Frist: 1. okt.

Pedagogisk leder - fast 100 % stilling

Frå dei yngste til dei eldste i barnehagen – på tur på skogsvegar eller til topps på Frostadtinden – det høgste fjellet i Skodje kommune – alle barna i Plassebakken Barnehage får fine erfaringar med natur og friluftsliv.

Barna i Plassebakken Barnehage er heldige med uteområdet. Vi har god plass, naturlege utfordringar med kuppert terreng og varierte leikeapparat som gir utfordringar for ulike alder­strinn. Om ein ikkje klarer å klatre opp ein stad der dei eldre barna får til, blir det noko å strekke seg etter. Det blir stas å kunne meistre det til slutt – noko som er viktig for mental helse og sjølvbilete.

Leikeplassen vart totalrenovert i 2017. Vi har eit uteområde med leikeapparat beståande av tøm­mer og tau fordelt på eit «småbarnsområde» og eit «storbarnsområde» som er tilpassa ulike alderstrinn og utviklingsnivå, slik at alle barn får utfordringar i tråd med eiga modning. 

Viktig for oss er også området ved grillhyttene og skogsom­råda rundt som naturleg progresjon i utelivet. Naturen har ei utfordring for alle og serverar eit mangfald av moglegheiter. Utfordringane barna får, gjer at motoriske ferdigheiter blir styrka. Talet på konflikter blant barna og stressnivå vert kraftig redusert for både barn og vaksne når ein er ute i naturen.

Kontakt med dyr i eige, nybygd dyrehus

Vi meiner at kontakt med dyr er ein unik læringsarena for barna i alle aldersgrupper. Dyra våre er ikkje til matproduksjon, eller slakting, men det handlar om ein innfallsvinkel til korleis utvikle sosial kompetanse, sjølvkjensle og sjølvbilete for einskildbarnet.
I tillegg gjev kontakt med dyr ei kjensle av å meistre, kreativitet, spørje- og vitelyst. Vi erfarer at barn vert tiltrekte dyra, og at dei gler seg over nærleiken og samspelet med dyra. Forsking hevdar at når eit menneske har fysisk kontakt med dyr, vert det utløyst positive endorfinar i kroppen som gjer at vi kjenner velvære. Vi erfarer at dyr appellerar til kjenslene våre. Barn som omgås dyr lærer å vise kjensler, spesielt omsorg, empati og respekt. Dei lærer empati ved erkjenning om at dyra óg har kjensler å ta omsyn til.

Dyrehaldet er for Plassebakken Barnehage ein arena for heilskapleg læring – for livet, av livet.

Send søknad på e-post
Til toppen