdage at barna deltek langt meir enn vi først trur» skriv innleggsforfattaren.
- Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.
Du sit med ei bok i
fanget. To barn kjem bort og set seg tett inntil. Eit tredje går fram og
tilbake bak dykk. Eit fjerde kjem med ein leikekopp og prøver å «mate» hunden i
boka. Så byrjar eit barn å bla fort fram og tilbake, medan eit anna legg seg
over boka.
Du prøver å halde på
roen. Kanskje tenker du at dette ikkje fungerer. At barna ikkje klarer å
konsentrere seg. At dei ikkje «er med».
Men kva om dei faktisk er
det?
I arbeid med dei yngste
barna er det lett å tenke at lesing krev ro, fokus og felles merksemd. At barna
må sitje stille for å få noko ut av boka. Men i møte med eitt- til treåringar
ser lesing ofte heilt annleis ut.
Barna kjem og går. Dei
tek med seg ting frå leiken. Dei rører, blar, peikar, flyttar seg. Dei er ikkje
nødvendigvis stille – men dei er i aktivitet.
Kanskje er det nettopp
her vi må justere forventningane våre. For når små barn deltek i lesing, gjer
dei det ofte med heile kroppen. Dei prøver ut boka, testar ho, tek ho inn i
leiken sin. Det som kan sjå ut som uro, kan vere måtar å vere med på.
Det betyr ikkje at alt
fungerer av seg sjølv. Men det betyr at vi kanskje må stille eit anna spørsmål:
Ikkje «korleis får eg barna til å sitje stille?», men «korleis kan eg lese
saman med barn som er i rørsle?»
Kva kan dette bety i
praksis?
For det første kan det
vere nyttig å gi litt slepp på forventninga om ro. Når barna beveger
seg, betyr det ikkje nødvendigvis at dei har «mista tråden». Dei kan framleis vere med – berre på ein annan
måte enn vi er vane med å sjå etter.
For det andre kan vi
prøve å bruke det barna gjer aktivt inn i lesinga. Når eit barn kjem med ein
kopp eller ein spade, kan det vere ein inngang til å utvide forteljinga i
staden for å stoppe situasjonen. Når eit barn blar fram og tilbake, kan det
vere ein måte å utforske boka på.
For det tredje kan det
vere verdt å tenke på lesing som noko som skjer over tid – ikkje berre i den
eine planlagde lesestunda. Barna kjem og går, og det dei gjer med boka i korte
glimt, kan vere like viktig som det som skjer når alle sit samla.
Dette betyr ikkje at
struktur og ro ikkje har ein plass. Men det betyr at vi kanskje må ha eit
større tolkningsrom for kva deltaking i lesing kan vere hos dei yngste barna.
Når vi justerer blikket
vårt, kan vi oppdage at barna deltek langt meir enn vi først trur. Dei les
ikkje nødvendigvis slik vi forventar – men dei er likevel i ferd med å gjere
boka til sin.