DEBATT

«Eg vil ha ein «pilot-barnehage». Ein barnehage der dei tilsette rettleiar kvarandre i action, for å gjera livsreisa til våre passasjerar trygg,» skriv Anette Lauareid Hovda.

Å vera ein stor, sterk, klok og god pilot i barna sitt liv

«Våre passasjerar er morgondagens vaksne, og dei er heilt avhengig av at deira pilotar, deira omsorgspersonar, gjer reisa trygg, slik at dei møter livet med god bagasje i sekken,» skriv Anette Lauareid Hovda.

Publisert

Eg var på eit foredrag med Pål Roland for ei tid tilbake, der han snakka om viktigheita av å rettleie kvarandre i barnehagen. Han drog parallellar til pilotar, som har utallige timar i flysimulator, med rettleiing av ein røynd pilot ved sida. Rettleiing i «action».

Pilotar som fyk passasjerfly er i simulator to gonger i året, for å øve på alle scenario som kan oppstå. Det er svært få yrkesgrupper som blir testa i sine ferdigheiter, slik som pilotar.

For oss som er passasjerar, er dette med på å gjere reisa vår veldig trygg. Dei er og alltid to pilotar framme i cockpit. Dette for å doble sikkerheten, viss den eine piloten av ein eller annan grunn ikkje utfører arbeidet sitt godt nok.

Morgondagens vaksne

Eg kjenner at denne samanlikninga engasjerte meg. Eg vil ha ein «pilot-barnehage». Ein barnehage der dei tilsette rettleiar kvarandre i action, for å gjera livsreisa til våre passasjerar trygg.

Passasjerane våre er sjølvsagt barna. Dei er her og nå, men likevel på vei til resten av sitt liv. Våre passasjerar er morgondagens vaksne, og dei er heilt avhengig av at deira pilotar, deira omsorgspersonar gjer reisa trygg, slik at dei møter livet med god bagasje i sekken.

All den sårbarheten me som vaksne kjenner på, den oppstod for dei aller fleste i barndommen. På eit eller anna tidspunkt oppstod det eit sår, enten av foreldre eller av andre vaksne som naboar, tilsette i barnehage eller skule. Eller av venner.

Eit sår fører ofte til frustrasjonar og sinne. Og korleis blir barns frustrasjon og sinne møtt? Dei barna som opplever at deira frustrasjon og sinne blir møtt med korrigering, med avvisning eller med sinne tilbake, vil stenge desse kjenslene inne. Dei vil då få ei oppleving av å ikkje bli tålt, ei oppleving av å vera feil. Og når slike kjensler blir lukka inne, blir det svært vanskeleg å handtere desse når ein blir vaksen.

Rettleiing

Kva så med oss som arbeide i barnehagen? Når me opplever at andre vaksne har vanskar med å handtere barn sine negative kjensler, som for eksempel sinne. Vel me då å rettleie den vaksne i action, slik at han eller ho møter barnet på ein meir hensiktsmessig måte, eller unngår me det i frykt for korleis den vaksne vil reagera?

Mitt brennande ynskje er sjølvsagt det fyrste; at me rettleiar den andre vaksne. For dette handlar om den trygge livsreisa til barnet. Me ynskjer vel at barna vil ha «landa» trygt i barnehagen, før dei går vidare over til skulen og vidare til resten av sitt liv? Det tenker eg me alle er samde om, som har valgt barnehagen som vår yrkesveg.

Eg ynskjer ikkje ein barnehage med perfekte vaksne, men vaksne som byr på seg sjølv, som lærer av sine feil, som vågar å vera ærleg, og som er kjærleg i alle menneskemøte. Vaksne som har eit ikkje-dømmande menneskesyn. Først då blir det å gi og få rettleiing trygt.

Anette Lauareid Hovda, Småfolk Barnehage

Ansvarlege vaksne som tar ansvar for eigne kjensler

Når eit barn viser kjensler som for eksempel sinne, frustrasjon, frykt eller sorg, så ligg det ein årsak bak. Den er ikkje alltid lett for oss vaksne å forstå eller sjå, for dette kan vera eit sår som ligg tilbake i tid. Det er ikkje alltid slik at me treng forstå årsaka til at sinnet kom, for det barnet treng aller mest, er at det får lov til å få utløp for desse kjenslene, at dei har vaksne som er der i saman med dei, og som ikkje vil korrigere det med å vera sint tilbake.

Det er sjølvsagt heilt naturleg at det vil dukke opp ulike kjensler hjå oss vaksne i møte med barna. Det er naturleg å kjenne både på frustrasjon og sinne. Men det er så viktig at me er ansvarlege vaksne som tar ansvar for eigne kjensler, at me møter dei hensiktsmessig hjå oss sjølv, slik at me igjen kan møte barna på ein hensiktsmessig måte.

Det er ikkje barnet sitt ansvar at me som vaksne kjenner på frustrasjon og sinne. Akkurat det er vårt eige ansvar, og då treng me handtere det sjølv, og ikkje «lesse» det over på barna. Snakk med ein kollega om dei kjenslene som oppstår hjå deg sjølv. Ver ærleg og sei at du blir sint og frustrert i dei ulike situasjonane. Då tar du deg sjølv på alvor, og når du snakkar om det som er vanskeleg, så er det ofte mykje enklare å handtere det etterpå!

Velmeinte råd på veien

Det er umuleg å unngå at barna ikkje blir påført sår på eit eller anna tidspunkt. For det fins ikkje perfekte vaksne, kun vaksne som gjer så godt dei kan. Men det er ikkje alltid godt nok for barna.

Det som er muleg er å reparere desse såra, slik at dei ikkje får sette seg fast, og prege livet deira. Det er her den ansvarlege vaksne kjem inn. Den ansvarlege vaksne som barna treng i barnehagen. Den ansvarlege vaksne som møter barna på ein trygg og god måte, med ubetinga kjærleik, og som gir barna kjensle av å få til det dei vil.

Eg ynskjer ikkje ein barnehage med perfekte vaksne, men vaksne som byr på seg sjølv, som lærer av sine feil, som vågar å vera ærleg, og som er kjærleg i alle menneskemøte. Vaksne som har eit ikkje-dømmande menneskesyn. Først då blir det å gi og få rettleiing trygt.

Denne rettleiinga treng me alle frå tid til annan. Det eg ynskjer og treng då, er å bli møtt av ein kollega som vil meg vel, som ikkje dømmer meg for mine feil, men som gir meg nokre velmeinte råd på veien. På veien der eg er piloten i ein trygg og god barnehage.

Powered by Labrador CMS