DEBATT

Elin Førde er masterstudent i barnehagepedagogikk ved Oslo Met. Foto: Gettyimages/privat

Kor mange SKAL skal ein barnehagelærar tole?

"Kva skal barnehagelæraren med kompetanse om han ikkje har nok plantid til å implementere dei nye pålegga?"  spør masterstudent Elin Førde i denne kronikken om brotet i arbeidstidsforhandlingane mellom Utdanningsforbundet og KS.

Publisert

Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagar som er ei forskrift til lova, har jamleg blitt oppdatert sidan den første kom i 1975, utan at ein har gjort noko med plantida. Den nye Rammeplanen (2017) inneheld 100 nye SKAL, som er pålegg om kva barnehagelæraren skal gjere.

For å i det heile kunne levere kvalitet, er tid og kompetanse to viktige faktorar som avheng av kvarandre. Kva skal barnehagelæraren med kompetanse om han ikkje har nok plantid til å implementere dei nye pålegga? I ein sektor i stadig endring, kan ein ikkje la dette vere opp til den enkelte barnehagelærar.

Under NHO sin nylege årskonferanse sa økonomiprofessor Katrine Vellesen Løken ved Handelshøgskulen i Bergen at «skal ein hindre fråfallet i vidaregåande skule må ein satse på kvaliteten i barnehagane.» Den nye Rammeplanen er eit styringsdokument som skal sikre kvalitet, men slik det er i dag vert det kravd at ein implementerer den i det den ligg på bordet. Barnehagelæraren treng meir tid til å absorbere innhaldet, og til kritisk å drøfte og ta stilling til ulike diskursar og nye omgrep som gjerne kjem frå andre fagfelt, før den vert sett i verk, slik ein gjer etter revisjon av Kunnskapsløftet. Det vil frigjere tid til å heve kvaliteten i for- og etterarbeid.

Trass store samfunnsendringar i feltet dei siste 43 åra, har plantida på fire timar veka stått uendra. Det er alvorleg. I 1970 gjekk berre 2,3 % av alle barn i barnehage, i 2017- 98 % av alle barn over tre år. Barndomen har blitt institusjonalisert. Midt i stormen har dei få barnehagelærarane vi har i dette landet, stått som pålar i ver og vind.

Langs med at barn har fått rett til barnehageplass, ei storstilt utbygging av barnehagar, tilpassing av drift i store barnehagekompleks -og til eit stort inntog av eittåringar/barn under tre år, vert der samstundes kravd at barnehagane skal levere kvalitet. Dette er noko barnehagelærarane sjølve også er opptekne av. Men berre ein av tre vaksne i ei barnegruppe har utdanning. Dei siste førti åra har barnehagelæraren med sine marginale rammer gjort alt i si makt for å levere kvalitet og gjere brukarane tilfredse. Når skal ein gje barnehagelærarane eit godt fundament for å oppfylle dei krava dei vert pålagde?

Etter PISA-sjokket har barnehagane blitt utsett for det ein kallar «skulifisering», der ein freistar å snikinnføre læringsmål for kvart enkelt barn. Det særeigne ved den norske og nordiske barnehagetradisjonen er at den verdset leiken sin eigenverdi. Barnehagelærarane brukar i dag mykje tid og krefter på å verne om den. Leiken er ein del av vår «folkepedagogikk». Vi har vår oppfatning av korleis eit barn lærer og korleis ein lærar skal undervise barn (Tobin, 2009). Leiken er barns naturlege uttrykksform og gjer dei i stand til å etablere venskap og gode relasjonar til andre barn.

Barnehagen er første steg i utdanningsløpet, og det er med barnehagelæraren det heile startar.

Elin Førde

Barnehagen er første steg i utdanningsløpet, og det er med barnehagelæraren det heile startar. I framtidas barnehage må barnehagelærarane ha NOK plantid til refleksjon, kritisk lesing og til å oppdatere seg på nyare forsking. Ikkje berre for å kunne verne om kvalitet og kunne oppfylle lovkrav, men som fagfolk i det heile, må vi konstant vere i stand til å agere ut og vurdere ut frå eit pedagogisk skjønn. Så skal vi balansere alle SKAL i Rammeplanen, og «innfri alle løfter om tidleg innsats utan at det  blir tomme ord og festtalar» (Handal, 2018), er tida meir enn overmoden for å innfri krav om meir plantid.

Powered by Labrador CMS