"Det er me vaksne som treng begynne å snakke og behandle kvarandre med respekt," skriv dagleg lediar og medeigar Anette Lauareid Hovda i Småfolk barnehage i Etne. Foto: Privat/Stortinget
Debatt
"Det er me vaksne som treng begynne å snakke og behandle kvarandre med respekt," skriv dagleg lediar og medeigar Anette Lauareid Hovda i Småfolk barnehage i Etne. Foto: Privat/Stortinget (PETER MYDSKE)

Ei bønn til politikarane

"Korleis vil me klare å få bukt med mobbeproblematikken, når politikarane som styrer landet mobbar og krenkar på sosiale medier, på TV og i stortingssalen?" spør Anette Lauareid Hovda.

  • Debatt

I desse dagar er det artikkel på artikkel om pedagogtetthet og grunnbemanning. Barnehagar over heile landet deler sine kvardagslege utfordringar over å kome til kort med pedagogiske planar, oppfølging av barn, kontakt med foreldre, m.m.

Eg les artiklane med stor interresse, og kjenner meg audmjuk og glad for at det fins så mange engasjerte barnehagetilsette, barnehageleiarar og barnehagegrunderar her i landet. Barna våre fortjener dette engasjemanget. Dei treng vår stemme.

Håp om å bli høyrt

Desse artiklane er ein bønn til politikarane. Eg opplever at alle barnehagane har eit håp om å bli høyrt, forstått og møtt på våre behov for å kunne gi det viktigaste me har i dette samfunnet, nemleg barna våre, ein god, omsorgsfull, trygg og lærerik kvardag.

Eg kjenner meg trygg på at kvaliteten me leverer i vår barnehage er god. Med tilsette som verkeleg evnar å møte barna der dei er, tar dei på alvor og gir dei haugevis av kjærleik.

MEN eg skulle så gjerne gitt dei fleire hender, meir tid til planlegging, meir rom for viktige og gode relasjonelle møter med barna, foreldrene og kollegaene.

Ei anna bønn

Her kjem politikarane inn i biletet. Og det er politikarane som fekk meg til å starte dette innlegget. For dette innlegget vil i dag ha ei anna bønn enn god pedagog -og bemannigstetthet.

Min kvardag handlar i fyrste omgong å utvikle barna sin EQ (emosjonell intelligens). Difor har alle mine tilsette fått utdanning på området. Å møte barn og deira følelsar - gi dei ei oppleving av at alle følelsar er lov, er svært viktig for oss. La barna få oppleve at dei kan få til det dei vil, og at dei lærer å setje grenser for seg sjølv. Dei lærer å setje ord på kva dei treng og ikkje treng.. utan å krenke andre og seg sjølv. Fordi dei snakkar utifrå eigen ståstad.

Inkluderande barnehage

Etne kommune, der me driv vår private barnehage, er med på eit nasjonalt satsingsområde, "inkluderande barnehage- og skulemiljø", som har som hensikt å få ned mobbetala i barnehagar og skular.

Satsingsområdet er driven av UDIR. Statleg med andre ord. Og nå nærmar eg meg sakens kjerne her. For korleis vil me klare å få bukt med mobbeproblematikken, når politikarane som styrer landet mobbar og krenkar på sosiale medier, på TV og i stortingssalen?

Eg kjente veldig på dette i haust, under valgkampanjen. Eg syntes rett og slett at mange av debattane spora heilt av frå god politikk og over til harselering og dømming av motdebattant. Eg sat ofte igjen og lurte på kva meinar politikarane eigentleg om alle desse viktige sakene som rører seg i landet vårt?

Angrip kvarandre

Etter valget har det vore strødd litt rundt hist og her, med det eg opplever som dømmande menneskesyn av politikarar som har som hensikt å styre landet vårt, sjå til at våre små får ein trygg og god oppvekst.

Det er me vaksne som treng begynne å snakke og behandle kvarandre med respekt. For barna speglar oss! Dagens barn er morgondagens vaksne, som vil styre landet vårt. La oss gi dei ein god bagasje!

Anette Lauareid Hovda

Dei siste dagane har dette eskalert! Frå Listhaugs facebookinnlegg, til Støres motangrep. For ja, det er det dei held på med; dei angrip kvarandre. Dei gjer akkurat motsett av det som Kongen i sin nyttårstale sa; "For tenk hva det kunne bety om vi bare bestemte oss for at i Norge skal vi ikke mobbe hverandre!"

Ja tenk kva det kunne bety!! Me har ein svært klok konge, synest eg. Og me har kloke politikarar. Så her kjem ei bønn frå meg; kjære Listhaug, Støre og alle de andre i regjering og opposisjon; bruk klokskapen dykkar på viktige saker, bruk engasjemanget med å snakke utifrå dykk sjølv i staden for å framheve sakene dykkar med å snakke negativt om motparten.

Treng dykk på laget

Eg treng dykk så sårt på laget her eg sit i barnehagen min med dei fantastiske Småfolka mine, til å stoppe mobbinga som skjer i samfunnet, å snu det til vennskap og eit ikkje-dømmande menneskesyn. Det er me vaksne som treng begynne å snakke og behandle kvarandre med respekt. For barna speglar oss! Dagens barn er morgondagens vaksne, som vil styre landet vårt. La oss gi dei ein god bagasje!

Ja, tenk på kva det kan bety om me berre bestemme oss for å vera gode med kvarandre?
Anette Lauareid, dagleg leiar og medeigar av Småfolk barnehage i Etne

Debatt

Til toppen