Frist: 2. feb.

Pedagogisk leiarar

Barnehagelærar med kjærleik for barn, dyr og natur?

Vi har to stillingar ledig for pedagogisk leiarar i Plassebakken barnehage lokalisert på naturskjønne Skodje. Den eine stillinga er ei 100% fast stilling med oppstart 01.04.2020. Den andre stillinga er eitt års vikariat i 100% stilling i perioden 15.08.2020-15.08.2021. 

Plassebakken barnehage har fire avdelingar i eit romsleg barnehagebygg, dyrehus med fleire dyr, grillhytter og gapahuk. Barnehagen held natur- og friluftsliv som ein viktig arena for læring, der ein jobbar med å legge fundamentet for at barna blir gode forvaltarar og brukarar av naturen. Barnehagen har, i tillegg til ein tydeleg naturprofil, dyrehald der barna er med på dagleg stell av dyra og får oppleve gleda av nærleiken og samspelet med dyra.

Som Plassebakken Barnehage sin nye pedagogisk leiar ønsker dei at du:

  • har barnehagelærarutdanning 
  • er glad i natur- og friluftsliv 
  • trivast i lag med tobeinte så vel som firebeinte store og små krabatar
  • likar å utfalde deg kreativt og tenker utanfor boksen
  • setter pris på spontane krumspring og har ein porsjon galskap innanbords
  • er relasjonsorientert og opptrer respektfullt, profesjonelt og anerkjennande

Kjenner du deg igjen i dette og har i tillegg eit sterkt fagleg fokus med ønske om å skape ein utfordrande, lærerik og trygg kvardag for deira barnehagebarn? 

Då er det DEG vi er på jakt etter!

Hos Plassebakken Barnehage får du ein arbeidsplass med stor takhøgde plassert midt i smørauget for ein som set pris på flott Sunnmørsnatur, kjekke og forfriskande kolleger som heier på deg, og eit aktivt og sterkt fagmiljø! 

Meir informasjon om barnehagen finn du på: www.plassebakken.no

For spørsmål om stillinga ta kontakt med Manpower sin representant. 

Gå til søknadsskjema
Til toppen