Barnehagestyrer

Stillingen har utgått.

Søk etter jobber.

Ledig stilling som styrer frå 19.11.18 i

Barnas Barnehage Kløvheim
 
TRYGGLEIK - OMSORG - GLEDE
 

Barnas Barnehage Kløvheim held til på Kløve, som einaste barnehage i Kløvheim skulekrins. Me leige lokale hjå Kløvheim Bedehus, og disponerer ca. 137 m2. 

Barnehagen har barn i alderen 1-6 år og vi delar barna inn i grupper, Kløvhesten, Kløve og Fløyen. Kor mange barn som er på kvar gruppe vil variera ut i frå kva barnegruppe me har. Me bruker skjønn når me fordeler gruppene, slik at alle får vera på den gruppa dei er best tent med, uavhengig av alder.

Elles så er barnehagen så heldig at den ligg i eit flott naturområde, med skog og mark på alle kantar. I tillegg til naturen har me skulen som næraste nabo, og nærbutikken gangavstand.

I Barnas Barnehage Kløvheim brenn vi for og gje kvart enkelt barn den beste sosiale og språkeleg utviklinga, og det gjer vi gjennom målretta og strategisk arbeid med DUÅ programmet der fokuset er å vera den gode vaksne for barnet. Leiken og rutinesituasjonar nyttar vi som eit verktøy for å fremme sosiale og språklege eigenskaper hos barna. Tryggleik, omsorg og glede er verdiar som skal gjennomsyra kvardagen vår, både for barn, foreldre og tilsette.

Opningstida er 7.00-17.00, og vi held open 5 dagar i veka. 

 
No ynskjer vi deg med på laget vårt,
og har ledig stilling som styrer (100%) i
Barnas Barnehage Kløvheim frå 19.11.18
 
Vi søkjer deg som:

Viser fagleg styrke og ambisjonar, og hjarte for det du driv med

Er bevist di rolle som leiar, og rollemodell for store og små

Er målretta og strukturert med gode samarbeidsevner

Tek ansvar for å leia utviklingsprosessar i personalgruppa, slik at barnehagen kan gje eit kvalitativt godt tilbod til kvart barn

Føl relevant lovverk med forskrift, som regulera heile barnehagens verksemd

Vi kan tilby:

Medverking til drift og utvikling av barnehagen

Personalansvar

Moglegheit for fagleg utvikling

Opplæring innan DUÅ programmet

Lønn og pensjon etter PBL tariff

For nærare opplysningar kontakt Charlotte Grimstad tlf. 91345461

Søknad sendas til hundvin@barnasbhg.no innan 12.10.18

Send søknad på e-post
Til toppen