DEBATT
Solveig Furre i Utdanningsforbundet Vestland tek bladet frå munnen.
Foto: Getty Images / privat
No er eg steike forbanna!
Min gamle fotballtrenar sa alltid: - vert forbanna, Solfrid, vert forbanna! Og no blei eg det, skikkeleg forbanna!
- Dette er et innsendt bidrag, og gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Vil du delta i debatten? Send gjerne inn innlegg hit.
Heilt sidan 2014 har kampen om ein rettferdig pensjon
prega den private delen av barnehagesektoren. Når vi endeleg har landa både ein
Hybridpensjon som bransjestandard og livsvarig AFP-ordning, så klarar du, Kari Nessa Nordtun, og di
regjering, det meisterstykket å kaste den evigrullande pensjonsballen opp i lufta
på nytt. No får det steike meg vere nok!
Kvar einaste dag spring tilsette i barnehagane
rævva av seg for å gje det beste tilbodet til barna, som er mogleg å gje, med
dei dårlegare rammene vi har. Det er slettes ikkje alltid vi har tid til å ta
pause for å ete lunsjen vår, eller gå på toalettet når vi faktisk har behov for
det. Vi knip igjen, både på eine og andre måten. Det er søren ikkje rart vi får
både blærekatarr og andre typar katarr. Det einaste vi ikkje får er munndiaré,
for stort sett held vi godt kjeft, uansett kva situasjon vi står i. Vi gjer
jobben vår og gir det vi har for at det offentlege skal kunne tilby gode
barnehagar til alle barn i dette landet. Vi jobbar oss
helselause og mange klarar aldri å stå i yrket til dei når pensjonsalder.
Er det då for mykje å be om at regjeringa spyttar
i dei ekstra kronene det vil koste å dekke dei faktiske utgiftene barnehagane
har til pensjon? Eg synes faktisk ikkje det.
Lat oss sleppe fleire rundar som handlar om
pensjonsvilkåra våre. Lat oss sleppe uføreseielege arbeidsvilkår.
Dette er ikkje ei sak mellom partane i arbeidslivet.
Dette er ei sak som bør, og lett kan, løysast politisk.
Kostnaden for regjeringa er lav.
Kostnaden i budsjettet er lav.
Kostnaden for budsjettkameratane er lav.
Kostnaden for kvar og ein av oss som jobbar i private
barnehagar kan dessverre fort bli alt for høg.
Min gamle fotballtrenar sa alltid: - vert forbanna,
Solfrid, vert forbanna! Og no blei eg det, skikkeleg forbanna!
Det er på tide å rydde opp og gje handling til
Stortingsvedtaket!